Det er ikkje godt å kjenne at du ikkje vert forstått av den du er glad i. Det er heller ikkje godt å kjenne seg usikker. Derfor er det lurt å vere opne med kvarandre i eit forhold, og ta det opp om noko uroar, plagar eller irriterer deg.

Ikkje vent for lenge

Om det er noko som plagar deg, er det lurt å snakke om det så tidleg som mogleg. Om du tek deg sjølv i å irritere deg over noko, verte såra eller usikker av same grunn, gong etter gong, er det viktig å seie frå før det går for lang tid.

Om du ikkje tek det opp, kan det vere at stemninga mellom deg og kjærasten din vert dårleg, og det er lett å byrje krangle om andre ting. Det er betre å gjere kjærasten din merksam på kva som faktisk er problemet, slik at han eller ho kan gjere noko med det.

Ingen er tankelesar

Det er viktig å hugse på at ingen er tankelesar. Kjærasten din er nok ikkje klar over at du tenker på eller irriterer deg over dei tinga du gjer, om du ikkje seier frå. Derfor kan du heller ikkje vente at ting skal verte betre om du ikkje seier frå.

Tenk gjennom kva du vil ta opp

Før du skal snakke om noko, er det lurt å vere litt førebudd på kva du vil seie. Tenk gjennom kva du kjenner før du tek det opp. Om du ikkje gjer det, kan det vere du ender opp med å seie ting på feil måte, eller trekke inn ting som ikkje er relevante. Det kan føre til meir krangling, eller til at kjærasten din vert såra eller lei seg.

Tenk derfor gjennom kva det er du vil ta opp, og korleis du ønsker å seie det.

Sei ting på ein ordentleg måte

For at ein samtale skal vere god og konstruktiv, er det viktig at de snakkar til kvarandre med respekt og ikkje på ein måte som kan opplevast skuldande eller sint. Om du til dømes kjenner mykje på sjalusi og vil ta opp dette med kjærasten din, bør du tenke gjennom korleis du skal sette ord på kjenslene dine.

I staden for å seie «du flørtar alltid med alle andre», er det betre å seie «nokre gonger opplever eg at du gjev andre meir merksemd enn du gjev meg, og det gjer meg usikker». Det er to veldig ulike måtar å ordlegge seg på, og det kan utgjere ein viktig skilnad.

I det første dømet vil kanskje kjærasten din oppleve deg som skuldande, og gå i forsvar fordi han eller ho opplever seg urettferdig behandla. I det andre høvet seier du derimot korleis du opplever situasjonen, utan å skulde partneren din for noko. Det kan gjere at kjærasten din lyttar til deg, heller enn å gå i forsvar.

La kjærasten din kome til orde

Det er òg viktig at du let partneren din kome til orde. Når du legg fram noko du opplever som eit problem, er det naturleg at kjærasten din får svare på dette og seie korleis han eller ho oppfattar situasjonen. Det er det viktig at kjærasten din får lov til.

De er to personar som er saman om dette, men de vil ikkje alltid oppleve situasjonen likt. Derfor er det viktig at du prøver å lytte til og forstå partneren din når han eller ho prøver å forklare korleis ting ser ut frå hans/hennes ståstad.

Vis forståing

Når kjærasten din snakkar, er det fint å prøve å vise forståing for det som vert sagt. Sjølv om du kanskje ikkje er einig i alt, kan du prøve å sette deg inn i situasjonen og tenke etter korleis partneren din opplever det.

Det er òg meir sannsynleg at du vert lytta til sjølv når du er flink til å lytte til andre. Då går du på ein måte føre som eit godt døme, og viser at du er vaksen nok til å ha ein ordentleg samtale om det som er vanskeleg.

Kva kan de gjere?

Når de begge har fått ut det de har på hjartet og snakka om korleis de opplever situasjonen kvar for dykk, er det viktig å kome med framlegg til kva som kan gjere situasjonen betre.

Kva synest du sjølv hadde hjelpt? Kva synest kjærasten din kunne vore ei god løysing? De er to om dette, og det er aldri berre ein person som har ansvar for at forholdet vert betre. Begge må gjere ein innsats og saman kome med framlegg til kva de kan gjere for få det betre saman.

Kjenn grensene til kvarandre

Det er òg viktig at de begge kjenner grensene til kvarandre og veit kva de ventar av kvarandre i forholdet. Både kva som er greit og ikkje greit å gjere, men òg kva krav ein kan stille.

Til dømes er det ofte ein dårleg idé å stille store ultimatum til den andre parten. Det vil seie at det å be nokon om til dømes å kutte ut venner, hobbyar eller andre ting sjeldan er nokon god løysing. Prøv heller å snakke saman, og verte einige om kva ein kan gjere for at konflikten kan løysast.

Lykke til!