1. Ikkje ta deg sjølv så høgtideleg

Gjerne unngå filter som endrar på ansiktet ditt, eller å bruke mykje tid på å velje ut riktig selfie før du sender han. Det kan ofte verke meir sjarmerande at du ikkje tek deg sjølv så høgtideleg, men heller sender av garde ein morosam snap.

Det er vanleg å ville sjå bra ut for den du liker, men dersom du er veldig oppteken av korleis du ser ut, kan det også oppfattast negativt. Det å smile, skrive morosame tekstar eller sende bilete av andre ting kan ofte fungere vel så bra - om ikkje betre.

 

2. Send personlege snappar

Dersom du berre sender «fellessnappar» til personen du liker, eller snappar som blir opplevde som om dei er sende til mange, er det ikkje sikkert at det er så tydeleg at du er interessert. Du kan gjerne starte med nokre fellessnappar for å få merksemda til personen. Etter kvart kan det vere lurt å heller sende personlege bilete og meldingar. På denne måten forstår den du sender til, at dei berre er til den personen.

Dersom de til dømes har snakka om noko de begge synest er morosamt, eller har nokre interne spøkar, kan det vere fine ting å spele på. Du kan leggje til utklipp eller gifar som speler på ein intern spøk, eller ta med ein bitmoji. Dersom snappen blir opplevd direkte og personleg, er sannsynet også større for at du får eit svar.

Dersom du sjeldan eller aldri får svar, eller eventuelt berre korte og upersonlege svar, så er det sannsynleg at personen ikkje er så interessert i å flørte tilbake. Ikkje ta det personleg! Ingen kan bli likt av alle, og sjølv om det kan kjennast sårt og vanskeleg å bli avvist, så finst det måter å komme seg videre på!

FAKTA

Har du spørsmål om forelskelse og flørting? I vår spørretjeneste finner du tusenvis av spørsmål fra andre ungdommer, og du kan stille ditt eget spørsmål anonymt.

3. Still spørsmål

Det er ikkje uvanleg å sende «tomme snappar» fordi ein er redd for at samtalen døyr ut. Kanskje treng du ikkje dette, men kan heller følgje opp med nokon gode spørsmål? Dette gjeld både på sosiale medium og elles når du flørtar. Det å stille spørsmål er ein måte å vise at du er interessert og ikkje ønskjer å avslutte samtalen på. Prøv derfor å stille spørsmål som passar inn i samtalen.

Om den andre personen sender deg eit bilete av ein stad, kan du spørje kvar han eller ho er, eller kva personen driv med. Ikkje gjer det for komplisert, enkle spørsmål fungerer ofte bra for å få samtalen til å vare litt lenger.

4. Gje små kompliment

Dersom du liker nokon, men ikkje vil seie det rett ut med ein gong, kan du starte med å gje små kompliment. Dersom du får eit bilete av personen du liker, kan du gje små kompliment som til dømes «så fin du er i dag», «så fin jakke du har» eller liknande.

Det går også an å gje kompliment på bilete som ikkje er av den andre personen, men av ting han eller ho driv med. Du kan til dømes skrive «det så morosamt ut» eller «Kvar er du? Det såg skikkeleg fint ut» eller andre ting som måtte passe. Dersom du vil og forsøker, kan du nok klare å gje kompliment på det meste.

 

5. Bruk chatten

Det kan vere fint å byte mellom å sende bilete og å chatte. Det å sende eit bilete er ofte eit godt utgangspunkt for å starte samtalen, men hald gjerne fram samtalen i chatten etter kvart. Det same gjeld dersom du får tilsendt eit bilete frå crushet dit. Du treng ikkje alltid å svare med eit bilete - det å svare med eit spørsmål eller ein kommentar i chatten kan nokre gonger vere like effektivt.

Eit godt tips er å lagre meldingane, eller å prøve å hugse kva du skreiv sist i chatten. Ettersom meldingane forsvinner, kan det vere vanskeleg å hugse kva du skreiv sist, dersom personen bruker litt tid på å svare.

6. Send gjerne bilete av deg sjølv - men ikkje berre det

Det kan vere fint å sende litt bilete av deg sjølv, der du til dømes smiler eller gjer noko morosamt. Å sjå eit ansikt kan mange gonger opplevast personleg. Samtidig er det ikkje nødvendigvis så lurt berre å sende selfiar.

Prøv å variere kva du sender bilete av. Vil du vise personen kva interessene dine er, eller kva du held med på akkurat no? Send bilete som viser dette. Kanskje kan du også sende ein video eller taleopptak der du snakkar om noko som skjer. Dette kan kjennast som ein meir personleg kommunikasjon, og det viser også at du bruker tid på personen.

 

7. Ikkje drukne personen i snappar

Sjølv om det er fint å vise interesse, er det også viktig å ikkje verke masete. Det kan fort bli litt mykje dersom du sender masse snappar etter kvarandre i løpet av ein dag, utan at personen svarer i mellomtida. Dersom du opplever at crushet ditt ikkje svarer, prøv å ha litt tolmod.

Det kan vere mange grunnar til at personen ikkje svarer, og det er sjeldan det hjelper å mase. Prøv derfor å gje det eit par dagar før du sender ein ny snap. Ikkje alle er like aktive på Snapchat - kan det hende at personen du prøver å flørte med, heller bruker andre sosiale medium?

Dersom du framleis ikkje får nokon respons, er nok dette eit teikn på at personen ikkje er interessert i det same som deg. Når ein liker nokon, finn ein måtar å ta kontakt på.

8. Nakenbilete er spennande, men...

Å sende lettkledde bilete eller nudes er ikkje heilt uvanleg, og kan sjølvsagt opplevast veldig spennande. Dessverre kan det å sende slike bilete få svært få alvorlige konsekvenser for deg. Ikkje berre har slike bilete lett for å bli spreidde rundt, dei kan bli brukte til mobbing og utpressing, og mange opplever at bileta sirkulerer på nettet til evig tid.

I tillegg er det slik at nokon faktisk kan miste interessa for deg dersom du sender nakenbilete av deg sjølv, fordi dei opplever at spenninga forsvinn.

Uansett kor godt du kjenner ein person, så veit du aldri kvar slike bilete kan hamne. Er personen berre interessert i deg for å få lettkledde- eller nakenbilete, så er han eller ho kanskje ikkje verdt å bruke så mykje tid på uansett? Hvis du opplever mas om nudes, og ikke vil sende, kan du lese tips til hva du kan svare i denne artikkelen.

9. Ta kontakt med personen ansikt til ansikt

Snapchat kan vere ein fin stad å ta, eller halde ved like, kontakt med personen du liker, men for at eit forhold skal kunne utvikle seg, er det nødvendig å ta kontakt i røynda også.

Dersom de går på same skule eller ser kvarandre frå tid til anna, er eit godt råd å halde fram samtalen i det «verkelege» livet. Når de har snappa litt fram og tilbake, har de sikkert også meir å snakke om, og det å starte ein samtale vil kanskje vere lettare enn dersom de aldri hadde snakka saman før. Dersom du ikkje vil møtast fysisk, kan du også starte med å ringje på Facetime eller gjennom Snapchat. Det krev kanskje litt ekstra mot - men blir med ein gong meir personleg.

Det kan kjennast skummelt og vanskelig, men å ta kontakt er faktisk det einaste som funkar dersom det skal blir noko meir.

Lykke til!