I denne tida opplever mange si første store forelsking og si første store kjærleikssorg. Det å bli forelska er ei heilt spesiell oppleving, der ein kan svinge frå håp og draumar om at den eine skal bry seg om og sjå akkurat meg, til den djupaste fortviling over kjærleik som ikkje er gjengjeld. Dette er noko dei aller fleste opplever og er likt for alle menneske. Nesten alle opplever også nokre gonger å vere forelska i nokon som ikkje er forelska i dei.

Utforske seg sjølv

Det er vanleg å prøve ut forskjellige måtar å vere på i ungdomstida. Dette betyr at mange også utforskar seksualiteten og den seksuelle identiteten sin. Enkelte blir tiltrekte av og blir kåte på personar av same kjønn, medan andre kan oppleve desse kjenslene i møte med alle kjønn. Her finst det ingen fasit.

Forelska i same kjønn

Når ein blir forelska i eller kåt på nokon av same kjønn, er ikkje desse kjenslene annleis enn om ein forelskar seg i eller blir kåt på nokon av eit anna kjønn. Enkelte kan vere redde for desse kjenslene, fordi dei bryt med normene rundt det som blir sett på som "vanleg" i samfunnet vårt. Det å vere i mindretal kan derfor kjennest problematisk, fordi ein blir redd for å ikkje vere som "dei andre".

Får støtte

Det finst framleis fordommar og skort på kunnskap om homofili i samfunnet vårt. Likevel er det viktig å vite at dei fleste som fortel til andre at dei lurer på om dei er homofile, bifile eller lesbiske, får støtte frå venner og familie. Ungdommar som ikkje har nokon å snakke med om kjenslene sine føler seg ofte veldig annleis og åleine. Det er vanleg å tru at ein er den einaste som føler det slik. For dei som ikkje får støtte frå familie er det ekstra viktig med støtte frå venner eller kanskje ei helsesøster.

Å komme ut

Det å finne ut at ein er lesbisk eller homofil blir gjerne kalla for "komme ut-prosessen". For nokre tek dette kort tid, medan det for andre kan ta fleire år. I denne tida kan det vere godt å snakke med andre som har opplevd noko av det same sjølv eller som veit kva det handlar om.

Unge svarar unge

Har du spørsmål om legning og identitet kan du gjerne ringe ungdomstelefonen: 40 000 777

Dei som jobbar på ungdomstelefonen er menneske som sjølv har erfaring og kunnskap om det å vere skeiv, å “komme ut av skapet" og å finne tilhøyrsel i eit sosialt nettverk. Dei har teieplikt og du kan vere anonym når du ringer, dersom du ønsker det.

Telefonen er open søn-fre 18-22, og er på tysdagar og onsdagar også på chat, som du finn på nettsida deira. Du er heilt anonym.

Kjelde: Brosjyren "Forelsket"

Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjøring (LLH)