Er du glad i å skrive?

\nMange har ei forfattar- eller journalistspire i seg, men ofte møter dei veggen fordi dei ikkje har nokon stad å publisere tekstane sine. Vi har difor samla nokre sider der ein kan legge ut tekstar ein har skrive, og vonleg få andre til å lese dei.\n\nDet viktigaste er at du er glad i å skrive. Om du synest det er artig å skrive tekstar, same kva sjanger. Om du har lyst å publisere tekstar, er det ofte fordi du vil dele dei med andre, og då er det viktig å ha entusiasmen skriveglede skaper i tekstane dine.\n\n\n \n\n\n
FAKTA

Her kan du publisere eigne tekstar:

\n\nSkriv.no\n
\nUng.no\n
\nTrafo\n
\nFortellinger\n
\nDiktkammeret\n
\nSi;D\n
\nHar du tips til andre stader å publisere på? Del gjerne i kommentarfeltet.

Kor kan ein legge ut?

\n\nSkriv.no\n\nSkriv er ein nettstad for ungdom mellom 15 og 20 år, her kan du dele tekstane dine med andre og diskutere dei.\n\nUng.no\n\nDu kan sende inn novella di og kanskje bli publisert på Ung.no.\n\nTrafo\n\nNettstad for unge kunstnarar. Dei har stipendordningar, mentorhjelp og høve til å publisere eigne verk.\n\nFortellinger\n\nHer blir tekstar av «folk flest» publiserte. Dei publiserer tekstar i dei fleste sjangrar, med relativt låg terskel for å bli publisert.\n\n\nDiktkammeret\n\nHer kan ein sende inn dikt i mange ulike sjangrar, og innanfor fleire ulike tema.\n\nSi;D\n\nAftenposten har ei side for ungdom med meiningar. Her blir det hovudsakleg publisert saktekstar som tek for seg ulike samfunnsspørsmål.\n\n

Start ein blogg

\n\nOm du ikkje finn nett det du leitar etter, kan du alltids starte din eigen blogg. Om du gjer det, blir du din eigen redaktør og kan avgjere sjølv kva som skal publiserast. Her kan du skrive om kva tema du sjølv ønsker, og i kva format du synest er artig. Om du vil skrive sjangerspesifikke tekstar eller meir uformelle tekstar i dagbok-stil, kan du gjere det. Hugs at om du startar ein blogg du ønsker andre skal lese, krev det ein del marknadsføring for å få folk til å komme inn på sida. Dette kan du gjere ved å spreie ordet til venner, familie og kjende og be dei dele sida di.\n\n

Følg norsk lov

\n\nGenerelt sett er det viktig å hugse på at tekstane ikkje skal gå utanfor rammene av norsk lov. Dei kan altså ikkje vere diskriminerande eller trakasserande. Dette gjeld dei fleste stader der ein har høve til å publisere det ein har skrive, òg eigne bloggar.