Bindingstid

Mange treningsavtalar har bindingstid. I desse tilfella er det særleg viktig å setje seg inn i avtalevilkåra før du skriv under kontrakten.

Før du inngår medlemsavtalen, bør du i det minste undersøke og ta stilling til følgjande:

  • Kva kostar det å trene, inklusive alle etableringsgebyr, startavgifter, osv.?

    Kva er inkludert i denne prisen og har eg råd til dette i heile avtaleperioden? Må du betale ekstra for å delta på timar/barnepass e.l.? Hugs at du må betale for heile bindingstida!

  • Krev senteret bindingstid og i tilfelle kor lang er den?

    Forbrukarombodet rådar generelt forbrukarar til ikkje å inngå avtalar med lengre bindingstid enn eitt år.

  • Gir senteret prøvetime, prøvemedlemskap eller rett til å avbestille?

    Det kan vere lurt å stille dette som vilkår, slik at du unngår å bli bunde til ein lang avtale dersom senteret ikkje svarar til forventningane dine. Gjer deg i tilfelle kjend med kva som skal til for at du blir bunde til ein eventuell avtale.

  • Kan du "fryse" avtalen, dersom du har behov for det? Kva er vilkåra for å «fryse» avtalen?

    Mange treningssenter krev førevist sjukemelding frå lege for å få innvilga søknad om "frysing".

  • Er dette ei treningsform som passar for meg?

    Er du usikker, bør du finne ut av dette før du inngår avtale om bindingstid. Hugs at om du først har skrive under på ein treningskontrakt med bindingstid, vil treningssentra krevje betaling frå deg i heile bindingstidsperioden, sjølv om du ikkje nyttar treningstilbodet deira.

  • Passar opningstider og treningstilbod med mitt behov?

  • Kva skjer når bindingstida har gått ut?

  • Korleis må eg seie opp avtalen? Kor lang oppseiingstid er det?

    Dei fleste treningskontraktane går etter bindingstida sitt utløp over til å vere løpande oppseielege. Dette betyr at dersom du ønskjer å melde deg ut, må du aktivt gjere det. Å slutte å betale er ikkje det same som å seie opp.

  • Har du lest gjennom heile kontrakten nøye?

    Hvis svaret her er nei, risikerar du å skrive under på noko du ikkje kan akseptere. Difor bør du, som alltid elles, ta deg tid til å lese heile kontrakten nøye. Legg særleg vekt på betalingsreglar, frysreglar og oppseiingsreglar. Be om å få eit eksemplar med deg heim, slik at du kan lese gjennom vilkåra i ro og mak, før du skriv under.

Tilbod om avtalar utan bindingstid

Kan du ikkje akseptere avtalevilkåra til treningssenteret, sjå etter alternativ i marknaden. Fleire treningssenter har tilbod om avtalar utan bindingstid.

Finn du vilkår du ikkje synes er rimelege, kan du jo òg fortelje leiinga ved treningssenteret om du finn vilkår som du ikkje synes er rimelegdette. Om mange nok etterspør til dømes attraktive alternativ til bindingskontraktar eller betre høve for å «fryse» avtalen sin ved behov, vil senteret kanskje endre praksisen i tråd med kundane sine ønske.

God trening!

 

Husk at Forbrukarombodet vurderer standardavtalar på generelt grunnlag. Treng du hjelp i ein konkret tvist, kan du kontakte Forbrukarrådet.