Hopp til hovedinnholdet

På bustadjakt? Her får du tipsa!

boligannonser jente (colourbox.com)
BOLIGTIPS: Vær kreativ i jakten på ny bolig. Bruk venner og bekjente, internett, sjekk studenthybler eller kontakt profesjonelle utleiere og eiendomsmeglere.

På jakt etter ein stad å bu? Ung.no gir deg 5 tips til kvar du bør leite, slik at draumehusværet til slutt vert ditt.

boligannonser jente (colourbox.com)
BOLIGTIPS: Vær kreativ i jakten på ny bolig. Bruk venner og bekjente, internett, sjekk studenthybler eller kontakt profesjonelle utleiere og eiendomsmeglere.

Det er ikkje alltid så lett å komme seg inn på leigemarknaden. Særleg rundt studiestart er det mange om beinet og stor rift om hyblar og husvære.

1. Bustadannonsar – på nett og i avis

Leit overalt. Sjekk annonsar på internett, i lokalaviser, på oppslagstavler osv. Ver førebudd på at jakta kan ta tid, det gjeld å ikkje gi opp. Når du finn ein annonse du synest verkar interessant, kontakt utleigar straks du ser annonsen. Mange vil på vising, ver tidleg ute med å ringe. På den måten er det større sjanse for at du får komme på visinga og det er lettare for utleigar å hugse deg.

Ei rekke nettsider har annonsar for bustader til leige. Ver merksam på at det nokre stader kostar pengar å registrere seg, og at utvalet varierer mykje. Du kan også legge ut annonse sjølv, "leitar etter bustad til leige". Ver klar over at du risikerer å verte kontakta av veldig mange. Ikkje alle er seriøse, og ikkje alle har gode formål eller bustad til leige. I den grøne boksen til høgre ser du nettsider med annonsar for bustad til leige.

Det kan også løne seg å lage ein “bustad-CV". Dette inneber at du skriv ned kvar du har budd tidlegare, og oppgir ein tidlegare utleigar som referanse. Når du er på vising, presenter deg for utleigar på ein høfleg måte med fast handtrykk, vis interesse for bustaden og still gjennomtenkte spørsmål. Gi samstundes frå deg bustad-CV-en. På denne måten står du fram som seriøs og påliteleg, og utleigar kan kontakte referansen din dersom han/ho vurderer å leige ut til deg. Dette gjer at du skil deg ut på ein positiv måte.

Her finn du Forbrukarrådets husleigeavtale.

Her finn du sjekkliste for leige av bustad og kan lese meir om husleigereglar

2. Bruk nettverket ditt og sosiale medium

Har du Facebook, Twitter, LinkedIn og/eller blogg? Bruk desse aktivt i jakta på bustad. Skriv på statusen at du leitar etter ein stad å bu, og spør om andre har tips. Mange finn ein stad å bu gjennom nokon som kjenner nokon som kanskje veit om noko som er ledig. Det kostar deg ingenting, og kanskje får du også vite om husvære som ikkje vert lagt ut nokon annan stad.

Fortel også alle du kjenner at du leitar etter ein stad å bu. Kanskje har nokon eit husvære i ein kjellar som dei vurderer å leige ut, eller dei veit om ein stad som snart vert ledig. Foreldre og annan familie, venner, foreldre sine venner, folk du kjenner, studiekameratar og arbeidskollegaer bør få vite at du er på jakt etter husvære. Utleiegarar vil helst leige ut til nokon dei kan "gå god for" gjennom sitt eige nettverk.

3. Lag annonse sjølv

Du kan sjølv sette inn annonse i lokalvisa eller på nett, henge opp plakat på oppslagstavle ved skulen, i butikken, på busshaldeplassen, på lyktestolpar eller liknande. I annonsen bør du skrive kva slags bustad du leitar etter (hybel, kor mange rom, kollektiv osv.), kva område du vil bu i og kva månadsleige du kan tenke deg å betale. Det kan også vere lurt å informere om at du er student, har fast arbeid osv. Hugs å skrive korleis du vil verte kontakta (telefonnummer og eventuelt e-post). Heng du opp plakatar, lag små lappar med namnet og telefonnummeret ditt som interesserte kan rive av.

4. Profesjonelle utleigarar og eigedomsmeklarar

I større byar finst utleigefirma og eigedomsmeklarar som formidlar leigebustader. Du kan for eksempel google "bustadutleige" eller leite etter kontaktinformasjon på Gule sider. Ofte kan du sende inn søknadsskjema via nettsidene deira. Vil du bruke meklar, sjekk at dei er tilknytte Noregs eigedomsmeklarforbund. Ver også klar over at leigeprisen på husvære kan vere litt høgare når ein brukar meklar, fordi meklaren får betalt gjennom høgare leigepris.

5. Studenthybel

Viss du er student, bør du sjekke om studentsamskipnaden tilbyr studenthyblar. Ver ute i god tid, rundt studiestart er trykket stort. Studenthybel er ei fin boform for deg som flyttar heimanfrå for første gong, og det kan vere veldig sosialt. Det finst studenthyblar der du deler kjøken og bad med andre, men også dyrare husvære for både par og familiar. Får du ikkje bu der du ønsker med ein gong, kan du stå på venteliste til noko vert ledig. Les meir om studenthybel i denne artikkelen på ung.no.

Bonustipset:

Dei fleste har svært høge krav når dei startar jakta etter bustad. Ein vil bu sentralt og der alt skjer, helst med høg standard. Hugs likevel at desse husværa går først og ofte er svært dyre. Det er vanskelegare å finne seg ein stad å bu i sentrumsnære område, enn litt utanfor byane. Og du kan spare mykje på å bu litt utanfor, både i leigepris og forbruk. Pengar som kanskje kan kome godt med til andre ting? I nabokommunane kan det vere fleire ledige bustader, og som regel er leiga lågare. Undersøk kva kollektivtransport som finst, og hugs at du får studentrabatt på månadskort. Sjekk også om rom i kollektiv kan vere lettare å finne enn eige husvære. Å bu i kollektiv med venner eller jamaldra er sosialt, og ofte også billegare enn å leige noko heilt på eiga hand.

Krev depositumskonto

Depositum er for å sikre at utleigar får husleige eller erstatta ting som du øydelegg og ikkje har pengar til å erstatte. Det skal settast inn på eigen depositumskonto av utleigar og skal stå i ditt namn. Studentsamskipnadene er unntatt. Dei kan sette pengane inn på ein felles konto. Utleigar skal betale kostnaden for kontoen.

Set aldri depositum inn på utleigar sin personlege konto. Då har du har ingen kontroll, og det kan verte vanskeleg å få att pengane.

Ikkje sjeldan vert det usemje om skadar på bustaden i etterkant, eller utleigar kan hevde at noko er borte. Du kan sikre deg mot erstatningskrav ved å bruke vårt overtakings- og tilbakeleveringsskjema. Ta bilete og skriv ned kva skadar som allereie finst i bustaden når du tek over, slik at du ikkje får skulda for herjingane til tidlegare leigetakarar.

Her finn du Forbrukarrådets overtakings- og tilbakeleveringsskjema.

Var dette til hjelp?
Var dette til hjelp?

Spørsmål og svar

Hvordan kan det være mulig for meg å flytte ut uten penger? 
Hei, Takk for spørsmål!Det høres ut som om du har flyttet mye frem og tilbake, og jeg skjønner godt at du har lyst til å høre til et sted nå. ...
Lurer på hvor stort 15kvm er?
Hei Det er vanskelig å si over nettet hvor stort 15 kvadratmeter er, men tenk deg fire meter i kvadrat, dvs 4x4 = 16 kvdratmeter. Mål gjerne opp i ...
Kan jeg gå VGS i et annet fylke?
Hei, og takk for ditt spørsmål! Så bra du har tenkt på hva slags videregående skole du ønsker å gå! Finnes ikke utdanningsprogrammet i Akershu...
Vil jeg klare det økonomiske ansvaret ved å flytte hjemmefra?
Hei, og takk for spørsmål! 1. Du må selv regne på utgiftene og inntektene dine for å finne ut om du har råd til å flytte. Det lureste du kan ...
Mye som foregår i hverdagen...
Hei Du har absolutt en svært travel hverdag og ofte kan det bli litt mye for tankene å takle. Mitt beste råd til deg vil være å ta en ting av ga...
Skal flytte til Oslo for å gå på skolen. Hybel/leiligheter man kan leie?
Hei, og takk for spørsmål! Kjempebra at du har begynt hybeljakten. Mange synes det er vanskelig å finne seg et sted å bo. Derfor er det viktig at...
Ønsker å flytte. Finne leilighet eller finne jobb først?
Hei, og takk for spørsmål! Det finnes nok ingen fasitsvar for hvilken rekkefølge du bør gå fram i her. Personlig ville jeg imidlertid absolutt f...
Kan jeg bo på studentbolig under vgs?
Hei. I de aller fleste tilfeller er studentboliger forbeholdt studenter ved høyere utdanning.  Det er likevel mulig å spørre den videregående s...
Må få studentbolig
Hei Mange bosetter seg i kollektiv, dersom de ikke får plass i studiebolig. Disse kan man ofte finne lapper for hengende på oppslagstavler på camp...
Jeg har lyst å gå på skole i Bergen. Flytte. Stipend. Jobb. Hvor bo?
Hei,og takk for spørsmål! 1. I midten av juli (konkret dato kan variere litt) kan du logge inn på Vigo.no og sjekke hvilket utdanningsprogram og ...
Flytte hjemmefra. Hvor mye koster det?
Hei, og takk for spørsmål! Hvis du skal studere ved høgskole/universitet, så vil du ha mulighet til å søke stipend og studielån gjennom Lånek...
Side på nett for å finne noen å flytte med?
Hei. Takk for spørsmålene. På Uninite kan man finne folk å bo sammen med. Dette kan du også på Hybel.no. På disse sidene og Finn.no kan ...
Hvor i Norge er det lett å få jobber?
Hei. Så spennende at du leter etter jobb og bolig! 1. Hvor i Norge er det lett å få jobber? Det varierer etter hva man vil jobbe med, men det er...
Hvordan flytte mellom to byer billigst mulig?
Hei Siden du ikke skriver noe om hvor langt det er mellom de to byene vet jeg ikke om du kan ta flere runder hvor du tar med deg det du kan bære sel...
Skolen ligger langt unna, og jeg må flytte på hybel.
Hei Dersom du skal gå på en videregående skole som ligger så langt unna der foreldrene dine bor at du må bo på hybel, så kan du ha rett til b...
Hvordan skal jeg få råd til å bo som student?
Hei, takk for at du kontakter oss. Du spør først om hvordan du får råd til å bo. Hvis du får studieplass, kan du få studielån fra Lånekasse...
Hvordan blir jeg dyrepasser?
Hei. Så spennende at du vil bli dyrepasser! Dyrepasser er ofte en stilling som fins i dyreparker. For å bli dyrepasser kreves normalt ikke noen bes...
Har jeg rett på kommunal bolig?
Hei, og takk for at du skriver til oss. Vi forstår at du er i en vanskelig situasjon. Vi kan dessverre ikke svare deg her på ung.no om du har rett ...
Hvordan i helsikken skal vi få råd til å flytte med såpass liten inntekt?
Hei, og takk for spørsmål! Når du skal studere, kan du søke om stipend og studielån gjennom Lånekassen.   Utover ordningene hos Lånekassen,...
Se alle