Kamera

Om du skal lage film, er kamera verktøyet ditt, og da er det nærliggande å buke kameraet på mobilen din. Dei fleste smarttelefonane er no så pass velutvikla at du kan bruke dei til enkle filmar. Ver obs på at når du skal ha rørsle, slit telefonkamera med «etterslep», altså at biletet heng igjen når du rører det. Nyare spegelreflekskamera held òg i massevis for heimefilmar.

Tilpass situasjonen

Som nemnt kan rørsle vere problematisk med telefonkamera, så om du har eit slikt kamera tilgjengeleg, bør du unngå å røre kameraet og heller la rørslene skje innanfor biletramma. Lyden kan òg vere eit problem med slike kamera, så prøv å unngå stader med mykje bråk. Dagslys er òg å føretrekke når ein ikkje har anna lysutstyr tilgjengeleg. Å filme inne med kunstig lys kan vere utfordrande og gir flate og kjedelige bildar.

 

Redigering

For at du skal ha nok materiale å velje i, kan det vere lurt å ta vare på det meste av råmaterialet ditt. Ta også opp film av andre ting som skjer rundt deg, kanskje kan du klippe det inn i filmen din og gjøre han mindre statisk.

Sett alt saman i eit videoredigeringsprogram. Slike program har du tilgjengeleg gratis på dei fleste datamaskinar, og også på nokre smarttelefonar. Programma er enkle å lære seg med til dømes YouTube-vegvisarar og enkle Google-søk. Når du redigerer, kan du sette opp den rekkefølga av klipp du ønsker, og du kan legge på effektar, til dømes tekstboksar og enkle korrigeringar av lyd og lys.

Berre lek deg

Har du ein idé du synest er god, så berre stikk ut og gjer det! Lek deg med bildeutsnitt, forskjellige opptaksstader og -måter og lek deg. Det er den beste måten å bli god på å filme og bli kjend med kamera og redigeringsprogram.

 

Publisering

Når du har gjennomført desse stega, kan det vere kult å legge ut filmen din eit stad òg. Då har du kanalar som YouTube og Vimeo som er dedikerte til film, men òg Facebook og Instagram har enkle løysingar for å publisere film. I alle desse kanalane kan ein velje å ha anten offentleg eller privat vising av filmane sine.