Sist oppdatert: 23.05.2012 kl. 15:43
ung.no/lovbrudd
Nora:Umad betyr you mad, altså er du sur?
Skriv ut Tips en venn0

Analyse av en novelle


Kram snøLa oss sjå på ei novelle som er skriven av forfattaren Rune Belsvik, frå boka Kram snø av same forfattar, Cappelen forlag, 1981

ung.no - offentlig og kvalitetssikret
Kram snø
Som ei uinntakeleg borg reiser jenteinternatet seg dimt og løyndomsfullt mot kveldshimmelen. Nokre vindu smågløttar taust ut mot guteflokken. Internatet pustar jentepust. Jentekroppane i sengene. Nakne bryst under dynene. Berre eit kast unna.

Gutane er ein mørk klump av kviskring og spenning. Snøgge avgjerdsler og køyvd lått. Prikkande gutenevar i kram snø.
Drivne av kjønn og uvite vert nevane stukne i snøfonnene. Pressar sammen harde ballar, med hjarto hoggande ut i stilla. Schwisjj!
Augene følgjer den kvite klumpen. Eit kast mot lagnaden.
Eit blautt klask, og vona vert knust mot kveldsvart betong. Likevel ei venting i guteflokken. Kanhende internatet sprekk. Veggene vil falle. Og natta vert brått full av nakne jentekroppar.
Stilla legg seg att.
Gutane pustar ut. Pakkar nye ballar.
Schwishjj!
Inn eit ope vindu. EI BOMBE I TEMPELET. Dei held seg for øyrene i vente på ein eksplosjon. Kvelden dirrar. Skjelv.
Stille att.
Og ballane byrjar verte mange. Kvite, krafsande mot den urørlege betongkroppen.
-Fa'en te kvinnfolk!
Då, brått, kjem vaktmeisteren overraskande på dei.

Denne novella er svært kort, og knapp i forma. Avsnitta er mange, og rytmen opphakka. Vi møter inga innleiing som fører oss inn i miljø og situasjon. Opninga er ei skildring av kjenslene hos gutane, korleis dei opplever jenteinternatet. Vi får inga forklaring på kven gutane er; det er overlatt til lesarens meddikting å finne ut av. Personane i teksta er gutane og jentene i internatet. Jentene møter vi ikkje på scenen sjølve, men gjennom gutane sine kjensler for dei. Poenget, temaet, i teksta er korleis unge gutar i flokk kan oppleve å lengte etter det uoppnåelege andre kjønn. Gutane er styrte av drifter som dei ikkje kontrollerer sjølve. Spenninga får vi gjennom den ikkje ufarlege snøballkastinga gjennom vindauge i internatet. Da ikkje noko skrekkeleg skjer, utfører gutane handlinga på nytt. Og faren aukar, ei bombe i tempelet. - Men bomba smell ikkje, forventninga vert ikkje innfridd. Fa'en te kvinnfolk! "Konflikten" vert altså ikkje løyst slik hovudpersonane hadde ønskt.

Forteljaren

Forteljaren hadde sjølvsagt kunna lagt inn ei anna løysing, der ei av jentene kom ut, vart råka av ein snøball, skadd og var blitt heltinne. Det ville i så fall bli innfridde forventningar, og ein "søt" slutt der gutane fekk utløysing for driftene sine ved å få makt over jentene. Men så enkelt er det ikkje alltid i livet; mange kjensler og voner forblir innestengde. Slik sett er det ei livsnær løysing på konflikten. - Slutten på teksta er at vaktmeisteren kjem utanfrå og kuttar av heile handlinga. Situasjonen opphøyrer.

Kven som ser

Synsvinkelen er hos gutane: dei. Lesaren ser jentene gjennom augene til gutane. Forteljaren - eller den som skriv - er usynleg i teksta, men sit bak det heile med full styring på det som skjer. Forteljaren seier på tre stader i teksta at det er stilt. Dette oppattaket gjer stemninga meir intens. Dessutan vert det sett opp imot dei lydane som snøballane skaper: Schwisjj! Dermed får vi ein motsetnad, noko som også er med på å byggje opp engasjementet.

Korte setningar

Setningane er gjennomgåande korte, snaue. Her får vi opplevingar (konstateringar, ikkje søte kjensler), ikkje forklaringar (ingen fordi, slik at, på grunn av at)! Mange uttrykk er ikkje forma som setningar, men dei vert likevel avslutta med punktum: Jentekroppane i sengene. Nakne bryst under dynene. Berre eit kast unna. og Stille att. Når det nøkterne setningspreget forsvinn, og fleire nødvendige setningsdelar manglar, står vi att med kjenslene, og intensiteten aukar gjennom det.

Forteljargrep

Første avsnittet er ei skildring av korleis gutane opplever internatet. I resten av teksta får vi referat av handling og skildring tydeleg farga av forteljarens briller. Forteljaren ser noko gutane sjølve ikkje ser: Gutane er ein mørk klump av kviskring og spenning. Snøgge avgjerdsler og køyvd lått. Dette er sett av ein annan enn gutane, forteljaren. Når teksta seier at Augene følgjer den kvite klumpen. Eit kast mot lagnaden, er det og eit forteljargrep. Det er ikkje gutane, men forteljaren, som kallar det eit kast mot lagnaden. Dermed er forteljaren til stades, men han står ikkje ope fram i teksta.

Enkel handling

Handlinga i novella er svært enkel: Gutane kastar snøball mot huset, og dei følgjer snøballane med augene. Snøballane treffer betongen med blaute klask, deretter vert det heilt stilt, før handlinga gjentar seg, og det vert mange ballar av det. Handlinga vert avkutta ved at vaktmeisteren dukkar opp og set slutt for aktiviteten.

Flettar inn tankar og kjensler

Vi har éin einaste replikk: Fa'en te kvinnfolk! Forteljarens karakterisering av kjensler og handling får vi mykje av: Når han skriv at Stilla legg seg att, gir uttrykket ein annan verknad enn om han skreiv "Det vart stilt att". Forteljarens uttrykk verkar atskillig sterkare: Stilla kom som eit teppe og la seg over situasjonen. Uttrykka Inn eit ope vindu. EI BOMBE I TEMPELET. Dei held seg for øyrene i vente på ein eksplosjon. Kvelden dirrar. Skjelv er forteljarens omskriving av handling (snøballen går inn eit ope vindauge, og gutane held seg for øyrene) og tankar (ei bombe i templet, i vente på ein eksplosjon, kvelden som dirrar). Forteljaren flettar tankar og kjensler hos hovudpersonane inn i si framstilling av den konkrete handlinga. Dermed får vi ikkje noka nøktern, sakleg handling, men intense kjensler i hovudpersonane - som reaksjon på det som skjer på det konkrete planet.






Tilleggskommentarer fra brukere

Her kan du kommentere artikkelen.

10.06.2009 18:03
mordi
google translate? haehaeh naabs

16.12.2008 21:09
nini
Når man trykker på "diskusjon" så er det mange komentarer om juletider og sånn, hvor er disse blitt av? ; O
(red: kommentarene om julen er stort sett knyttet opp mot voten: Hva er dine forventninger til jul www.ung.no/vote)

18.11.2008 16:36
red
Fordi Rune Belsvik er en forfatter som skriver på nynorsk. Hvorfor skal alt være på bokmål?

24.10.2008 10:42
Sano
Bokmål ???

06.01.2008 17:57
iso
hvorfor er ikke dette på bokmål


Legg inn en melding!

Ditt kallenavn
Din kommentar (HTML-tagger fjernes)
 

Ukens tema

Råd om hvordan takle det store fokuset på rettssaken etter 22. juli: ung.no/22juli

Still oss et spørsmål











Soltips

SolbrillerTa vare på huden din, den skal du ha leeenge. Det kan være fristende å være mye ute i solen, husk bare:
- begynn solingen forsiktig
- beskytt deg
- ta pauser fra sola og
- bruk solbriller
 

Svarer du på SMS/telefon fra foreldrene dine?

mobil (colourbox.com)






 

Føler du treningspress?

jente løper (www.colourbox.com)
Hvorfor trener DU?







 

Rettssaken etter 22. juli

Jente biter negler (colourbox.com)Hvordan håndtere det store fokuset på alle sider av terrorsaken mens rettssaken pågår?

Psykolog Atle Dyregrov (Senter for Krisepsykologi) gir deg noen råd i denne artikkelen.
 
RSS