Hopp til hovedinnholdet

Barn/ungdom som bur i utlandet

Er det noka organisert oppfølging frå dei norske styresmaktene si side av barn som bur i utlandet?

Offentlig og kvalitetssikret

Dette gjeld alle grupper norske barn som av ulike grunnar oppheld seg i utlandet som følgje av at foreldra arbeider, bur eller har engasjement utanfor Noreg.

For barn av vaksne som jobbar på utanriksstasjonar i andre land

Dei departementa som har ansvar for utestasjoneringar, Utdanningsdepartementet (UD) og Forsvarsdepartementet (FD), opplyser begge at dei har rutinar for å ta hand om tilsette og familiane deira både før, under og etter utanlandsopphaldet.

Skole/språk/undervisning

Departementa blei på bakgrunn av ei undersøking einige om at det først og fremst er på områda skole/språk/undervisning at barna kan få til dels store problem i utlandet, og at barn med spesielle behov – fysisk, psykisk og sosialt – er i ein særleg utsett posisjon. Dette samsvarer med opplysningane frå IBAN (Interesseorganisasjon for barn av nordmenn busette i utlandet).

Leggje opp best mogleg undervisning

Kunnskapsdepartementet(KD) er ansvarleg for å godkjenne, gi tilskot til og ha tilsyn med dei private skolane i utlandet. UFD ved Fylkesmannen i Oslo og Akershus har ei pedagogisk-psykologisk teneste for skolar i utlandet. Denne tenesta skal hjelpe til med å vurdere om elevar har behov for spesialundervisning, og hjelpe skolane i arbeidet med å leggje opplæringa til rette for elevar med særskilde behov. Dersom det er nødvendig å styrkje tilbodet til utsette barn, gjer ein dette i samarbeid med skolane heller enn å byggje ut eit nytt hjelpeapparat.

Kvar skal ein ta kontakt om det ikkje går så bra?

Fornyelsesdepartementet (BLD) har utarbeida ei handbok som tek for seg kvar barn og vaksne kan vende seg dersom det oppstår problem. Denne oppskriftsboka sendast ut til skolar der det går norske elevar, til norske utanriksstasjonar, til sjømannskyrkjer og til turoperatørar som sel langtidsopphald. Dermed vil boka også kunne nå dei barna som ikkje har tilknyting til norske utanlandsskolar.

Les handboka (pdf).

Barnevern i andre land

Det høvet barnevernet har til å hjelpe barn som bur i andre land, er avgrensa fordi norsk barnevernlovgiving berre gjeld så lenge barnet oppheld seg i Noreg.

Dersom barneverntenesta kjenner til familien før utreise, kan kommunen sende ei bekymringsmelding til barnevernet i vertslandet med oppmoding om å følgje opp familien. Det vil likevel vere opp til barnevernstyresmaktene i det landet ein er i, om og eventuelt på kva måte saka skal følgjast opp.

 

Kjelde: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Var dette til hjelp?
Var dette til hjelp?

Spørsmål og svar

Jente 20; ufør med PTSD og vil flytte til utlandet
Hei Takk for spørsmålet. Det er leit å høre at du sliter med store vansker med sykdom i kroppen, tap av en nær venn og PTSD, og at du er blitt u...
En venn av meg skal flytte til utlandet, mister de sine rettigheter?
Hei Takk for at du skriver til oss! Det er forståelig at du er bekymret for vennen din og at du kommer til å savne henne. Du har mange spørsmål ...
Jeg har det ikke bra hjemme i det hele tatt
Hei Det høres ut som moren din ønsker å beskytte deg, men at det nå er tid for å gi deg litt mer frihet og at hun ikke helt greier det.  Du fø...
Reise til Russland - hva bør jeg vite om?
Hei Takk for at du spør oss!  Ifølge Utenriksdepartementet er det visumplikt for norske statsborgere både ved inn- og utreise til Russland. Visu...
Har begynt på eneglsk skole i Dubai og mistrives. Hva skal jeg gjøre?
Hei og takk fpr spørsmål Det er ikke noe ålreit å mistrives når man befinner seg langt unna det man er vant til. Jeg forstår at skolehverdagen ...