Hundrevis av spørsmål om og svar på graviditet: www.ung.no/oss/

Avbryte samleie – er det trygt?

Det kan kome litt blank væske før sjølve utløysinga. Væska blir kalla precum. Det er eit slags glidemiddel for sæd, og kjem vanlegvis før sædutløysinga.

Denne væska kan innehalde sædceller. Dersom det er sædceller i væska, kan du bli gravid. Faren for graviditet er ikkje så veldig stor, men er til stades. Derfor er det å avbryte samleie ei usikker form for prevensjon og du blir før eller sidan gravid dersom du praktiserer dette over tid.

Sikre periodar – er det trygt?

I praksis er det vanskeleg å seie på førehand kva dagar i syklusen som kan vere heilt sikre i forhold til ikkje å bli gravid. Dette skuldast fleire ting, blant anna at du kan ha uregelmessige eggløysingar, at det kan vere vanskeleg å rekne ut akkurat når eggløysinga skjer sidan ho kjem ca. to veker FØR neste mens, og at sædcellene kan leve nokre dagar inne i livmora og dermed "vere på vent" når ei eggløysing kjem. Jenta kan med andre ord bli gravid sjølv om de ikkje har samleie akkurat den dagen ho har eggløysing.

FAKTA

"Sikre periodar" og å avbryte samleie er svært usikre prevensjonsmetodar. Gløymer du å ta p-piller minskar sikkerheita. Nødprevensjon/angrepille må du ta så raskt som mogleg etter samleiet og seinast innan 72 timar
LES SPØRSMÅL OG SVAR OM GRAVIDITET på www.ung.no/oss

Det er minst sjanse for å bli gravid rett før mensen og under mensen, men heilt trygt er det ikkje. Vil du vere heilt sikker på å ikkje bli gravid, må du bruke prevensjon konsekvent.

Kva om kondomet sprekk eller glir av?

Då er det fare for at nokre sædceller har kome inn i jenta og faren for graviditet er der.

Gløymt å ta p-pillene?

Gløymer du ei eller fleire p-piller, er det fare for at ei eggløysing kan inntreffe. Det har noko å bety kvar på p-pillebrettet du er. Generelt er det størst fare dersom du gløymer piller på starten av eit brett. (Dette gjeld også dersom du tek andre hormonelle prevensjonar for seint). Om du har gløymt å ta piller, kan du lese i bruksrettleiinga til p-pillene kva du skal gjere. Her kan du lese meir om kva du gjer dersom du har gløymt ei eller fleire p-piller.

Kva om uhell skjer?

Dersom du har gløymt prevensjon eller eit uhell skjer undervegs, kan jenta ta nødprevensjon ("angrepille"). Nødprevensjon kan du kjøpe på apotek, bensinstasjon og i enkelte matvarebutikkar og han kostar 200 til 300 kroner. Pilla må du ta så raskt som mogleg etter samleiet, helst innan 12 timar og seinast innan 72 timar etter. Effekten er sikrare dess tidlegare du tek tabletten etter samleiet. Verknaden er at pilla hindrar ei eggløysing. Det finst også ein nødprevensjon du kan ta til og med 5 døgn etter samleie utan prevensjon. Det er også mogleg å sette inn ein koparspiral seinast 5 døgn etter antatt eggløysing, uavhengig av når samleiet fann stad. Etter at du har tatt nødprevensjon kan mensen flytte litt på seg (ofte verte forseinka) og evt. bli litt annleis enn elles. Dersom du ikkje får mensen til forventa tid, bør du ta ein graviditetstest. Her finn du meir informasjon om nødprevensjon.

 

 

Sæd på fingrane

Reint teoretisk kan du bli gravid utan at penis er inne i skjeden ved at guten får utløysing rett utanfor skjedeåpninga og sæden finn vegen inn i skjeden.

Du kan, også reint teoretisk, bli gravid om guten har heilt fersk sæd på fingrane og han fører fingrane inn i skjeden eller at du sjølv gjer det. Men dette er altså reint teoretisk, for i praksis er sjansen veldig liten.

I praksis kan sædceller overleve inne i skjeden unntaksvis i opptil 9 døgn, men hos dei fleste i 3-5 døgn. Derimot vil sædkvaliteten raskt bli dårlegare i kontakt med luft og lågare temperatur enn kroppstemperatur på ca. 37 grader. Det er dessverre ikkje fastsett akkurat kor lenge sædceller overlever utanfor kroppen, men anslagsvis i 30-60 minutt.

Av den grunn kan ikkje befrukting via fingrar utelatast heilt, og du bør derfor vere forsiktig med å få fersk sæd rett utanfor skjedeåpninga eller ført inn i skjeden via fingrane eller liknande.

Teikn på graviditet og graviditetstest

Første teikn på graviditet er oftast at mensen ikkje kjem til tida. Dersom du brukar p-piller, vil den månadlege blødinga vanlegvis ikkje komme ved graviditet. Andre teikn på graviditet oppstår som regel ca. 2-3 veker etter at mens skulle ha starta. Dette kan vere symptom som at du er trøytt, kvalm og har ømme bryst. Enkelte føler også litt murring/smerter i magen som liknar menssmerter. Dette skuldast som regel at livmora veks. Dei same symptoma kan du ha rett før du skal ha mens.

Enkelte opplever ingen eller få teikn på at dei er gravide. Dei fleste vil kunne sjå, og kjenne, at magen har vakse litt når dei er rundt tre månader på veg. Nokon vil merke det litt før, og nokon litt seinare.

Ein graviditetstest vil kunne påvise eit svangerskap ca. tre veker etter befruktande samleie, eller dersom du tar testen etter at mensen skulle ha starta. Graviditetstest kjøper du reseptfritt på apoteket (og i enkelte daglegvareforretningar), og dei kostar frå kr. 75,- til kr. 120,-. Du kan også kjøpe graviditetstestar på nett. Det er ofte rimelegare. Dei ulike testane har litt ulik grense for når dei påviser eit svangerskap. Testen viser om det er svangerskapshormon i urinen. Du tek testen med ei urinprøve, enten ved å halde ein teststrimmel i urinstrålen når du tissar, ved å dyppe testen i urinprøva du har tatt i f.eks. ein kopp, eller ved å drype nokre dråpar urin på eit testfelt på testen. Sjå bruksrettleiinga for den aktuelle testen. Ein skal aller helst ta testen med morgonurin, fordi denne urinen er meir konsentrert. Testane vert rekna som svært pålitelege dersom dei blir tekne ved angitt tidspunkt og du følger bruksrettleiinga nøye.

Graviditetstest kan du også ta på helsestasjon for ungdom (gratis), hos jordmor, hos fastlege og ofte hos skolehelsesøster.