Kløe og svie

Å få kløe og svie etter eit samleie er ikkje uvanle, særleg dei første gongene to personar har samleie. Den normale bakteriefloraen som er unik hos kvar enkelt person, kan skape ubalanse hos kvarandre. Kroppane treng mange gonger litt tid til å venne seg til floraen til kvarandre. Dette er ofte noko kroppen ordnar opp i sjølv i løpet av nokre dagar, utan at du treng å gjere nok spesielt sjølv.

Men slik ubalanse kan òg føre til soppinfeksjon eller skjedekatarr. Blir han kraftig nok, kan det vere nødvendig med behandling. Soppinfeksjon kan i tillegg til svie og kløe, gje rikeleg kvit og tjukk utflod som luktar syrleg hos jenter, og raude prikkar eller flassing på penishovudet hos gutar. Sopp kan behandlast med reseptfritt soppmiddel du får kjøpt på apotek.

Skjedekatarr gjev gjerne rikeleg utflod som er gul- eller gulgrønaktig, og som kan lukte fiskeaktig. Skjedekatarr må påvisast av lege, og du får behandling på resept.

Sår og rifter

Det er ikkje uvanleg at jenter kan få små sår og rifter i skjeden/skjedeopninga, og gutar vert irriterte på penishovudet. Det kan kome av at samleiet til dømes har vore for tørt, eller at jenta har stramma bekkenbotnmuskulaturen, slik at det vert friksjonsskade på slimhinnene.

Så lenge det ikkje er sår som blør, kan det hjelpe at du held området reint (dusj deg i reint vatn to gonger per dag) og smør med ein parfymefri olje eller fuktkrem som vernar mot uttørking. Det gjer hud og slimhinner meir glatte og elastiske. Det er òg viktig at du ikkje har samleie igjen før slimhinna er heil og fin igjen.

Ser du at det er blod på dopapiret etter samleiet, har du truleg fått ei litt større/djupare rift. Dette kan òg gro heilt fint av seg sjølv. Men om du derimot fortsetter å blø og det ikkje gror av seg sjølv i løpet av nokre dagar, kan det vere lurt å oppsøke ein lege som kan vurdere behandling.

Gutar kan få rift i penisstrengen (der forhuden er festa til penishovudet). Sjølv små rifter i dette området kan gje relativt stor bløding, men det er ufarleg og vil gro av seg sjølv med god hygiene og ro.

Blødingar etter samleie

Bortsett frå eventuelle rifter, er det ikkje normalt å blø etter samleie. Småblødingar eller mensliknande bløding hos jenter etter samleie, og utanom menstruasjonsperioden, kan vere teikn på kjønnssjukdom. Da er der

tilrådd at du testar deg . Viser testen at du ikkje har kjønnssjukdom, og blødingane held fram å kome etter samleie, er det lurt å få gjort ei underlivsundersøking hos legen din.

Gutar kan oppleve blod i sæden/urinen. Dette er ikkje uvanleg og kjem ofte av at ereksjonen og den seksuelle aktiviteten har sprengt eit lite blodkar i urinvegane. Òg dette er ufarleg, men om det held fram å kome blod kvar gong du har sædutløysing, er det tilrådd at du tek dette opp med fastlegen din. Blodet kan òg hos gutar kome av kjønnssjukdom.

Smerter og anna ubehag

Om samleie har vore for tørt eller de har hatt hyppige, langvarige samleie, førekjem det ofte at ein får smerter i skjeden/penis etter samleiet. Nokon opplever òg at kjønnssleppene eller forhuden hovnar opp. Dette er i utgangspunktet heilt ufarleg, men ubehageleg.

Men, som ved sår og rifter, om smertene eller hevinga ikkje går tilbake av seg sjølv etter ei viss tid, er det luraste å få ein lege til å sjå på det. Særleg for gutar kan heving i forhuden vere eit teikn på infeksjon.

Svie ved tissing

Om slimhinna har vorte sår og irritert, er det heilt naturleg at det kan svi når du tissar etterpå. Jenter er frå naturens side utstyrte med eit kortare urinrøyr enn gutar, og er derfor meir utsette for urinvegsinfeksjon. Det er fordi bakteriar vert pressa inn i urinrøyret under samleie.

Det er derfor tilrådd at særleg jenter prøver å tisse rett etter eit samleie for å få skylt ut eventuelle bakteriar. Kjenner du at plagene ikkje går over eller kanskje til og med vert verre i dei neste dagane, er det greit å sjekke om det faktisk kan ha vorte ein urinvegsinfeksjon.

Bruk god tid og glidemiddel

Det beste de kan gjere for å prøve å hindre fysiske plager etter samleie, er å bruke god tid på forspel slik at spesielt jenta er opphissa og våt nok i skjeden før samleiet startar.

Om det vert tørt undervegs, kan det vere lurt å bruke litt glidekrem eller avbryte om det byrjar å gjere vondt. Det er viktig at du ikkje opplever mykje smerter ved samleie, for då kan du verte meir nervøs og redd for å få vondt ved neste gong. Det gjer igjen at du ikkje klarer å verte våt og opphissa nok, eller at du umedviten strammar muskulaturen i bekkenet - noko som kan forverre det heile.

Test deg . og bruk kondom

Om plagene du har fått ikkje går over i løpet av nokre dagar, er det fint om du snakkar med fastlegen din eller legen ved helsestasjonen for ungdom.

Har du hatt samleie utan kondom, og du ikkje veit om den du hadde sex med, er smitta av ein kjønnssjukdom, er rådet at du sjekkar deg for kjønnssjukdom (seksuelt overførbare infeksjonar) omtrent to veker etter samleiet utan prevensjon.

Dette rådet gjeld same om du får plager eller ikkje, fordi du kan verte smitta av enkelte kjønnssjukdommar utan å få nokre symptom på det. Det er berre kondom som kan verne mot både graviditet og seksuelt overførbare infeksjonar.

Nokon kan få ubehag, kløe, svie og smerter av andre årsaker som eksem eller andre hudsjukdommar. Det er derfor viktig å snakke med lege om plagene ikkje går over.