Det er viktig at du prøver å bli trygg på kroppen din, og at du veit korleis du skal gjere det godt for deg sjølv. Det er grunnlaget for å ha eit godt seksuelt sjølvbilete.

Sex, kropp og utsjånad ...

Dersom du skal betre det seksuelle sjølvbiletet, må du arbeide med å akseptere at sex med ein annan inneber heilt andre ting enn korleis du ser og høyrest ut, og kva den du har sex med, meiner om kroppen og utsjånaden din! Sex med ein annan er ofte ein sveitt og energisk situasjon. Håret blir bustete, kinn og bryst blir raude og sveitte, og skjedesekret kan renne, ein pustar fort, kanskje held ein pusten. Ein kan grynte, stønne eller vere heilt stille. Kroppsstillinga kan gjere at partnaren ser "der sola ikkje skin", med alt det inneber av avsløringar om hår, sprekkar, faldar, fargeforskjellar på kjønnslepper, skjedeopning og rumpehol.

Det er viktig korleis du tenker

Det er ikkje så fort gjort å endre korleis ein tenker når ein har sex, men dette kan bli ein fin prosess for deg over litt tid. Det aller viktigaste er nytinga di! Du er viktigast i verda for deg sjølv og skal ta vare på deg sjølv, også når du har sex! Ikkje det at ein skal vere egoistisk, sex med ein annan krev at ein òg tek vare på partnaren, men ikkje berre partnaren. Eit godt seksuelt sjølvbilete / ei god seksuell sjølvkjensle handlar like mykje om gleda av å gi som gleda av å få.

Sårbar i den seksuelle situasjonen

Når du er i ein så intim setting med ein annan person, gjer det deg ganske sårbar. Kjensler er jo òg i stor grad involvert, og redsel for å bli avvist eller for å ikkje vere bra nok gjer oss meir sårbare. Det speler òg inn kven du har sex med, og om du er trygg på den personen. Om du vel å ha sex med fleire ulike eller med ein fast partnar, vil òg gjere noko med korleis du føler deg. Nokon har kanskje sex med fleire for å få ei stadfesting som dei ikkje får på andre måtar. Dersom den seksuelle sjølvkjensla blir avhengig av det, blir jo ho òg sårbar. Det vil nok vere lettare å arbeide med og betre det seksuelle sjølvbiletet ditt når du har eit forhold til nokon over litt tid. Eit problem når det gjeld å ha sex med ein som er framand, er at det kan vere vanskeleg å seie kva du liker, kva stimuli som må til for at du skal få ei optimal oppleving eller orgasme. Då kan det bli ei lite tilfredsstillande oppleving for begge partar.

Heng saman med resten

Det seksuelle sjølvbiletet / den seksuelle sjølvkjensla heng saman med resten av sjølvbiletet/sjølvkjensla. Sjølvkjensle er mellom anna kva verdi du gir deg sjølv.

Gutar og jenter som er sikre på seg sjølve og veit kva dei vil, gir inntrykk av å vere sjølvbevisste. Det kan gi passe god sjølvtillit når det gjeld sex òg, men hugs at sjølvtillit og sjølvkjensle ikkje er heilt det same. Eigenverdien på deg sjølv som seksualpartnar er noko du set sjølv. Det heng saman med seksuell sjølvkjensle. Korleis kroppen ser ut, kva lydar som kjem, og kva partnaren trur eller meiner, speler inga rolle.

Korleis kjem du i gang?

Kanskje er du ein av dei som verkeleg vil nyte seksualitet med ein annan når du er i eit forhold? I dei fleste forhold følger ein såkalla seksuelle skript. Ein startar med å halde hender, klemme og kysse. Etter kvart tek og kjenner ein på kroppane til kvarandre, først utanpå kleda, deretter innanfor. Når ein kjenner seg klar for det, kan ein ta på kjønnet til kvarandre. Før ein kjem så langt, kan det ha gått lang tid. Det er viktig å vere tolmodig. Mange lærer seg å stimulere den andre sitt kjønn til orgasme før dei har samleie. Då blir dei trygge på kva den andre liker, og dei blir trygge på seg sjølv i situasjonen, og samleie kjem som eit naturleg framhald av seksualiteten.

  • Bruk tid på å tenke gjennom korleis du vil ha det framover. Kva er viktig for deg? Du er verdifull! Ikkje lat nokon få deg til å føle deg dårleg! Du bestemmer sjølv over deg sjølv, kva du vil og ikkje vil!
  • Gode spørsmål du kan stille deg når du kjem i situasjonar der du kunne hatt sex: Vil EG det? Er EG seksuelt tent? Tenner EG på denne personen? Kan han/ho tilfredsstille MEG? Eller er det betre å gå heim og onanere til orgasme åleine?

Artikkelen er skriven av ung.no i samarbeid med sexologisk rådgivar Grete Lind.