Hopp til hovedinnholdet

Rekruttskulen - den første tida i militæret

Rekrutt støvel (colourbox.com)
REKRUTTSKOLEN: Den første tiden i militæret handler om opplæring av soldater, og undervisningen er både praktisk og teoretisk.

Rekruttperioden er grunnutdanninga dei første 6–8 vekene i førstegongstenesta. Les om uniformsplikt, permisjon, romvask, våpenopplæring og fysisk trening.

Offentleg og kvalitetssikra
Rekrutt støvel (colourbox.com)
REKRUTTSKOLEN: Den første tiden i militæret handler om opplæring av soldater, og undervisningen er både praktisk og teoretisk.

Hovudinnhaldet i opplæringa er enkeltmannsdugleikar. Undervisninga er både teoretisk og praktisk, og ho skjer både innandørs og utandørs.

Du må rekne med ein del teneste også på kveldstid, og dei første to vekene er det vanleg at ein ikkje får forlate leiren.

Første permisjon

Det er vanleg at du ikkje får den første helgepermisjonen, det vil seie fri på laurdag og søndag, før den andre eller tredje helga. Vidare utover i rekruttskuletida er det vanleg med generell helgepermisjon, med mindre undervisning eller øving er lagt til helga.

Første langpermisjon, altså permisjon som strekkjer seg over fleire dagar, inkludert kvardagar, får du først etter rekruttskulen. Det er vanleg å få nokre dagars permisjon i overgangen frå rekruttskulen til overføring til tenestestaden der du skal vere resten av førstegongstenesta.

Uniformsplikt dei første vekene

Dei første vekene er det uniformsplikt. Det vil seie at du ikkje kan bruke dine eigne klede eller ditt eige utstyr så lenge du er i leiren. Unntaket er undertøy og treningsklede. Etter ei stund får du lov til å bruke dine eigne klede når du ikkje er i teneste, altså i fritida.

Dagen startar med romvask

Reveljen eller vekkjesignalet går som regel kl. 06.00, og dagen startar med romvask og frukost. Her er det smart å finne gode rutinar i samarbeid med dei du deler rom med. Fordel arbeidsoppgåver og etabler rutinar for samarbeid. Inspeksjon av romma skjer som regel før tenesta startar kvar dag.

 

Våpenopplæring

I tenesta er det personlege våpenet ditt ei HK 416 rifle. I utdanninga blir det lagt vekt på at du skal bli fortruleg med våpenet og tryggleiksreglane. Du får i tillegg lære korleis du handterer puss og vedlikehald, også i felten. Også øving med skarp ammunisjon blir gjennomført i rekruttperioden.

Stridsteknikk

Du får opplæring i grunnleggjande enkeltmannsdugleikar og handtering av våpen i strid, vernemaske og ABC-utstyr. Kamuflasje, samband og etablering av base i felt er nokre få døme på det du skal lære som rekrutt. I løpet av rekruttperioden blir det også gjennomført ei eller fleire øvingar i felten.

Enkeltmannsdugleikar

Dei dugleikane det er snakk om, inneber mellom anna opplæring i bruk av kart og kompass og sanitetsopplæring. Den grunnleggjande opplæringa består mellom anna av basal hjarte- og lungeredning, livreddande førstehjelp (ABCDE-metoden), førstehjelp på ulykkesstaden, frostskadar, brannskadar, transportmåtar og forflytningsteknikk, felthygiene og evakuering av skadde. Rett påkleding i felt er òg ein viktig del av opplæringa.

 

Fysisk trening

Den fysiske forma di, det vil seie styrken og uthaldet, blir testa. Vanleg førstegongsteneste har generelt ikkje nokon fysiske minstekrav, men du har testplikt i mellom anna 3000-meter, pushups, hangups og situps. Gjennom heile rekruttperioden står fysisk trening på timeplanen.

Slutta orden

Som rekrutt får du opplæring i korleis du står fram som enkeltsoldat og som ein del av ein tropp. Du og resten av troppen skal lærast opp til å kunne marsjere presentabelt og ta del i oppstilling saman med andre troppar og heile kompani. I tillegg blir det lagt vekt på helsing, skikk og bruk og korrekt militær oppførsel.

 

Kjelde: Forsvaret.no

Var dette til hjelp?
Var dette til hjelp?

Spørsmål og svar

Bør jeg dra i militæret før jeg søker politiutdanning?
Hei Takk for spørsmålet ditt! Høres ut som at du har mange spennende og gode tanker om fremtiden din, og dette høres veldig positivt ut! Ja, det...
Dekning av utgifter til lagerplass mens man er i militæret
Hei I og med at vi ikke kjenner din situasjon spesielt, blir vårt svar basert på generelle opplysninger og vi håper det kan være til litt hjelp f...