Øvingskjøring lett og tung motorsykkel
Berre dei som har gjennomført trafikalt grunnkurs har lov å øvingskjøre. Kurset gjer grunnleggjande forståing for trafikk og er utgangspunkt for vidare opplæring. Aldersgrensa for å ta kurset er 15 år.
Øvingskjøring må ikkje vere til fare eller unødig ulempe for annan trafikk!
Har du alt førerett i ei anna klasse kan du øvingskjøre i klasse A eller A1 utan å ta trafikalt grunnkurs. NB! Har du førerett i klasse M 146, S eller T må du likevel ta mørkekjøring og førstehjelp før du kan gå opp til førarprøve!
Aldersgrensa for å øvingskjøyre er 15 for klasse A1 (lett motorsykkel). Du som skal øvingskjøre i klasse A (motorsykkel) må vere 16 år. Du har ikkje lov å øvingskjøre dersom politiet har gjeve deg sperrefrist for førarkort.
Les mer på øvelseskjøring på lett- (A1) eller tung (A) motorsykkel på www.vegvesen.no


Kommentarer fra brukere Kommentarer