Dersom du har det vanskeleg heime, er det viktig at du snakkar med nokon om det og får hjelp. Barnevernet er der for å hjelpe barn og familiar som har det vanskeleg heime. Du kan kontakte barnevernet på fleire måtar:

Alle kommunar har ei barnevernteneste, og du kan ta kontakt med barneverntjenesten der du bor, eller ringje Alarmtelefonen til barnevernet på 116 111 hele døgnet.

Du kan også sende inn ei digital bekymringsmelding. Det gjer du ved å gå til digitalt skjema for bekymringsmelding. Der kan du lese meir om kva ei digital bekymringsmelding er og korleis du sender den inn.

Barnevernet vurderer saka

Når barnevernet får melding om at eit barn eller ein ungdom ikkje har det bra heime, skal dei vurdere om dei skal setje i gang undersøkingar eller ikkje. Dette skal dei gjere innan éi veke frå dei har fått bekymringsmeldinga.

Dersom dei bestemmer seg for å gå vidare med saka, opprettar dei det vi kallar ei undersøkingssak for å finne ut meir om situasjonen til deg som har meldt bekymring.

Snakkar med foreldra dine og andre vaksne

Barnevernet har som regel tre månader på seg til å undersøkje saka nærare. I denne perioden snakkar dei med deg, med foreldra dine og med andre vaksne rundt deg, som til dømes læraren din på skulen.

Dette gjer dei for å høyre meir om korleis du har det og korleis foreldra dine er. Dei kjem vanlegvis også på besøk til deg for å få eit betre inntrykk av korleis de har det heime.

I løpet av undersøkinga kan barneverntenesta finne ut om du og foreldra dine treng hjelp og støtte. Kva slags hjelp dette er, kjem heilt an på kva dei tenkjer er det beste for deg, og kva familien din sjølv ønskjer. Det finst fleire måtar barnevernet kan hjelpe på.

Ønskjer å hjelpe familien heime

Mange har eit bilete av at barnevernet tek barn vekk frå foreldra og plasserer dei i fosterheimar eller på institusjonar, og er derfor redde for å ta kontakt med barnevernet.

Det er viktig å vite at barnevernet aller helst vil hjelpe familiane heime. Det kan dei gjere på fleire måtar. Til dømes kan dei gje foreldra dine råd og rettleiing og ha samarbeidsmøte med skulen.

Dei kan også gje deg hjelp ved å tilby støttekontakt, støtte til fritidsaktivitetar, ein besøksheim eller liknande. For barn og ungdom som opplever mykje krangling heime, kan det hjelpe å få rettleiing til korleis ein er mot kvarandre og korleis ein snakkar saman.

Når blir barn flytta frå foreldra sine?

Dersom situasjonen heime hos deg er veldig alvorleg, kan barnevernet ta over omsorga for deg. Dersom foreldra dine ikkje vil dette, er det fylkesnemnda - eit domstolliknande organ, som kan bestemme dette.

Det å flytte eit barn eller ein ungdom bort frå foreldra, er som regel siste utveg. I dei aller fleste tilfella vel barnevernet andre løysingar, og du skal sjølv få meine noko om kva du trur kan hjelpe for familien din.

Då er det viktig å vere tydeleg og seie korleis du har det, og kva du trur kan hjelpe.

Du har rett til å uttale deg og til å få informasjon før barnevernet tek avgjerder som handlar om eller går ut over deg.

Dei vaksne du bur med, har ansvar for å beskytte deg og gje deg omsorg. Dersom foreldra dine ikkje klarer, eller ikkje vil, gjere det barnevernet tilrår, kan det tyde at du ikkje får den omsorga du har krav på. Då kan barnevernet vurdere omsorgsovertaking. Det vil seie at nokon andre enn foreldra dine får omsorg for deg og at du ikkje bur heime lenger. I desse tilfella skal det også leggjast vekt på kva du meiner.

Nokre gonger må barn flyttast raskt

Dersom du blir utsett for noko veldig alvorleg heime, som til dømes vald eller seksuelle overgrep, må barnevernet flytte deg ut av heimen raskt. Det er det som blir kalla ei akutt- eller hasteplassering.

Barnevernet kan flytte deg til ein annan heim eller til ein institusjon. Dei skal alltid prøve å finne nokon som kjenner deg som du kan bu hos ei stund. Nokre gonger når det er snakk om vald og seksuelle overgrep, vil barnevernet også varsle politiet.