Heilt normalt å kjede seg!

Nokre kjedar seg meir enn andre, det er like normalt å kjede seg som det er å ikkje kjede seg. Vi er alle ulike. Når det er sagt så har nok dei aller, aller fleste kjeda seg ein eller annan gong. Nokre føler at det er heilt krise om dei kjedar seg, medan andre synest det er frigjerande å kjede seg av og til. Nokre psykologar og forskarar meiner faktisk at det sunt å kjede seg av og til! Det skal altså vere sunt for barnet si hjerne å kjede seg. Nokre ser på det å kjede seg som ein liten ”pause” eller eit avbrekk for hjernen.

 

Kva skjer når vi kjedar oss?

Når ein kjedar seg er det ofte slik at ein er understimulert, altså at ein ikkje har nok å gjere eller finne på. Nokon meiner også at det å kjede seg er ein slags tilstand, akkurat som når ein er forelska, glad eller sint. Så det å kjede seg handlar faktisk litt om korleis vi føler oss og korleis vi har det.

 

 

Gjer det noko å kjede seg?

Det gjer ingenting å kjede seg og det er, som nemnt tidlegare, heilt normalt. Når ein kjedar seg får kroppen og heile systemet litt ro, og ein har høve til å kjenne på eigne behov og i tillegg kan ein finne på ting heilt for seg sjølv. Når ein kjedar seg kan ein sleppe laus dei kreative sidene. Born og unge har mange aktivitetar dei er med på etter skuletid, og mange kjenner på at ein skal prestere heile tida, både på skulen, heime og på fritida. Når ein er i aktivitet heile tida og aldri tek seg tid til å ta det helt med ro, kan ein risikere å verte stressa og kjenne seg heilt utsliten. Derfor gjer det ingenting å kjede seg! Det er heller ikkje slik at ein alltid må gjere noko, av og til kan det vere godt å berre kjenne at roa senkar seg og ta det heilt roleg.

 

Vi har spurt fire ungdommar frå Tromsø kva dei gjer når dei kjedar seg. Sjå svara i filmen.

 

Korleis kan ein kome seg ut av keisemda?

Sjølv om det er sunt å kjede seg til ei viss grad, er det ikkje slik at ein bør kjede seg heile tida. Dersom ein kjedar seg mykje, kan ein rett og slett verte irritert og kjenne seg lei. Då kan ein ta nokre enkle grep for å komme seg ut av keisemda. Ein kan for eksempel ha ein plan om kva ein skal gjere, då kjedar ein seg mindre. Dersom ein for eksempel har ein hektisk dag kan ein ta små pausar for å slappe av litt, ein treng ikkje å kjede seg. Mange opplever at keisemda kjem når ein har skuleferie eller i helgane. Då skal ein prøve å finne på ting og aktivere seg sjølv.

 

Kva kan ein gjere når ein kjedar seg?

Når ein kjedar seg kan det vere greitt og gjere noko heilt anna enn det ein brukar å gjere til vanleg. Kanskje du kan rydde i sakene dine? Eller kva med å bake ei kake? Når ein ikkje veit kva ein skal finne på og kjenner seg litt nedfor, kan ein gjerne gjere noko fysisk, då får ein fokus vekk frå det faktum at ein kjedar seg og får brukt kroppen. Ein kan også finne på noko sosialt med venner eller familie.