Korleis an eg førebu meg?

For vanleg førstegongsteneste er det generelt sett ingen fysiske minstekrav, men du må likevel være tenestedyktig etter sesjon del 2.

Alle soldatar har likevel tenesteplikt på øvingene: 3000 meter, hangups, pushups og situps.

Dette betyr at du må gjennomføre øvingene (som regel under rekruttskolen og ved dimisjon), men at det ikkje er nokon formelle minstekrav.

Merk: En del tenestetyper i førstegongstenesten har minstekrav til t.d. 3000-meter og andre fysiske testar. Du finn meir om desse krava under kvar enkelt tenestetype.

 

Pakkeliste:

For å gjere pakkinga til militæret lettare har Forsvaret laga ein oversikt over obligatoriske ting som må være med i kofferten når du kjem til leiren. På Forsvarets nettsider finn du også smarte pakketips og oversikt over kva du ikkje skal ta med.

 

Treningstips

Å være i god fysisk form når du kjem til leiren kan være nyttig når du er i Forsvaret. Forsvaret har fleire treningstips til deg som ønsker å møte til tenesta godt førebudd. Du finn Forsvarets treningstips her.

 

Kva skjer på oppmøtedagen?

På oppmøtedagen er det plassert ut uniformert personell på trafikknutepunkta der du skal møte. Dei fortel deg korleis du skal kome deg vidare til rett stad.

 

FAKTA

Visste du at...

  • Om det står informasjon om flybestilling i innkallinga di får du gratis flyreise av Forsvaret. Er det inga informasjon om flybestilling i innkallinga di må du ta tog eller buss til militærleiren.
  • Husk også at du kan bruke innkallinga di for å få rabatt. Du får 90 prosent rabatt om du reiser med NSB. Les meir om dette her.

 

Kan du møte dagen før?

Om du ikkje kan møte presist på grunn av tog-, buss- eller flytider, kan du møte dagen før. Berre meld deg i porten/vakta. Hugs å ta med matpakke dersom du kjem seint.

Meir informasjon på finn du på forsvaret.no

 

Dette skjer dei første dagane

Dei 2–3 første dagane i Forsvaret dreiar seg om å samle inn rett informasjon om deg. Du skal mellom anna gjennom (alt er obligatorisk):

  • Tannlegesjekk

  • Blodprøve og vaksinasjon

  • Måling av høgde, vekt, syn og fargesyn

  • Samtale med lege og psykolog

  • Samtale med økonomioffiser

  • Fotografering til ID-kort

  • Narkotikasøk

 

Kjelde: Forsvaret.no