Nordjobb hjelper deg med å skaffe sommarjobb og bustad i Sverige og Danmark, men også på Færøyene, Grønland, Island og Finland. Du må vere mellom 18 og 30 år, og du får hjelp til alt frå søknad til tilsetting.

I tillegg bidrar Nordjobb med å finne ein bustad du kan leige i nærleiken av der du skal arbeide. Du har også mogelegheit til å få råd og hjelp undervegs om opphaldet ikkje blir slik du hadde tenkt. Reise og leige av bustad betaler du sjølv.

Mange typar arbeid

Nordjobb har eit mangesidig jobbtilbod. Du kan finne jobbar innan hotell- og restaurantnæringa og heimesjukepleien. På Island har du gode mogelegheiter som jordbruksarbeidar eller postbod. Finland har ettertrakta praksisplassar for lækjar-, tannlækjar- og sjukepleiestudentar. Det same gjeld Åland og Sverige. I tillegg finst det ei rekke mogelegheiter innan lager, logistikk, callsenter og andre bransjar der kompetansekrava ikkje er så høge.

Nordjobb krev ingen tidligare jobberfaring eller bestemt utdanning, men det kan vere ein føremon. Det er uansett arbeidsgivaren som bestemmer kven han vil tilsette.

 

Spanande kulturtilbod samstundes som du jobbar

Under opphaldet i vertslandet får du mogelegheit til å ta del i eit kultur- og fritidsprogram. Aktivitetane og arrangementa er varierte. Om det er bad i islandske kjelder, sveitting i finske røykbadstuer eller språkkurs på ettermiddagane, er hovudmålet med kultur- og fritidsprogrammet at Nordjobbarane blir kjende både med vertslandet og med kvarandre.

Ei viktig erfaring

Veronica var ei av dei som fekk jobb gjennom Nordjobb. Ho var deler av sommaren på den minste av dei 18 øyene til Færøyene, Mykines. Hun arbeidde i det som er det kombinerte hotellet, butikken, kafeen og restauranten på øya, Kristianshus.

- Eg var i utgangspunktet nokså skeptisk til å jobbe på Mykines, men no er eg berre glad det var der eg hamna, seier Veronica.

På spørsmål om kvifor hun søkte seg til Færøyene framfor pulserande byar som København, Stockholm og Helsinki, kjem svaret kjapt.

- Det var først og fremst eventyret, det å reise ut til ein stad ingen veit så mykje om, som var forlokkande.

Veronica fortel at den kanskje aller største drivkrafta er at det å ha jobba i eit anna land ser veldig bra ut på CVen.

- Eg har veldig lyst til å bli studierettleiar, og då ser det unekteleg bra ut å ha vore utanlands og opplevd litt forskjellig, seier ho lurt.

Meir informasjon om Nordjobb finn du på www.nordjobb.org.