Øvingskøyring for personbil (klasse B)
Den som har gjennomført trinn 1 (trafikalt grunnkurs) har lov å øvingskøyre. Aldersgrensa for å ta kurset er 15 år, men du som skal øvingskøyre i klasse B må være 16 år.
Ikkje alle kan være ledsager for deg om du skal øvingskøyre
Vegtrafikklova §26: Det er viktig å øvingskøyre mykje før du tek "lappen". Den som er med deg må være fylt 25 år og ha hatt førerett for bil utan avbrot minst dei siste 5 åra. Det er den som er med deg, som er ansvarleg for køyringa, men du som øvingskøyrer har også ansvar. NB! Den som er med deg og øvingskøyrer privat, kan ikkje ta betaling, det er det berre trafikklæraren som kan gjere.
Statistikken viser at høg ulykkesrisiko i stor grad heng saman med lite køyreerfaring. For å redusere ulykkesrisikoen er det derfor viktig å køyre mykje før førarprøva. Du får meir att for opplæringa på trafikkskulen om du på same tid øver privat. I tillegg får du mykje nyttig erfaring.
Berre den som har gjennomført trinn 1 - trafikalt grunnkurs har lov å øvingskøyre. Dette kurset skal gje grunnleggjande forståing for trafikk og være utgangspunkt for vidare opplæring. Aldersgrensa for å ta kurset er 15 år. Tek du kurset i den offentlege skulen, kan du ta det i 10. klasse, sjølv om du ikkje har fylt 15 år.
Har du alt førerett i ei anna klasse, kan du øvingskøyre i klasse B utan å ta trafikalt grunnkurs. NB! Har du førerett i klasse M 146, S og T må du likevel ta mørkekøyring og førstehjelp før du kan gå opp til førarprøve! (Førerett i klasse M 145 gjev ikkje rett til øvingskøyring utan at du har trafikalt grunnkurs!)
Du som skal øvingskøyre i klasse B må være 16 år. Du har ikkje lov å øvingskøyre dersom politiet har gjeve deg sperrefrist for førarkort.
Når du øvingskøyrer må du alltid ha med deg bevis for fullført trafikalt grunnkurs og legitimasjon med bilete, eventuelt førarkort eller mopedførarbevis. (Førerett i klasse M 145 gjev ikkje rett til å øvingskøyre utan at du har trafikalt grunnkurs!)
Bilen må være merka bak med ein godt synleg raud L på kvit bakgrunn når du øvingskøyrer. Du finn slik L som du kan laste ned her. Bilen må ha ekstra spegel som gjev den som er med deg, tilstrekkeleg utsikt bakover.
Øvingsområdet må veljast etter kor langt du er komen i opplæringa. Unngå øving i tett trafikk og høg fart før du er god nok til å følgje trafikkrytmen. Du har ikkje lov til å øvingskøyre i utlandet. På avsperra område eller øvingsbane er det lov å øvingskøyre når den som er med deg har visuell kontakt og kan instruere deg.
NB! Opplæring mot vederlag
Det blir rekna som opplæring mot vederlag når den som sit ved sida av får betaling for opplæringa, same kven det er som betaler. Det er viktig å merke seg dette, ettersom det blir stilt meir omfattande krav til køyretøy, lærar osb. når opplæringa skjer mot vederlag.
God tur og køyr pent!
Kjelde: Statens vegvesen.


Legg inn en melding!
Obs! Ung.no svarer IKKE på spørsmål i kommentarfeltet. Send inn spørsmål på ung.no/oss