Det er ikkje så uvanleg å forelske seg i nokon ein allereie kjenner godt. Kanskje har ein kjent kvarandre lenge, og plutseleg merker ein at ein ser på vennen sin på ein litt annan måte. Plutseleg vil ein at ein skal vere meir enn berre venner. Det kan vere vanskeleg å vite kva ein skal gjere i slike situasjonar. Skummelt fordi ein ikkje ønsker å øydelegge ein god vennskap, dersom kameraten ikkje skulle kjenne det same tilbake.

Sjå an situasjonen

Det ein kanskje først og fremst kan gjere i ein slik situasjon, er å prøve å finne ut av om vennen din kan kjenne det same tilbake. Det er ingen oppskrift på korleis ein kan finne ut av det heilt sikkert utan å spørje rett ut, men ein kan få eit visst inntrykk om ein legg merke til nokre hint.

Til dømes går det an å prøve å vere litt meir flørtete eller romantisk mot vennen sin enn ein vanlegvis er. Kanskje kan ein gje nokre komplimentar for å sjå korleis dei vert tekne imot. Får du nokon komplimentar tilbake? Verkar det i så fall som om dei er meinte på ein flørtete eller vennskapleg måte?

Det går òg an å flørte ved å røre litt meir enn du vanlegvis ville gjort. Kanskje kan du klemme litt ekstra på vennen din, eller sitte litt tettare inntil han eller ho i situasjonar der de er i nærleiken av kvarandre? Prøv å sjå korleis vennen din reagerer når du gjev litt ekstra merksemd i ein periode. Verkar han eller ho ubekvem, eller får du litt ekstra merksemd tilbake? Sistnemnde kan vere eit teikn på at den andre personen òg kjenner noko ekstra for deg.

Sei noko om det

Dersom du kjenner at du òg får nokre signal tilbake, at du kanskje vert endå litt tryggare på at vennen din kan like deg tilbake, så kan det vere ein fin ting å seie noko om det. Det er jo sjølvsagt skummelt og vanskeleg å vite korleis ein kan gjere dette, men om det kjenst komfortabelt, så er det den einaste måten å få eit tydeleg svar på.

Det enklaste er nok å prøve seg fram litt varsamt. Prøv å seie det til vennen din på ein måte som ikkje kjennest for overveldande. Om du med ein gong seier at du er veldig forelska, kan det kanskje verke litt skremmande for den du fortel det til, fordi denne personen kanskje ikkje var førebudd på noko slikt. Kanskje kan det å seie at du «kjenner at det er noko meir mellom dykk», eller at du er «nysgjerrig på om de kunne passe saman på andre måtar enn som venner», vere nokre frasar som kan vere gode å bruke, fordi dei er litt meir forsiktige i tilnærminga.

Det er aldri godt å vite korleis reaksjonane til vennen din vil vere, så det å førebu seg på at det kan gå på ein annan måte enn venta, er nok lurt.

Ein veit ikkje før ein prøver

Som sagt kan det kjennast skummelt å skulle fortelje nokon at du likar dei, same kven det er. Men det er òg slik at du nokre gonger må ta sjansar dersom du ønsker at ting skal verte slik du vil. Om du er veldig forelska og kjenner at dette er noko du nesten ikkje klarer legge frå deg før du får eit klart svar, er nok det beste kanskje å seie noko. Det kan vere vondt å få avslag, men samtidig vinn ein sjeldan noko om ein ikkje satsar. Derfor må ein rett og slett berre ta ein sjanse nokre gonger, dersom ein ønsker å vinne noko.

Redd for å øydelegge?

Tanken på å seie noko om det kan vere skremmande. Både fordi du generelt kanskje er redd for at den andre personen ikkje kjenner det same tilbake, og fordi du er redd for at dersom det går dårleg, så set du òg ein vennskap på prøve.

Det som er viktig å hugse på, er at sjølv om det er ein risiko for at vennen din ikkje kjenner det same tilbake, så må ikkje det tyde at vennskapen deira vert øydelagd. Det er ein sjanse for at det vert litt rar og ukomfortabel stemning mellom dykk, men i ein slik situasjon så er det òg sånn at det er heilt opp til de sjølve korleis de handterer det. Dersom det ikkje går slik du håper, men likevel vil at vennskapen skal vare ved, så er det nok viktig å prøve å snakke godt med vennen din om situasjonen. Det å snakke om korleis de likevel kan hindre at situasjonen fører til at det vert ei pinleg stemning mellom dykk, kan vere nok til at dette er noko de klarer «gløyme». Det er ein fin ting å vere tydeleg på at det er viktig for deg at de vert verande venner.

Du kan ikkje avgjere korleis vennen din skal takle informasjonen han eller ho har fått. Om den andre personen treng litt tid og avstand fordi situasjonen er ubehageleg, kan det sjølvsagt vere vanskeleg, men det tyder ikkje at vennskapen vert øydelagd. Kanskje har de berre litt behov for å ta litt tid kvar for dykk for å bearbeide situasjonen, slik at ting kan gå meir tilbake til normalt. Kanskje er det òg godt for deg, for å kome deg vidare. Det kan vere tøft å få avslag i ein slik situasjon, men som sagt så er det mange som, trass i det, òg klarer behalde gode vennskap.