Sist oppdatert: 21.05.2012 kl. 13:12
ung.no/lovbrudd
Dr. help:Jeg synest at du ikke bare skal tenke på at du skal til sengs med jenta, men at du kan prøve å bli sammen med hun først. Da lærer du mere om denne personen, og hva hun er klar for. Kansje dere kan sta...
Skriv ut Tips en venn0

Gåvekort og byterett


Veit du kva for rettar du har med gåvekorta du får eller kva du kan krevje om du vil byte ei gåve? Forbrukarombodet gir deg tipsa du treng.



Vote:
Quiz:
  • Be alltid om bytekort!
  • Sjå alltid etter om gåvekortet har nokre avgrensingar.
  • Spør seljaren om gåvekortet kan nyttast på salsvarer eller ikkje.
ung.no - offentlig og kvalitetssikret
Det finst ingen lovfesta rettar når det gjeld gåvekort og byte av varer. Her er nokre tips for å unngå krangling i butikkane etter jul.

Gåvekort

Det er mange grunnar til å gje gåvekort til jul, mellom anna at mottakaren får bestemme sjølv kva han vil ha, og at man kan få meir for pengane i romjulssalet. Kan butikken bestemme at gåvekort ikkje gjeld på salsvarer?

  • Vi har ingen lovreglar om gåvekort.
  • Sjå alltid etter om gåvekortet har nokre avgrensingar. Til dømes er det berre gyldig i ein kort periode eller gjeld ikkje for alle varer i butikken.
  • Spør seljaren om gåvekortet kan nyttast på salsvarer eller ikkje.
  • Gåvekorta er gyldige i 3 år om ikkje anna er sagt.
  • Om ein ikkje handlar for heile summen på kortet kan ein vanlegvis ikkje få kontantar tilbake, men ein tilgodelapp.
  • Les alt med lita skrift på gåvekortet!

Å byte varer

Ein treffer ikkje alltid like godt med gåvene. Nokre gonger er buksa for stor eller genseren har feil farge. Kva rettar har ein eigentleg til å byte julegåver? Vi har ingen lovbestemt byterett, men mange forretningar tilbyr ei byteordning. Dei kan bestemme vilkåra for byteretten sjølv.

  • Det er alltid lurt å be om bytekort, passe på kvitteringa og kontakte butikken så snart som mogeleg.
  • Vara må vere ubrukt og utan skadar - i nokre tilfelle får du ikkje byte vara dersom du har brote emballasjen.
  • Hygieniske artiklar, kroppsnære klede, særleg ømfintlege varer eller varer som tapar seg raskt i verdi får ein ofte ikkje byte. Avtal difor særskilt med seljaren når du kjøper slike gåver.
  • Dersom det er noko i vegen med vara kan du krevje ny vare eller reparasjon. I nokre tilfelle kan du ha krav på avslag i prisen, heving av kjøpet eller skadebot.
  • I hovudsak kan ein berre krevje å få byte i same butikk eller kjede og til ein anna vare.
  • Oftast må ein seljar godta at du byter til ein dyrare vare dersom du betaler mellomlegget.
  • Du kan ikkje krevje å få pengar tilbake dersom vara du byter til er vesentleg billigare enn den du hadde - men du kan krevje ein tilgodelapp som er gyldig i tre år om ikkje anna er sagt.
  • Kjøper du vara utafor fast utsalsstad (mellom anna dørsal, messe, postordre, Internett), gjeld angrerettlova. Du har da 14 dagar angrerett. Sjå tips for trygg julehandel på Internett.


Kilde: Forbrukerombudet

Les også

Når kan du bytte?

går videre Du kjøpte en bukse for et par dager sider, men vil egentlig ikke ha den. Kan du bytte den?
 




Tilleggskommentarer fra brukere

Her kan du kommentere artikkelen.


Legg inn en melding!

Ditt kallenavn
Din kommentar (HTML-tagger fjernes)
 

Ukens tema

Råd om hvordan takle det store fokuset på rettssaken etter 22. juli: ung.no/22juli

Still oss et spørsmål











Føler du treningspress?

jente løper (www.colourbox.com)
Hvorfor trener DU?







 

Rettssaken etter 22. juli

Jente biter negler (colourbox.com)Hvordan håndtere det store fokuset på alle sider av terrorsaken mens rettssaken pågår?

Psykolog Atle Dyregrov (Senter for Krisepsykologi) gir deg noen råd i denne artikkelen.
 

Spiseforstyrrelser og følelser

Måler lår (colourbox.com)Fire av ti 14–15-åringer synes de er for tykke selv når de er normalvektige, og mange tenker på å slanke seg uten at det er behov for det. Andelen øker oppover i tenårene. Slanking, vektkontroll og uheldige matvaner øker risikoen for å utvikle spiseforstyrrelser.
 

Hjelp! Det er nakenbilder av meg på nettet

Vett på nett (colourbocx.com)Jente 14: "Nakenbilder av meg spres på nettet. Hva kan jeg gjøre?" Her finner du konkrete tips til hvordan du får fjernet bilder på andre nettsider.
 
RSS