Mange er opptekne av kva som er normalt og ikkje ved eigen kropp og sex. Det er normalt at vener kan vere nysgjerrige på litt forskjellige ting.

Når du utforskar deg sjølv og din seksualitet, er det du som set grenser for kva du gjer og ser på. Det meste er greitt så lenge du ikkje skadar deg sjølv. Utforsking som du gjer med andre er også greitt, så lenge det er heilt frivillig, begge ønskjer det og samtykker til det – og at det foregår innenfor rammene av norsk lov.

Startar med å utforske seg sjølv

Dei fleste startar tidleg med å utforske seg sjølv, og etter kvart kanskje saman med venene sine. Nokre startar alt medan dei er små med å ta på og kose med tissen sin, andre ikkje før dei er nærare puberteten. Gjennom kos, klem og leik (som til dømes doktorleikar og mor-far-barn), lærer du gradvis å bli kjent med kroppen din.

Det du gjer og opplever i barneåra, har mykje å seie for korleis seksualiteten din utviklar seg. Erfaringane i desse åra dannar grunnlaget for tilknyting og intimitet seinare i livet, og for tryggleiken til å bestemme over eigen kropp.

Når du kjem i puberteten, tek du mykje meir bevisste val med tanke på kva du vil utforske og på kva måte. Det er ein naturleg del av utviklinga. Ofte er det lett å følgje «alle andre». Det er få som ønskjer å skilje seg ut, men det beste er å gjere det DU liker og er nysgjerrig på.

Onanering

Dei aller fleste onanerer. Nokre startar med det alt når dei er små barn, medan andre oppdagar onani når dei kjem i puberteten. Kor ofte kvar enkelt onanerer, varierer. Somme onanerer mange gonger om dagen, medan andre nokre gonger i veka eller månaden. Nokre gjer det sjeldnare eller kanskje aldri. Uansett kor ofte, så må du gjere det som kjennest riktig for deg.

Når du onanerer, blir du kjent med kva som er deileg for deg, kvar det er godt å ta på deg sjølv og på kva måte som er best. Det er flott å bli kjent med kroppen og underlivet ditt - både korleis du ser ut og korleis du fungerer.

Både gutar og jenter kan ha nytte av å sjå seg sjølv i ein spegel. Spesielt jenter har ei utfordring med å vite korleis vulva (fitta) ser ut, og kvar klitoris, skjedeopninga og endetarmsopninga er.

Sjå gjerne også i spegelen når du er opphissa, slik at du kan sjå korleis kjønnsorganet ditt endrar seg når du blir kåt og du tek på det.

Det finst ingen rett eller feil måte å onanere på. Har du funne ein eller fleire teknikkar som fungerer for deg, så kos deg med det.

 

Utforske med vener

Det er ikkje uvanleg at nære vener på eit tidspunkt byrjar å utforske kvarandre sine kroppar. Nysgjerrigheita fører dei til å byrje med å ta på kvarandre, kysse og kose med kvarandre.

Det kan vere vener anten av same eller av motsett kjønn. Veninner og kompisar øver seg på kvarandre, og det er ein naturleg del av den seksuelle utviklinga.

Det er greit å utforske sex med en venn så lenge dere er enige om det.

Det de gjer saman, kan vere ei hjelp til å finne ut kvar og korleis det er deileg, og kvar det ikkje er så deileg. Rett og slett ein måte å bli betre kjent med seg sjølv, og samtidig øve seg opp på å dele seksualiteten din med ein annan.

For nokre endar det også opp med at dei utforskar litt med fetter eller kusine. Det er det heller ikkje noko gale i å gjere, sjølv om dei er i slekt. Derimot er utforsking og seksuelle aktivitetar mellom søsken ikkje tillate.

Ofte startar det med at de byrjar å snakke om sex. Å snakke om sex med nokon er også ein fin måte å utforske sex på.

Så utviklar det seg kanskje til at ein eller begge to tek initiativ til å kysse og kline, og kose med kvarandre sine kroppar. Nokre utforskar også kvarandre sine kjønnsorgan og stimulerer på forskjellig måte, og på den måten finn dei ut kva som er deilege berøringar og bevegelsar.

Nokre onanerer også saman med vener og kanskje endar det også med at dei har sex saman. Det kan vere greitt, men det kan også bli litt komplisert i ettertid.

Utforske fantasiar og draumar

Mange bruker fantasiane sine når dei utforskar seg sjølv og onanerer. Andre synest det er vanskeleg å fantasere. Dei veit ikkje kva dei skal fantasere om.

Det viktigaste er å berre la tankane flyge når du utforskar kroppen, og gjere det som intuitivt kjennest riktig. Då dukkar det ofte opp ein fantasi i hovudet ditt som du berre kan følgje vidare.

Les mer på ung.no om hva som gjør at du blir kåt.

Ikkje stopp fantasiane du eventuelt får fordi du blir flau over dei eller er redd for at dei er «feil». Ingen treng å vite kva du fantaserer om, det er det berre du som veit. Fantasiane er der berre for å hjelpe deg til å bli og bevare kåtskapen.

Det er to ulike måtar å drøyme om sex. Den eine er å drøyme om natta når du søv, den andre er den du kan dagdrøyme om (fantasere om) når du er vaken.

Mange opplever at draumane dei kan få om natta når dei søv, kan vere ganske urealistiske, merkelege, rare og til og med ulovlege. Dette kan vere forvirrande, men då er det viktig å hugse at det du drøymer, ikkje er eit realistisk bilete på seksualiteten din. Det er berre ein draum.

Dagdrøymer du om sex, så er det veldig vanleg å tenkje på det som ei opptrening for den seksuelle fantasien din. Så lenge dette er noko som berre går føre seg inne i hovudet ditt, og ikkje ute i det verkelege livet, er det heller ikkje farleg eller ulovleg.

 

Porno

Porno er lett tilgjengeleg på nettet, og derfor er det veldig mange som ser og bruker porno. Det er ikkje nødvendigvis noko gale i det. Men ser du veldig mykje på porno, kan du bli påverka av det du vel å sjå på, slik at utviklinga di tek ei anna retning enn ho ville gjort utan porno.

Tilrådinga er at du eventuelt berre bruker porno som eit krydder ein gong iblant, og at du onanerer vesentleg utan bruk av porno. Det er deg sjølv du skal vere nysgjerrig på, utforske og bli kjent med. Du skal ikkje vere avhengig av porno for å få lyst på sex, og det kan skje om du ser mykje på porno.