Det er foreldra sitt ansvar å gje barna sine omsorg, men dersom foreldra ikkje strekkjer til, kan barnevernet bidra for å sikre at barn og ungdom får omsorg, tryggleik og høve til utvikling.

Hovudoppgåva til barnevernet er å gje barn, unge og familiar hjelp og støtte i vanskelege situasjonar.

Omsynet til barnets beste er det viktigaste i barnevernssaker. Dersom det er konflikt mellom barnet og foreldra sine interesser, må barnevernet gjere ei avveging. Dei skal leggje særleg vekt på omsynet til barnets beste.

Barn skal helst bu heime

Barn skal bu heime dersom det er mogleg. Barnevernet skal gjere det dei kan for å hjelpe til i heimen slik at det skal bli godt å bu der for alle i familien.

Barnevernet skal først og fremst gje hjelp og støtte slik at foreldra sjølve kan gje barna sine god omsorg. Hjelp og støtte kan til dømes vere råd og rettleiing, avlasting i helgar, besøksheim, foreldregrupper, støttekontakt eller støtte til fritidsaktivitetar.

Ansvar for å gripe inn

Nokre gonger, i alvorlege tilfelle, er det ikkje til barnets beste å bu heime. Då må barnevernet ta over omsorga. Dette kan skje med eller mot familien sitt ønske. Det er berre fylkesnemnda - eit domstolliknande organ, som kan bestemme om barnevernet skal ta over omsorga når det er mot foreldra sitt ønske.

FAKTA

Barnevernet skal gje barn, unge og familiar hjelp og støtte når det er vanskeleg heime, eller når barn eller ungdomar av andre grunnar treng hjelp, til dømes på grunn av rus eller åtferdsproblem.

Du kan lese mer om barnevernet på bufdir.no

Dersom den hjelpa som er gjeven heime, ikkje fungerer, har barnevernet også eit ansvar for å finne andre alternativ. Det kan til dømes vere nødvendig å finne ein annan stad barnet kan bu i ein kortare eller lengre periode.

Kven kan seie frå til barnevernet?

Barnevernet tek imot varsel frå alle som bekymrar seg for eit barn. Det kan vere barnet sjølv, nokon i familien, nabo, skule, helsesjukepleiar, lege, trenar, ungdomsklubbleiar eller andre.

Når barnevernet får slike varsel, set dei i gang undersøkingar for å finne ut om barnet eller familien treng hjelp og støtte, og kva som er grunnen til dette.

Du finn meir informasjon om barnevernet hos Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir).