Eit ønske om forhold eller vennskap

Det å utvikle eit ønske om eit nytt forhold eller eit vennskap med nokon, er ofte fullt av håp, forventningar og kjensler av at du likar den andre personen. Du kjenner at denne andre personen er nokon du har lyst til å bli betre kjend med, og du kjenner at du har lyst til å vere meir saman med dei.

Så om du då finn ut at dei ikkje kjenner det same, same om det handlar om romantiske kjensler eller vennskapelege, så er det ofte ei veldig knusande kjensle. Om du hadde masse håp og forventningar som bobla inne i deg, så er det utruleg kjipt å få det håpet knust.

Det er ikkje deg det er noko gale med

Om denne typen avvising skjer, så er det lett å kjenne på at det er vår eigen feil. Det er lett å tenke at det er vi som er problemet. Det er lett å seie til seg sjølv at ein ikkje er pen eller kjekk nok til at han/ho skal like oss tilbake, eller at vi ikkje er kule eller morosame nok til at denne andre personen skal ha lyst til å vere vennen din. Den kjensla kan verkeleg tære på sjølvkjensla til ein person, og det kan fort bli veldig dumt.

Det er viktig å minne deg sjølv på at det ikkje treng vere din feil om nokon ikkje gjengjelder kjenslene dine eller ønsket om eit forhold eller eit vennskap. Det at nokon ikkje kjenner det same som du kjenner, og ikkje vil det same som du vil, er ikkje ein refleksjon av kor bra du er som person.

Mange grunnar

Det kan vere mange ulike grunnar til at nokon ikkje gjengjelder kjensler. Om det er eit romantisk forhold, kan det hende dei likar nokon andre, allereie har ein kjærast, har ei anna legning, eller rett og slett berre ikkje er interessert i eit forhold.

Om det er snakk om eit ønske om vennskap, så kan det hende dei avviser det ønsket fordi dei ikkje ønsker seg fleire venner, kjenner at de to berre ikkje går så bra saman, eller så kan det hende dei kjenner dei ikkje har tid eller energi til å bli kjend med og gi av seg sjølv til ein heilt ny person.

Du er bra nok

Uansett kva årsaka er, så er det viktig å minne seg sjølv på at det ikkje er eit nederlag å få vete at nokon ikkje gjengjelder kjenslene dine, og det tyder heller ikkje at du ikkje er god nok. Om nokon avviser deg – for å seie det på den måten – så må du berre minne deg sjølv på at du er pen, kjekk, kul eller morosam nok, og du må stole på det. Du må òg prøve å klare å akseptere og vere nøgd med at du er den du er, og at det er bra nok for deg. Og uansett så er det nok andre som likar deg som venn og kanskje til og med som kjærast. Og det kjem til å komme fleire i livet ditt som òg kjem til å like deg, sjølv om nokon kanskje ikkje gjer det denne gongen eller nett no.

Det ordnar seg til slutt

Og når det gjeld å klare å komme over ei forelsking eller eit ønske om vennskap. Då må ein prøve å akseptere at dei ikkje kjende det same. Snakk om det med nokon, opplev nye ting og sjå framover. Til slutt så kjennest det ikkje like skuffande og kjipt lenger, og då kan det til og med hende du finn deg ein ny person å vere forelska i, eller ein ny person du har lyst til å bli venn med. Det meste ordnar seg til slutt, det handlar berre om å reise seg opp igjen og prøve på nytt når ting ikkje går som du vil at dei skal.