Innkalling det året du fyller 17

Før du får attest som tenestedyktig, må du fylle ut ei eigenerklæring og møte til sesjon. Det året du fyller 17 år får du beskjed om å fylle ut ei egienerklæring på nett, og om du går vidare blir du innkalling til sesjon siste året på vidaregåande skule.

Når du får innkalling til førstegongsteneste, er du i utgangspunktet klarert for militærteneste. I nokre høve kan det likevel hende at Forsvaret avlyser innkallinga di om det avdekker at du ikkje lenger oppfyller krava til militærteneste (t.d. endring i helsesituasjonen din eller du har noko på vandelsattesten Forsvaret ikkje tolererer).

Personar som er fylte 24 år, vil normalt ikkje bli kalla inn til sesjon og blir difor ikkje pålagde verneplikt. Dette kan gjelde personar som har flytta tilbake frå utlandet, nye statsborgarar og så bortetter.

Les meir om verneplikta på forsvaret.no.

 

Eigenerklæring

Første steget på vegen til teneste eller utdanning i Forsvaret er ei eigenerklæring, som er eit skjema som skal fyllast ut på nettet. Brukarnamn og passord får du i posten. Sjølv om militærteneste er frivillig for jenter, så er sesjon obligatorisk for alle.

Eigenerklærimnga inneheld mellom anna spørsmål om:

  • helse
  • skule
  • sosialt liv
  • motivasjon
  • ønsker for tenesta

Forsvaret bruker informasjonen du gir til å vurdere om du skal gå vidare til sesjon. Det er først etter sesjon at det blir avgjort kven som blir kalla inn til teneste i Forsvaret.

Er du norsk statsborgar, får du normalt brukarnamn og passord tilsendt digitalt frå Forsvaret i det året du fyller 17 år. Dei som blir norsk statsborgar etter fylte 17 år, kan få dette tilsendt på eit seinare tidspunkt.

Les meir om eigenerklæringa på forsvaret.no.

 

Sesjon

Andre delen skjer på eit av sesjonssentra til Forsvaret. På sjølve sesjonsdagen skal du gjennom ein teoretisk prøve og ein fysisk prøve. I tillegg skal du prate med sesjonslege om du er medisinsk eigna for teneste, og ein sesjonsoffiser for å snakke om korleis du kan tenestegjere med bakgrunn i ønska og eigenskapane dine.

Les meir om kva som skjer på sesjon på forsvaret.no.

 

FAKTA

Allmenn verneplikt er ei plikt som står i paragraf 119 i Grunnlova:

«Alle statsborgarane har i regelen den same skyldnaden til å verne fedrelandet ei viss tid, utan omsyn til fødsel eller formue.»

 

Tenestedyktig?

På sesjon blir ein klassifisert som "tenestedyktig" eller "ikkje tenestedyktig" (UD). Dei som er tenestedyktige, er vernepliktige frå det året dei fyller 19 år. Dei som ikkje er tenestedyktige, blir ikkje vernepliktige og blir sletta i rullane til Forsvaret. For dei som får attest som tenestedyktige på sesjon, er det tre moglege utfall av sesjonsdagen:

  • Du får vete når og kor du skal møte til førstegongsteneste.
  • Du og sesjonsoffiseren lagar ei liste med tre alternativ for førstegongstenesta.
  • Det blir avgjort at du ikkje blir kalla inn til førstegongsteneste i fredstid.

 

Kjønnsnøytral verneplikt?

Frå 2016 blei det bestemt at verneplikt også skal gjelde for kvinner, nett som for menn. Du kan lese meir om kvinner og verneplikt på forsvaret.no.

 

Etter førstegongstenesta

Etter førstegongstenesta kan du mellom anna bli kalla inn til Heimevernet, repetisjonsøvingar eller Sivilforsvaret. Les meir på forsvaret.no