Hopp til hovedinnholdet
Zelda © Lina Neidestam, distr. strandcomics.no
Zelda © Lina Neidestam, distr. strandcomics.no

A-Å

Gåvekort og byterett – dette bør du vite

Gavekort

Mange vil gje og få gåvekort til jul, konfirmasjon og bursdag. Veit du kva for rettar du har med gåvekort, eller kva du kan krevje om du vil byte ei gåve? Forbrukarombodet gjev deg tipsa du treng.

Offentleg og kvalitetssikra

Det finst ingen lovfesta rettar når det gjeld gåvekort og byte av varer. Her er nokre tips for å unngå krangling i butikkane etter jul.

Gåvekort

Det er mange grunnar til å gje gåvekort til jul, mellom anna at mottakaren får bestemme sjølv kva han vil ha, og at man kan få meir for pengane i romjulssalet. Kan butikken bestemme at gåvekort ikkje gjeld på salsvarer?

  • Vi har ingen lovreglar om gåvekort.
  • Sjå alltid etter om gåvekortet har nokre avgrensingar. Til dømes om det berre er gyldig i ein kort periode eller ikkje gjeld for alle varer i butikken.
  • Spør seljaren om gåvekortet kan nyttast på salsvarer eller ikkje.
  • Gåvekorta er gyldige i 3 år om ikkje anna er sagt.
  • Om ein ikkje handlar for heile summen på kortet, kan ein til vanleg ikkje få kontantar tilbake, men ein tilgodelapp.
  • Les alt med lita skrift på gåvekortet!

Se Forbrukerrådets tips om gavekort.

 

gaver (colourbox.com)

 

Å byte varer

Ein treff ikkje alltid like godt med gåvene. Nokre gonger er buksa for stor eller genseren har feil farge. Kva rettar har ein eigentleg til å byte julegåver? Vi har ingen lovbestemt byterett, men mange forretningar tilbyd ei byteordning. Dei kan bestemme vilkåra for byteretten sjølv.

  • Det er alltid lurt å be om bytekort, passe på kvitteringa og kontakte butikken så snart som råd.
  • Varen må vere ubrukt og utan skadar - i somme tilfelle får du ikkje byte varen dersom du har brote emballasjen.
  • Hygieniske artiklar, kroppsnære klede, særleg ømfintlege varer eller varer som tapar seg raskt i verdi får ein ofte ikkje byte. Avtal difor særskilt med seljaren når du kjøper slike gåver.
  • Dersom det er noko i vegen med varen, kan du krevje ny vare eller reparasjon. I somme tilfelle kan du ha krav på avslag i prisen, heving av kjøpet eller skadebot.
  • I hovudsak kan ein berre krevje å få byte i same butikk eller kjede og til ein annan vare.
  • Oftast må ein seljar godta at du byter til ein dyrare vare dersom du betaler mellomlegget.
  • Du kan ikkje krevje å få pengar tilbake dersom varen du byter til, er vesentleg billigare enn den du hadde - men du kan krevje ein tilgodelapp som er gyldig i tre år om ikkje anna er sagt.
  • Kjøper du varen utanfor fast utsalsstad (mellom anna dørsal, messe, postordre, Internett), gjeld angrerettlova. Då har du 14 dagar angrerett.

Sjekk også ut Forbrukerrådets tips til hvordan du bytter julegaver.

 

 

Tekst og kjelde:

Forbrukarombodet

Var dette til hjelp?
Var dette til hjelp?

Kommentarer fra brukere Kommentarer


Du må fylle inn både navn og tekst for å sende inn skjemaet.

Legg inn en melding!

Obs! Ung.no svarer IKKE på spørsmål i kommentarfeltet. Send inn spørsmål på ung.no/oss

(HTML-tagger fjernes)

ukens tema

Skolehverdag

kommentar

#forhomofile: Jeg synes det er helt fantastisk når folk er åpne homofile. Flere ganger møter jeg folk og tenker, skulle ønske de var hetero, for de er jo DRITKULE. Men først å fremst, hvis du er homofil, ikke vær redd for å komme ut av skapet. Jeg tror ikke folk tror det er så rart som du kanskje forestiller deg. Og hvis folk har et problem med homofile, har de ett seriøst problem med hjernen sin også. Det å være homofil er like normalt som det å være hetro. Folk som ikke greier å skjønne dette, greier heller ikke å sette seg inn i den moderne verden. Det kan selvfølgelig være et lite sjokk for venner, familie og dine nærmeste, men hvis de godtar deg som du er, så godtar de dette også. Det burde de i hvertfall. Sånn som vi lever nå så synes jeg egentlig at det er unødvendig å måtte si at det er helt greit å være homofil, lesbisk, trans .osv. Dette burde folk skjønne fra før. Hvis sånn du er ikke skader noen eller særer noen så må du vise det. Verden trenger flere originale personer. Jeg går på en skole der nesten alle er klonet. Det er bare dure klær og dyre ting, og nesten alle de som er populære er kjempeslemme. Sånn burde det ikke være Lik denne kommentaren hvis du er for en ny og bedre verden. Les innlegg Liten pil høyre