Aldersgrense

Det finst inga aldersgrense i lova for å ta piercing, men dei fleste piercingstudio har sett 16–18 år som ei nedre aldersgrense. Dette er fordi ei piercing krev mykje stell, og det er veldig viktig at du er nøye med hygienen.

Det er viktig å sjekke ut piercing-staden før du eventuelt tek ei piercing, for det er ikkje alle stadene som er like seriøse.

Gjør det vondt å ta piercing?

Kor vondt det gjer å pierce seg varierer frå person til person, og kvar på kroppen ein stikk.

Sjølve stikket tek under eitt sekund, og kan samanliknast med eit vanleg sprøytestikk. Somme taklar smerte betre enn andre, så det finst ingen fasitsvar på kor vondt det gjer.

Det som likevel er likt for alle, er at hygiene i stor grad avgjer kor vondt det vil gjere i ettertid, og kor lang tid såret bruker på å gro.

Dårleg hygiene og feil stell av såret kan gje infeksjonar, arr og andre plager.

Gror sakte

Sjølv om det går bra for dei aller fleste, er det viktig å hugse på at ei piercing ikkje er risikofritt. Infeksjonar og andre plager kan oppstå sjølv lenge etter at du tok piercinga.

Det er viktig å hugse på at såra bruker lang tid på å gro, sjølv om du kanskje ikkje kjenner noka smerte når du rører på smykket. Verst er kanskje navlen. Her kan såret bruke opp til ni månader på å gro skikkeleg. (sannsynlegvis fordi han er dekt til av stramme klede og belte).

I tunga reknar ein med at såret bruker 3–6 veker på å gro, i øyre/leppe/augebryn 6–8 veker, og i brystvorter tek det 8–16 veker.

Heldigvis er det svært få som blir alvorleg sjuke av piercinga. Men det er viktig å hugse på at du i tida før såret er grodd, er ekstra mottakeleg for infeksjonar. Infeksjonar kan vise seg i form av væskande sår, utslett eller raud, varm og irritert hud rundt piercinga.

Det finst også tilfelle der ein har utvikla nikkelallergi eller annan kontaktallergi, det vil seie at ein blir allergisk overfor enkelte stoff i piercingsmykket.

Er du usikker på om du har fått ein infeksjon eller allergi, bør du kontakte lege.

Hygiene

Ei piercing skal reinsast kvar dag til ho er ferdig grodd.

Men det kan også vere lurt å reinse den innimellom også etter at såret er grodd. Huda di skil ut talg og smuss, og i nokre tilfelle kan dette byrje å lukte.

Det er viktig at reinsemiddelet du bruker, ikkje er for sterkt. Dette kan irritere og svi i såret, og dermed forlenge grotida. Det er ulike meiningar om kva for reinsemiddel som er dei beste, men han eller ho som utfører piercinga på deg, vil kunne gje deg gode råd. Dersom du ikkje har høve til å spørje, kan som regel saltvatn, 0,9 % vere eit alternativ, eller Pyrisept/Klorhexidin. For piercingar i munnen kan munnskyljevatn vere eit greitt alternativ.

 

FAKTA

  • Dei fleste piercingstudio har sett ei nedre aldersgrense på 16–18 år.
  • Såret der du piercar deg, bruker lang tid på å gro. I navlen kan det ta heile ni månader.
  • Ein kan få infeksjonar i såret, eller utvikle nikkelallergi.
  • God hygiene er viktig. Ei piercing skal reinsast kvar dag til ho er ferdig grodd.

Trening og bading

Det er i utgangspunktet ikkje noko problem verken å trene eller bade etter at du har teke ei piercing. Det er likevel viktig å ta nokre forholdsreglar.

Etter at du har fått sett inn ei piercing, er huda raud og øm ein periode. Då bør ein unngå at piercinga blir klemt, og at klede eller anna gnissar inn mot såret. Har du t.d. teke piercing i navlen, kan mageøvingar vere irriterande for såret.

Driv ein med idrettar der ein kan vere utsett for slag og spark, bør ein sjølvsagt vere svært forsiktig med kvar ein piercar seg. Ein bør også vere forsiktig med kontaktsport (t.d. bryting) den første tida. Sjølv om du er hygienisk og reinsleg, er det ikkje sikkert at alle andre er det.

Du kan beskytte piercinga ved å dekkje den til under risikofylte situasjonar.

Når det gjeld bading, er også sunn fornuft den viktigaste tommelfingerregelen. Som med alle andre opne sår på kroppen, bør du vere sikker på at vatnet du badar i er reint, og kanskje halde deg til din eigen dusj den første tida.

Det viktigaste er likevel å lytte til signala frå kroppen. Seier kroppen at ein stad er sår, har han som regel rett i det.

Tenk deg godt om før du tek ei piercing. Piercing kan lage skadar for framtida. Til dømes kan du få problem med å amme dersom du har teke piercing i brystvorta. Det vil alltid bli arr etter piercingar.