Kvardagen som rekrutt
Rekruttskulen er grunnutdanninga dei første 6–8 ukene i førstegongstenesten. Forsvaret har samla informasjon om korleis denne tida er, med tips og videoar.
Å være rekrutt i Forsvaret er ein ganske ny kvardag. For å svare på alle spørsmåla du har og gi eit bilete av kvardagen på rekruttskulen, har Forsvaret laga ei eiga side - Rekrutten.
Dei fyrste dagane
Undervisninga i rekruttperioden er både teoretisk og praktisk, og ho skjer både innandørs og utandørs. Du må rekne med ein del teneste også på kveldstid, og dei første to vekene er det vanleg at du ikkje får forlate leiren.
Ein typisk dag på rekrutten:
06.00: Revelje (militært morgensignal)
?06.15: Frukost
07.30: Inspeksjon av rom
08.00: Undervisning
11.00: Lunsj
12.00: Undervisning
16.00: Middag
17.00: Fritid eller undervisning om nødvendig
Tips, mytar og fakta
Du kan til dømes følgje soldat Sunniva, som er rekrutt ved Madla. Få tips om alt frå sengestrekk til materiellkontroll, og tips om korleis du kan bli flink på å bruke all ventetida du må forhalde deg til.
Få et innblikk i kvardagen i Forsvaret
Sjå tips og videoar på Forsvaret.no
Du har kanskje høyrt mange mytar om rekruttskUlen? Mesteparten av det er nettopp det - mytar og ikkje fakta. Har du spørsmål om mat og allergiar, hårklipp, kjærast, eigentrening, mobilbruk osb., kan du lese meir om det på sidene mytar og fakta.
Les meir om kvardagen som rekrutt på Forsvaret.no.
