Her kan du lese meir om kva du kan bruke, kva du må vere merksam på om du til dømes skal låne av andre, og mykje anna om sexleiketøy.

Kva kan ein bruke som sexleiketøy?

Nokre gonger kan det vere morosamt, nyttig og spennande å prøve eit hjelpemiddel når ein skal onanere eller ønsker å piffe opp sexen saman med partner. Men å kjøpe eit sexleiketøy i ein butikk kan vere veldig dyrt – og kanskje litt flaut?

Om du tek deg ein titt rundt heime og bruker litt fantasi, er det mykje du kan nytte som sexleiketøy der. Til og med (nesten) heilt gratis

Her er nokre idear:

  • Ein «kunstig vagina»: Kan lagast av ein mjuk plastpose sett inn med glidemiddel eller parfymefri krem. Posen kan leggast inn mellom to puter som vert haldne saman av ein strikk eller hyssing. Eller det kan lagast av eit samanrulla handkle, der holet som dannast i midten av «rullen», fungerer som ein «vagina». (Det kan vere lurt å ha på eit kondom når du gjer dette, for å redusere sjansen for å verte sår på penis).
  • Ein dildo (for bruk i skjeden eller i endetarmen): Ofte finn ein mykje i heimen som kan brukast som dildo. Når det gjeld framlegg til dildoliknande ting, så er det eigentleg berre fantasien (og hygienen) som set grenser. Du kan til dømes bruke gulrot, agurk, pølse, stearinlys, skaftet på sminkekosten, tannbørsta eller liknande.

    OBS! Om du skal nytte eit sexleiketøy i endetarmen, må det ha ein «stoppefunksjon» i den eine enden slik at det ikkje kan gli heilt inn. For då kan det verte vanskeleg å få det ut igjen.

  • Vibrator-effekt: Nokre bruker elektrisk tannbørste eller barbermaskin som dei held inntil det som vert ført inn. (Putt det i ein plastpose slik at du sikrar hygienen.

Kondom og glidekrem kan du bestille gratis – les meir om det her.

Hygiene og reinhald

Det viktigaste er at tinga ikkje har skarpe kantar eller kan skade deg på nokon måte. Det beste er å sette på eit kondom på det du nyttar som dildo, så er du sikker på at hygienen vert sikra. Om du ikkje ønsker det eller ikkje har kondom, er det viktig at du vaskar det du bruker godt før du fører det inn, eller du kan putte tingen inn i ein tynn og mjuk plastpose, eller bruk plastfolie som du surrar godt rundt.

Etter bruk er det òg viktig å reingjere godt det du har nytta. Vask gjerne med mildt, varmt såpevatn, men det er òg mogleg å få kjøpt reinsemiddel som er spesiallaga for reins av sexleiketøy. Les meir om reins av sexleiketøy her.

Alternativt kan du innimellom bruke sprit (til dømes handreinsemiddel med sprit) som du får kjøpt i dei fleste daglegvareforretningar og kosmetikkbutikkar, men ikkje alle typar materiale toler dette, så ver obs!

Låne av andre?

Sexleiketøy er for dei fleste så personleg at dei ikkje ønsker at andre skal bruke det. Så det enkle rådet er – ikkje lån sexleiketøy av andre utan at det er avtalt at dette er ok for eigaren.

Om du allereie har lånt og brukt sexleiketøy av nokon andre, er det viktig at du reingjer det godt (sjå tips over).

Smitte via sexleiketøy

Eit anna moment med å låne sexleiketøy av andre er at det medfører ein risiko for å få ubalanse i skjedefloraen (til dømes sopp og bakteriell vaginose) eller verte smitta av seksuelt overførbare infeksjonar (soi).

Er du i ein situasjon der du deler sexleiketøy med ein annan, og er usikker på om personen kan vere smitta av ein soi, gjeld same regel som ved «vanleg» samleie – bruk kondom på sexleiketøyet, og byt kondom når sexleiketøyet byter «partner».

Har du lånt eller delt sexleiketøy med andre utan vern, er det tilrådd at du sjekkar deg for soi etter to veker. Får du plager frå underlivet i ettertid (lukt, utflod, smerter osv.), bør du oppsøke lege tidlegare enn dette for ei undersøking.

Kjøp av sexleiketøy

Det er mogleg å kjøpe sexleiketøy både på nettet og i butikkar som sel det.

For å bestille på nett må du vere fylt 18 år fordi lova seier at ingen under 18 år kan sette seg i gjeld i Noreg. Ein må dermed vere 18 år for å kunne handle med kredittkort på nettet.

I butikk er det derimot ingen aldersgrense. Bur du på ein stad med ein slik butikk (til dømes Kondomeriet), kan du ta turen innom og kikke på kva dei har der.

Det er ikkje ulovleg å bestille sexleiketøy frå utlandet, men du må rekne inn toll og avgifter, så ofte endar ein opp med ein langt dyrare sum enn det i utgangspunktet kostar. Kor mykje dyrare er eg usikker på, men her kan du rekne ut eksakt pris.

Sexleiketøy eller ikkje ...?

Ikkje alle synest sexen vert betre av å nytte sexleiketøy, og det fine med «berre» å bruke teknikkar som ikkje krev hjelpemiddel – til dømes fingre seg sjølv – er at fingrane alltid er tilgjengelege. Du kan derfor òg tilfredsstille deg sjølv når du har behov for det, til skilnad frå dei som er meir eller mindre avhengige av hjelpemiddel, og derfor er meir avgrensa i når og kor dei kan onanere.

Ønsker du å piffe opp sexlivet med partneren din med hjelp av sexleiketøy, er det greit å spørje på førehand. Ikkje alle synest det er ok å bruke sexleiketøy, og sex – same korleis det skal gå føre seg – skal vere ønskt og frivillig frå begge.