I Noreg er det førehandskontroll av offentleg framsyning av filmar med aldersgrense opp til 18 år. Filmsensur for voksne er oppheva.
Stortinget har endra Grunnlovens § 100, difor har Filmtilsynet endra sin praksis. Det er ikkje lengre obligatorisk førhandskontroll av alle filmar i Norge. Men filmer som skal vises for personer under 18 år, skal aldersklassifiserast.
Aldersgrenser
Statens Filmtilsyn set aldersgrenser i tråd med lov om film og videogram. Loven sei at aldersvurderingar skal leggja vekt på om filmen kan "påverke sinn eller rettsomgrep på ein skadeleg måte".
Aldersgrensene er eit uttrykk for at filmen inneheld scenar som kan verka skremmande på barn under grensa. Difor er aldersgrensene eit uttrykk for ønske om vern og ikkje for om ein film er eigna i tydinga; til glede for barn og unge.
Aldersgrenseskalaen har følgjande inndeling:
tillaten for alle
7 år (barn ned til 4 år i følgje med føresette)
11 år (barn ned til 8 år i følgje med føresette)
15 år (unge ned til 12 år i følgje med føresette)
18 år (absolutt nedre grense)
Vanskelig
Det å setja aldersgrenser kan til tider vera vanskeleg, fordi spekteret av film som finst innanfor kvar einskild aldersgrense, er svært stort. Som hovudregel er vi nøydde til å setja filmen inn i ein heilskapleg samanheng før han kan vurderast. Det er ikkje meiningsfullt berre å telja kor mange gonger nokon blir slegne ned, eller valdshandlingar generelt.
Tillaten for alle
Det er ikkje berre barnefilmar som får merkelappen tillaten for alle. Dersom det ikkje er noko som kan skremma dei minste i filmen, vil han få kategoriseringa tillaten for alle (A). Likevel kan det tenkjast at små barn ikkje vil forstå handlinga, men vi føreset at dei ikkje vil bli skremde av henne. I slike tilfelle vil filmen få kategoriseringa eigna for: ungdom/vaksen eller eigna for: vaksen (sjå over under: Er filmen eigna?). Eksempel på typiske "tillaten for alle"-filmar er den danske "Ørkenens juvel" og "Flyvende farmor" (2001, begge vurdert eigna for barn).
7 år
Ei 7-årsgrense på film blir gjeven fordi vi meiner filmen kan verka skremmande for dei aller minste. 7-årsfilmar kan t.d. ha lange mørke sekvensar. Det kan vera ein dramatisk lyd- og effektbruk eller vi kan sjå at hovudpersonane blir utsette for psykisk eller fysisk fare. Eit døme på ein slik film er "Shrek", der dragen først er skummel for dei minste (2001: vurdert eigna for familie). Andre faktorar som speler inn når vi set ein film opp til 7 år, kan vera kjensleutbrot som kan verka uforståelege for dei aller minste. Vi legg også vekt på den gjennomgåande stemninga i filmen. At ein film får 7 eller 11 år treng ikkje utan vidare tyda at det er ein film som er spesielt eigna for desse aldersgruppene.
11 år
11-årsgrensa er ei ungdomsgrense. I ein 11-årsfilm kan vi godta valdshandlingar i bestemte samanhengar. Det viktige er at valdshandlinga er sett inn i ein forståeleg samanheng. Vidare kan 11-årsfilmar innehalda valdshandlingar som går inn i ein urealistisk samanheng, slik som slap-stick, fantastiske innslag og andre overdrivingar. Valdshandlingar kan også aksepterast dersom dei er element i filmar som er baserte på velkjende historier, bøker, teikneseriar eller der handlinga har ein klår avstand i tid og rom. Distributøren klipte ned ei sterk valdsscene i "The Mask of Zorro" (1998) for å oppnå 11-årsgrense. Tema som kan vera problematiske for 11-åringar er: dommedagsproblematikk, katastrofar, overgrep av ulik art, eller ei gjennomgripande truande og dyster stemning. Problemstillingar som høyrer til i vaksenverda kan vera med på å heva aldersgrensa opp til 15 år. Drap og mishandlingar, som finst i mange filmar, høyrer tradisjonelt heime i 15-årsfilmen.
15 år
Vi reknar 15-åringen som ein vaksen kinosjåar på den måten at han eller ho har god innsikt i verkemidla til filmen, og har referansar til andre filmar. I 15-årsfilmar kan det visast realistiske skildringar av vald og sex. Eksempel på filmar med 15-årsgrense er "Baby Boy" og "The Score" (2001). Sjølv om heltane og skurkane blir utsette for psykisk terror eller til dels grove valdshandlingar, føreset vi at dei fleste 15-åringar opplever dette som fiksjon. Ein del filmar i dag kan verka svært valdelege samanlikna med filmar tilbake i tid. Men vi ser også at dei fleste unge i dag veks opp med ei anna og ofte breiare filmerfaring enn det ein gjorde i tidlegare generasjonar.
Sjølv om filmen har eit fantastisk preg, kan einskilde tema, som det å bli forlaten av dei føresette ("A.I. Kunstig intelligens", 2001) heva grensa til 15 år.
18 år
18-årsgrensa blir brukt for å markera at vi meiner filmen har eit spesielt sterkt uttrykk. Filmar med grense 18 år vil ofte innehalda skildringar av grove valdshandlingar. Valdshandlingar skildra i ein kald og kynisk stemning vil ofte kunna føra til 18-årsgrense. Når det gjeld skildringar av sex, vil særeigne former for sex, og ei blanding av vald og sex vurderast som medverkande faktorar til at aldersgrensa blir heva til 18 år. Eksempel på ein film med 18-årsgrense med grove valdshandlingar er "Kiss of the Dragon" (2001). "Romance" (1999) er eit eksempel på ein film der det blir fokusert på seksualitet, og som inneheld mange og nærgåande sex-scenar. Ei blanding av vald og sex kjem til uttrykk i "Seul contre tous" ("Alene mot alt", 1998), og er her avgjerande for aldersgrensa. 18-årsgrensa blir også brukt for å verna kunstneriske filmar og meiningsytringar i samfunnsdebatten.
Overfor éin type film, sjangerblandingsfilmane som hovudsakleg har fantasipreg og sterke realistiske valdsinnslag, har filmtilsynet vore strengare enn nabolanda våre. Typiske eksempel er "The Mummy Returns", "Lara Croft - Tomb Raider" og "Dungeons & Dragons", som alle fekk 15-årsgrense (2001).
Kortfilmar og trailerar
Også kortfilmar skal vurderast og gjevast ei aldersgrense. Reklame for kommande filmar, såkalla trailerar, skal og vurderast. Både filmane og trailerane får ei aldersgrense det er juridisk bindande for kinoane å følgja. Det er med andre ord ikkje tillate å senda ein trailer med til dømes 11-årsgrense i forkant av ein film med 7-årsgrense. Trailerar kan også ha ulik aldersgrense frå sjølve filmen.
Reklame
Reklame er unnateken frå førehandskontroll, og reklame er dermed ikkje vurdert av Filmtilsynet. Reklame på kino har imidlertid i fleire høve blitt vurdert av Forbrukarombodet i høve til Marknadsføringslova § 1.
7 års filmer og slik dumskap burde fjernes! 15 og 18års fimer er grett og ha..
Jente18
15/08/2008 - 23:27
Jeg synst aldersgrenser er helt nødvendige. Det er mange 7års filmer som kan virke helt harmløse for oss voksne, men alikavel skremmende for en 6åring. Det er mange filmer jeg ser i dag som jeg var livredd for som barn. Nå tenker jeg at jeg må vært skikkelig feig, men det er mange som er enige med meg om at filmen var skremmende for de små.
gutt 14
16/08/2008 - 06:00
det burde vert en aldersgrense mellom 15 og 11! Det er mange filmer som blir 15 års aldersgrense på fordi en 11-åring ikke kunne sett den, men en 13-åring helt fint kunne ha sett! Forresten så fins det filmer med 20 års aldersgrense også.. Hostel part I og II f. eks...
j 14
17/08/2008 - 16:57
okei må si jeg gir faen i aldersgrensene , har sett hostell nå i nyere tid, å så filmer med 18 års grense når jeg sikkert var 11-12 år , men jeg tar meg ikke ner av de, å a synes jeg det er helt greit!
Jente 14
20/08/2008 - 16:12
Jeg er 14 år og HATER aldersgrensene. Jeg ser litt eldre ut en jeg er og kommer ofte lett inn på 15 års grense og det samme gjaldt i fjor. Jeg synes det er så rart at sex og vold for 15 års grenser, barn lærer jo om det på skolen når de er 12! Og filmen Rovdyr fikk en sterk 18-års grense, når den ikke var noe skummel, bare litt ekkel. Jeg synes aldersgrensene skulle være anbefalte og ikke påbudt.
Jente18
21/08/2008 - 20:24
Dere som ikke tar dere nær av voldelige filmer ellerno er sikkert ganske modige, men ikke alle er det, selv om de kanskje tror det selv. Jeg tror at visst en 13 åring hadde spurt foreldrene sine om de kunne se en 18års aldergrense ville de nok vært ganske skeptisk. Ikke fordi voksne er slemme og ikke vil at unge ikke skal få være med på morroa, men tror nok at når dere blir eldre så skjønner dere at det må være en grense på hva volsne kan tilate.... Okay ikke alle filmer trenger 18års grense sånn som naboer(sinnsyk dårlig fim bye the way), men når en 14år gammen jente(no offence) sier at hun vil gjøre som hun vil, og se hva hun vil, så er det ingen som bryr seg. Grenser er der for å beskytte de unge og det må dere bare leve med....
D:
27/08/2008 - 22:16
Når det står en aldersgrense skal man holde den oppgitte aldersgrensen selv om din alder er på "teletubbis"-nivå. En alder er en alder, og den skal respekteres. jeg vet at dere nå sitter der og ler av dette innlegget, men det er grunner til at filmene har fått disse alderesgrensene, og dette for at unge ikke skal ha mulighet til å se disse filmene som faktisk kan være helseskadlige, og medvirksomme. Jeg synes at de unge, eller egentlig alle bør holde seg til den grensen de er på. Det er min mening. Jeg har aldri fått lov til å se en 18-årsgrense film. Og hun er fortsatt skeptisk på 15...
Mia=)
28/08/2008 - 15:50
Jeg synes det er bra med aldersgrenser! Litt rart at en 10 åring da kan kjøpe en film med 18 års grense på i butikken!
a cool boy
13/09/2008 - 11:20
det er fx. mange av vennene mine som ser på porno som er under 18 år...
g14
22/09/2008 - 23:56
de kunne ha byttet aldersgrensene til 8, 13, 16 og 20.
Bjørn
04/12/2008 - 14:10
Jeg har sett en film med 20 års aldersgrense huskere ikke hva den heter men d var en skrekkfilm
Roman
20/06/2009 - 02:07
Til "Bjørn"
Den filmen du nå snakker om heter Hostel og har blitt rata 18 offisielt, men fått 20 på coverene, og i PS.
Kino19
13/07/2009 - 04:59
Hvis du er 3 år under anbefalt aldersgrense kan du fortsatt se filmen sammen med foresatte. Det burde vel nevnes at jeg selv jobber på kino, og det mange ikke vet er at du faktisk kan komme inn på kino uten foresatte, men da har Kinopersonalet rett til å snakke med mor eller far for å forsikre seg om at barnet har tillatesle. jeg har ved flere anledninger opplevd at familier som har sett 7års filmer må forlate kinoen fordi de minste syns det blir for skummelt. Menneskets mentale alder varierer uansett, and believe it or not; mamma og pappa har alltid og vil alltid kjenne deg bedre en du kjenner deg selv, så kom deg ut av fjortiståka og ta deg tid til å høre på hva de sier;) ikke alt er like dumt.....