Porno er bilete, tekstar og film med eit seksuelt innhald. Målet er at du som ser eller les dette, skal bli kåt. Vanlegvis viser porno sex mellom vaksne menneske, ofte med fokus på kjønnsorgana. Men det finst også porno som skildrar ei rekkje ulike seksuelle handlingar, legningar, fetisjar eller andre spesialitetar.

Porno blir gjerne delt inn i to grupper; hardporno og mjukporno. Hardporno bruker vi gjerne om pornografi der sexen er skildra direkte, og kjønnsorgan er vist erigert og i nærbilete. Mjukporno er porno som skildrar sex og nakenheit på ein mindre nærgåande måte, og blir oppfatta meir som erotisk.

Porno kan vere ei kjelde til nyting og glede for mange, uavhengig av kjønn og legning. Mange bruker porno når dei onanerer eller har sex, og ser på det som inspirasjon til eige sexliv.

 

Ulovleg porno

Men det finst også porno som er ulovleg. Bilete eller filmar som viser seksuelle overgrep mot barn eller som seksualiserer barn (ofte kalla barneporno), er ulovleg. Les meir om dette artikkelen om barneporno.

Det finst også andre typar porno som er ulovleg i Noreg. Regelen seier at porno som er støytande og som til dømes inneheld lik, dyr vald og tvang, er ulovleg. Porno av denne typen er ulovleg å:

  • gje ut, selje eller spreie
  • innføre for å spreie
  • overlate til personar under 18 år
  • halde offentleg føredrag, framsyning eller utstilling om

For somme gjev porno som pressar grensene, eit kick. Men over tid kan dette føre til problem med samvitet og skape skamkjensle. Andre kjem berre tilfeldigvis over slik porno, og opplever det som skremmande.

"Vanleg" porno som ikkje inneheld noko av det over, er lovleg å sjå og kjøpe uansett kor gamal du er. Mange pornosider og -butikkar har likevel ei sjølvpålagd aldersgrense, og vil ikkje la unge under 18 år sjå eller kjøpe porno.

 

Porno er fantasi, ikkje verkelegheit

Somme opplever at sex ikkje kjennest så bra fordi han ikkje liknar på det dei har sett i pornoklipp. Mange forsøker å gjenskape det dei har sett, utan å få det til eller at det kjennest naturleg. Det kan føre til frustrasjon eller ei kjensle av å vere dårleg i senga.

Det er heller ikkje uvanleg å oppleve plager eller problem fordi ein forsøker å gjere det same som dei gjer i pornoen, eller fordi ein trur at pornoen viser ”det normale”. Til dømes vil langvarig og einsidig bevegelse av penis inn og ut av skjeden gje ein tørr skjede. Det kan føre til sår og rifter i både skjede og penis.

 

Sex i det verkelege livet handlar om å ta omsyn til kvarandre. Då skal de lytte til kvarandre sine ønske, og gjere det som fell naturleg for dykk. Hugs at eit vanleg samleie for dei fleste berre varer nokre få minutt og knapt nok det. I pornoklipp kan dei halde på i timevis. Det er ein av grunnane til at porno ikkje er noka oppskrift på korleis sexen din skal vere.

Ikkje samanlikne deg

Det kan vere lett å få dårlege kjensler for din eigen kropp når du ser pornofilmar. Mennene er ofte veltrena, muskuløse og har store peniser som er langt over gjennomsnittet. Damene har gjerne store pupper, tynne midjer og små, symmetriske kjønnslepper.

Pornoskodespelarar er handplukka etter korleis dei ser ut, og er ofte både opererte og retusjerte for å skape ein ”vakrare og meir sexy kropp”.

Dersom du opplever å få dårleg sjølvbilete av å sjå på porno fordi du føler at du ikkje kan leve opp til det du ser, er det viktig at du minner deg sjølv på at dette er skodespelarar og fantasi. Dette er ikkje eit bilete på korleis dei fleste av oss ser ut utan klede på eller korleis vanlege folk har sex.

 

Porno i staden for ein sexpartnar

Det kan vere mange årsaker til at du ikkje har nokon å dele seksualiteten din med. Kanskje har du fysiske eller psykiske hindringar eller kanskje du rett og slett er i ein periode av livet der du er åleine. Uansett årsak, kan porno vere noko der du kan finne eit slags samhøyr med andre.

Nokre vel også heilt frivillig å vere åleine. Dei synest pornoen gjev dei akkurat den fridomen dei treng til å leve ut seksualiteten sin, på ein måte som passar dei og akkurat når dei vil.

Vi blir kåte av forskjellige ting

Mange blir kåte eller tenner på ting dei opplever som spesielt. Då kan dei finne hjelp i pornoen. Det finst porno omtrent for alle smakar. Finn du porno som handlar om akkurat det som gjer deg kåt, kan det vere til hjelp så du ikkje kjenner deg åleine eller annleis. Då kan porno hjelpe deg så du ikkje utviklar skam over din eigen seksualitet, og innser at det er fleire som tenner på det same som deg.

Les mer om fetisjer og ulike tenningsmønster her påung.no.

Porno og sjalusi

Det er mange forhold der porno berre er til glede for den eine parten. Det kan bli eit problem. Porno kan bli ein "tredje person" i forholdet, som kan skape sjalusi, usikkerheit og dårleg sjølvtillit. Då blir pornoen fort ein trugsel for forholdet.

Er berre éin av dykk oppteken av porno og den andre har problem med det, er det lurt at de er opne og ærlege med kvarandre. Snakk saman om det, og kanskje klarer de å bli samde om kor mykje og kva type porno som er greitt - og kva som ikkje er ok.

 

Avhengig av porno?

Dersom du føler at porno har vorte eit problem for deg, kan det vere godt å snakke med nokon om det. Det er sjølvsagt vanskeleg å prate med foreldre eller vener om dette, men då kan ein helsesjukepleiar på skulen eller helsestasjonen for ungdom vere til hjelp. Hugs at helsesjukepleiarar har teieplikt.

Les også meir om porno og avhengighet her på ung.no.