Sist oppdatert: 24.05.2012 kl. 23:58
Vennskap (foto: Endre Hesthagen)
Smarties:Er ikke meningen med gym at vi skal legge til oss gode vaner for resten av livet? Eller har jeg misforstått helt?
Underemner: Vintersport
Skriv ut Tips en venn0

Planlegg du å byrje på eit treningssenter?


Spinning (colourbox.com)Sjekk vilkåra i treningsavtalen før du skriv under. Det er dyrt å vere "støttemedlem".



Vote:
Quiz:
Treningssentra velg sjølve kor gamal du må vere for å trene hos dei.
Grensa brukar å vere mellom 15 og 18 år. Årsaka er at ein meiner at ungdom ikkje bør trene med vekter og liknande. Eg anbefaler deg å finne andre måtar å trene på fram til du er gamal nok til å melde deg inn i eit treningsstudio. Det finnast mykje morosam og god trening ein kan gjere på eiga hand.
ung.no - offentlig og kvalitetssikret

Bindingstid

Mange treningsavtalar har bindingstid. I desse tilfella er det særleg viktig å setje seg inn i avtalevilkåra før du skriv under kontrakten.

Før du inngår medlemsavtalen, bør du i det minste undersøke og ta stilling til følgjande:


  • Kva kostar det å trene, inklusive alle etableringsgebyr, startavgifter, osv.?
    Kva er inkludert i denne prisen og har eg råd til dette i heile avtaleperioden? Må du betale ekstra for å delta på timar/barnepass e.l.? Hugs at du må betale for heile bindingstida!

  • Krev senteret bindingstid og i tilfelle kor lang er den?
    Forbrukarombodet rådar generelt forbrukarar til ikkje å inngå avtalar med lengre bindingstid enn eitt år.

  • Gir senteret prøvetime, prøvemedlemskap eller rett til å avbestille?
    Det kan vere lurt å stille dette som vilkår, slik at du unngår å bli bunde til ein lang avtale dersom senteret ikkje svarar til forventningane dine. Gjer deg i tilfelle kjend med kva som skal til for at du blir bunde til ein eventuell avtale.

  • Kan du "fryse" avtalen, dersom du har behov for det? Kva er vilkåra for å «fryse» avtalen?
    Mange treningssenter krev førevist sjukemelding frå lege for å få innvilga søknad om "frysing".

  • Er dette ei treningsform som passar for meg?
    Er du usikker, bør du finne ut av dette før du inngår avtale om bindingstid. Hugs at om du først har skrive under på ein treningskontrakt med bindingstid, vil treningssentra krevje betaling frå deg i heile bindingstidsperioden, sjølv om du ikkje nyttar treningstilbodet deira.

  • Passar opningstider og treningstilbod med mitt behov?

  • Kva skjer når bindingstida har gått ut?

  • Korleis må eg seie opp avtalen? Kor lang oppseiingstid er det?
    Dei fleste treningskontraktane går etter bindingstida sitt utløp over til å vere løpande oppseielege. Dette betyr at dersom du ønskjer å melde deg ut, må du aktivt gjere det. Å slutte å betale er ikkje det same som å seie opp.

  • Har du lest gjennom heile kontrakten nøye?
    Hvis svaret her er nei, risikerar du å skrive under på noko du ikkje kan akseptere. Difor bør du, som alltid elles, ta deg tid til å lese heile kontrakten nøye. Legg særleg vekt på betalingsreglar, frysreglar og oppseiingsreglar. Be om å få eit eksemplar med deg heim, slik at du kan lese gjennom vilkåra i ro og mak, før du skriv under.


Tilbod om avtalar utan bindingstid

Kan du ikkje akseptere avtalevilkåra til treningssenteret, sjå etter alternativ i marknaden. Fleire treningssenter har tilbod om avtalar utan bindingstid.

Finn du vilkår du ikkje synes er rimelege, kan du jo òg fortelje leiinga ved treningssenteret om du finn vilkår som du ikkje synes er rimelegdette. Om mange nok etterspør til dømes attraktive alternativ til bindingskontraktar eller betre høve for å «fryse» avtalen sin ved behov, vil senteret kanskje endre praksisen i tråd med kundane sine ønske.

God trening!


Kjelde: Forbrukarombodet vurderer standardavtalar på generelt grunnlag. Treng du hjelp i ein konkret tvist, kan du kontakte Forbrukarrådet.




Les også

Styrketrening

trener styrke (www.colourbox.com)Styrketrening for større muskler, eller for å bli sterkere? Her får du tipsene!
 

Utholdenhetstrening

utholdehnhetstrening (colourbox.com)Hvordan bør du trene utholdenhetstrening? ung.nos treningsekspert gir deg tipsene!
 


Relaterte votes





Tilleggskommentarer fra brukere

Her kan du kommentere artikkelen.

02.02.2012 18:07
meg
Hei. Jeg er en jente som ønsker å starte å trene på treningsenter. Jeg trener allerede flere ganger i uka og ønsker egentlig bare å bli litt bedre trent. Hadde vært fint om jeg hadde gått ned til 55 kg. 4 kg skal nok gå greit, eller ikke...


Legg inn en melding!

Ditt kallenavn
Din kommentar (HTML-tagger fjernes)
 

Ukens tema

Råd om hvordan takle det store fokuset på rettssaken etter 22. juli: ung.no/22juli

Still oss et spørsmål











Når lærerne streiker

streik (colourbox.com)Hva skjer med eksamen? Hvilken betydning har det egentlig for deg som elev hvis lærerne på skolen blir tatt ut i streik?
 

Soltips

SolbrillerTa vare på huden din, den skal du ha leeenge. Det kan være fristende å være mye ute i solen, husk bare:
- begynn solingen forsiktig
- beskytt deg
- ta pauser fra sola og
- bruk solbriller
 

Svarer du på SMS/telefon fra foreldrene dine?

mobil (colourbox.com)






 

Føler du treningspress?

jente løper (www.colourbox.com)
Hvorfor trener DU?







 
RSS