Dette er lovfesta i Lov om yrkesskadeforsikring. Forsikringa skal dekke yrkesskade og yrkessjukdom, og gi full erstatning anten du har skuld i hendinga eller ikkje.

Dette skal forsikringa dekke:

  • Skade og sjukdom forårsaka av ei arbeidsulykke (yrkesskade)
  • Skade og sjukdom likestilt med yrkesskade etter folketrygdlova
  • Annan skade og sjukdom forårsaka av skadelege stoff eller arbeidsprosessar

Merk: Belastningsskadar blir ikkje rekna som yrkesskadar.

 

Kva for tap blir dekte?

Yrkesskadeforsikringa kan gi krav på betydelege utbetalingar i tillegg til det arbeidstakaren har krav på etter folketrygdlova.

Aktuelle krav er:

  • påførte og framtidige utgifter, for eksempel til medisinsk behandling og hjelp i heimen
  • inntekt som allereie er tapt og tap i framtidige inntekter på grunn av skaden/sjukdommen.
  • erstatning for varige mein
  • erstatning til visse etterlatne ved dødsfall der det er ektefelle eller sambuar (to år eller felles barn og bustad), eventuelt partnar. Dette gjeld også når ein har barn under 20 år og eventuelt andre som blei forsørgde.

Lova gjeld ikkje oppreisning for skade av ikkje-økonomisk art. Ved grov aktlaus åtferd frå arbeidstakaren kan erstatninga bli redusert eller falle heilt bort. Dette skal likevel ikkje innskrenke retten dei etterlatne har til erstatning.

Korleis melde frå?

    Arbeidsgivaren skal:

  • melde til NAV (blankett NAV 13.07.05) ved yrkesskade eller yrkessjukdom som fører til medisinsk behandling, sjukemelding i meir enn tre dagar, og/eller som kan gi rett til ytingar etter folketrygdlova
  • sende skademelding i alle tilfelle der NAV ber om det eller arbeidstakaren ønsker det
  • straks varsle Arbeidstilsynet og politiet ved alvorleg skade eller død

    Arbeidstakaren skal:

  • melde frå til NAV om yrkesskade eller yrkessjukdom, dersom arbeidsgivaren ikkje gjer det
  • sende skademelding til forsikringsselskapet til arbeidsgivaren så snart som mogleg

    Legen skal:

  • sende skriftleg melding til Arbeidstilsynet dersom det er mistanke om at plagene til ein pasient har samanheng med arbeidssituasjonen