Mange ungdommar som skriv til ung.no, lurer på om dei har gjort noko ulovleg om dei har delt nakenbilete av seg sjølv eller andre.

Her er det mange ulike lover og reglar som det kan vere vanskeleg å halde oversikt over. Men om du sender, tek imot eller deler nakenbilete, er det kjempeviktig å vite kva som er lov og ikkje lov. Det kan du lese meir om nedst i denne artikkelen.

Om du sender bilete som det ikkje er lov å sende eller dele, kan det få veldig alvorlege konsekvensar – både for personen på biletet og for deg som har delt det. Dette er det viktig å vite, så du ikkje gjer noko du kan straffast for, eller som råkar andre.

Om det du gjer er ulovleg eller ikkje, og kor alvorleg det er, kjem mellom anna an på

  • om du har samtykke til å sende eller dele bileta (om den andre personen har sagt at det er greit)
  • kor gammal personen på biletet er
  • Om du er under den kriminelle lågalderen (15 år), kan du ikkje straffast i situasjonane under, men politiet vil i mange høve etterforske saka likevel. Foreldra dine vil verte varsla, og du kan verte kalla inn til avhøyr eller ein bekymringssamtale. Sjølv om du er under 15 år, kan politiet òg beslaglegge mobiltelefonen din for å sikre elektroniske spor.

Lurer du på kva som er lov og ikkje lov? Her kjem nokre døme på ulike situasjonar:

  • arrow_drop_down_circle  Eg og kjærasten sender nakenbilete til kvarandre
    Om du og kjærasten din, eller ein du flørtar med, er einige om at de vil sende nakenbilete til kvarandre og begge er med på det, er det ikkje ulovleg å gjere det. Det som er viktig her, er at begge har samtykt til det – altså sagt ja.

    MEN: Om ein av dykk er under 18 år, må du òg lese avsnittet under neste overskrift.

    Det er òg viktig å vite at samtykket kan trekkast tilbake når som helst. Det er lov å ombestemme seg, og om personen seier at du må slette biletet, må du gjere det med ein gong. Gjer du ikkje det, vert biletet ulovleg.

    Sjølv om det kanskje ikkje er strafflagt å sende bilete i denne situasjonen, er det likevel lurt å tenke gjennom nokre ting før du gjer det:

    Veit du at kjærasten din, eller den du flørtar med, ikkje kjem til å dele bileta vidare? Korleis hadde det vore for deg om nokon andre fekk sjå bileta du har sendt? Det er veldig lurt å tenke litt på dette før du eventuelt sender nakenbilete, sjølv om det er til ein du stoler på. Det er likevel ikkje lov å dele desse bileta vidare til andre.

  • arrow_drop_down_circle  Fått nakenbilete av ein person under 18 år
    Det er i utgangspunktet ikkje lov å ta vare på nakenbilete eller seksualiserte videoar av ein person under 18 år på telefonen eller dataen din. Det er fordi dette kan reknast som seksualisert innhald av barn (§ 311)

    MEN: Om du har sendt bilete med ein som er omtrent like gammal som deg, begge er einige om at det er heilt greit å sende bileta, og bileta er av ein person mellom 16 og 18 år, vil du truleg ikkje straffast for å ha slike bilete på telefonen eller dataen din. (§311)

    Det som derimot er ulovleg, er å dele bileta vidare. Dette er det strenge straffar for. Om du deler seksualiserte filmar eller nakenbilete av barn (personar under 18 år), er det veldig alvorleg og kan få alvorlege konsekvensar for deg i framtida. (§ 311 b).

Alt om deling av nudes