Nokre gonger kan det vere morosamt, nyttig og spennande å prøve eit hjelpemiddel når ein skal onanere eller ønsker å piffe opp sexen. Å kjøpe eit sexleiketøy i ein butikk kan vere veldig dyrt – og kanskje litt flaut?

Du kan bruke ting du har heime

Om du tek deg ein titt rundt heime og bruker litt fantasi, er det mykje du kan nytte som sexleiketøy der. Til og med (nesten) heilt gratis

Her er nokre idear:

  • Kunstig vagina: Kan lagast av ein mjuk plastpose sett inn med glidemiddel eller parfymefri krem. Posen kan leggast inn mellom to puter som vert haldne saman av ein strikk eller hyssing. Du kan óg bruke eit samanrulla handkle, der holet som dannast i midten av rullen, fungerer som ei fitte. Eit tips er å ha på eit kondom når du gjer dette, for å redusere sjansen for å verte sår på penis.
  • Dildo (skjede/anal): Ofte finn ein mykje i heimen som kan brukast som dildo, og det er eigentleg berre fantasien og hygienen som set grenser. Du kan til dømes bruke gulrot, agurk, pølse, stearinlys, skaftet på sminkekosten, tannbørsta eller liknande. Men skal du nytte eit sexleiketøy i endetarmen, må det ha ein «stoppefunksjon» i den eine enden slik at det ikkje kan gli heilt inn. Då kan det verte vanskeleg å få det ut igjen.
  • Vibrator: Nokre bruker elektrisk tannbørste eller barbermaskin som dei held inntil det som vert ført inn. Ikkje gløym å putte det i ein plastpose slik at du sikrar hygienen.

Kondom og glidekrem kan du bestille gratis – les meir om det her.

Hygiene og reinhald

Det viktigaste er at tinga ikkje har skarpe kantar eller kan skade deg på nokon måte. Det beste er å sette på eit kondom på det du nyttar som dildo, så er du sikker på at hygienen vert sikra.

Om du ikkje ønsker det eller ikkje har kondom, er det viktig at du vaskar det du bruker godt før du fører det inn. Du kan óg putte tingen inn i ein tynn og mjuk plastpose, eller bruk plastfolie som du surrar godt rundt.

Når du er ferdig er det òg viktig å reingjere godt det du har nytta. Vask gjerne med mildt, varmt såpevatn, men det er òg mogleg å få kjøpt reinsemiddel som er spesiallaga for reins av sexleiketøy. Det får du kjøpt der dei sel sexleiketøy.

Eit anna alternativ er at du innimellom bruker sprit (til dømes handreinsemiddel med sprit) som du får kjøpt i dei fleste daglegvareforretningar og kosmetikkbutikkar. Gløym ikkje at ikkje alle typar materiale toler dette, så pass på.

Låne av andre?

Sexleiketøy er for dei fleste så personleg at dei ikkje ønsker at andre skal bruke det. Så det enkle rådet er å ikkje låne sexleiketøy av andre utan at det er avtalt med den som eig det. Om du allereie har lånt og brukt sexleiketøy av nokon andre, er det viktig at du reingjer det godt som i tipsa over.

Å låne sexleiketøy frå andre inneber óg ein risiko for å få ubalanse i skjedefloraen (t.d.

sopp og bakteriell vaginose) eller bli smitta av seksuelt overførbare infeksjonar (soi).

Deler du sexleiketøy med ein annan, og er usikker på om personen kan vere smitta av ein soi, gjeld same regel som ved vanleg samleie. Bruk kondom på sexleiketøyet, og byt kondom når sexleiketøyet byter «partner».

Har du lånt eller delt sexleiketøy med andre utan vern, er det tilrådd at du sjekkar deg for soi etter to veker. Får du plager frå underlivet i ettertid (lukt, utflod, smerter osv.), bør du oppsøke lege tidlegare enn dette for ei undersøking.

Å kjøpe sexleiketøy på nett og nutikk

Det er mogleg å kjøpe sexleiketøy både på nettet og i butikk.

For å bestille på nett må du vere fylt 18 år fordi lova seier at ingen under 18 år kan sette seg i gjeld. Ein må dermed vere 18 år for å kunne handle med kredittkort på nettet.

I butikk er det derimot ingen aldersgrense. Bur du på ein stad med ein slik butikk), kan du ta turen innom og kikke på kva dei har der.

Det er ikkje ulovleg å bestille sexleiketøy frå utlandet, men du må rekne inn toll og avgifter i tillegg til pris. Ofte vert det da mykje dyrare enn det ein først trur. På toll.no kan du rekne ut den endelege prisen.

Sexleiketøy eller ikkje?

Ikkje alle synest sexen vert betre av å nytte sexleiketøy. Det fine med

å berre bruke teknikkar som ikkje krev hjelpemiddel (til dømes fingre seg sjølv) er at fingrane alltid er tilgjengelege og kan difor også tilfredsstille deg sjølv når du vil.

Ønsker du å piffe opp sexlivet med partneren din med hjelp av sexleiketøy, er det greit å spørje på førehand. Ikkje alle synest det er ok å bruke sexleiketøy, og sex skal vere ønskt og frivillig frå begge. Om de vert einige saman om å prove, kan det gi ein spanande variasjon til sexlivet.