Stortinget er den lovgivande og løyvande makta i Noreg. Det vil seie at det er Stortinget som vedtek lover og bestemmer kor mykje pengar staten skal bruke. Kvart år like før jul vedtek Stortinget statsbudsjettet for året etter.
Stortinget har også kontroll over den utøvande makta (regjeringa). Det inneber at regjeringa er ansvarleg overfor Stortinget.
Under seg har Stortinget to viktige kontrollorgan, Riksrevisjonen og Sivilombodsmannen.
Sametinget
Sametinget er ei folkevald forsamling som skal jobbe for å styrkje den politiske stillinga til samane og gjere det dei kan for å få til ei rettferdig behandling av det samiske folket i Noreg. Ein av grunnane til at Sametinget kom i stand, var at samane er ganske få og ikkje når fram i vanlege demokratiske organ der ein tel stemmer.
(05/10/2005)
Les mer om
Relaterte emner
Eksterne nettjenester