Er det farleg?

For dei aller fleste er kyssesjuka meir ubehageleg enn farleg. Normalt varer kyssesjuka i to til fire veker, men somme vil vere sjuke endå lenger.

I svært få tilfelle kan det oppstå komplikasjonar. Dette kan vere lungebetennelse, skadar på luftvegane eller sjukdomar som hjernehinnebetennelse og hjartebetennelse.

Den mest kjende og mest frykta følgja av kyssesjuka er skadar på milten. Heldigvis er det svært få som blir ramma av dette.

 

Korleis smittar kyssesjuka?

Kyssesjuka heiter eigentleg mononukleose, men har fått namnet sitt fordi den smittar gjennom dropesmitte. Det vil seie at dersom du drikk av same flaske, deler ein sigarett, eller kyssar ein som er smitta, risikerer du også å bli sjuk.

Det finst inga behandling mot kyssesjuke, men det er veldig viktig at den som har vorte sjuk, dreg til legen.

I dei første vekene frå ein er smitta, til sjølve kyssesjuka bryt ut, opplever mange lette, influensaliknande symptom.

Nå kyssesjuka så bryt ut, forsterkar desse symptoma seg. Høg feber, vond hals, hovne mandlar og lymfekjertlar er vanleg (spesielt på halsen, under armane og i lysken). Dersom milten er hoven, vil mange også oppleve ubehag i magen.

Mange vil også få forstørra lever, og det vi kallar høge leververdiar. Dette blir sjekka jamleg hos legen under sjukdomsperioden, og ein blir ikkje ”friskmeldt” før blodprøvane viser ein frisk lever.

Fordi symptoma på kyssesjuke liknar veldig på influensa, bør ein oppsøkje lege for å få stadfest at ein har fått kyssesjuke, dersom ein mistenkjer dette.

 

FAKTA

  • Personar mellom 10 og 25 år er mest utsette for kyssesjuka, fordi dei har mykje nærkontakt.
  • Frå ein er smitta av kyssesjuka til ein blir sjuk, tek det normalt 4–8 veker.
  • Så mykje som 95 % av alle vaksne har vore smitta, men ikkje vorte særleg sjuke av viruset. Ein kan derimot smitte andre sjølv om ein ikkje sjølv er sjuk.
  • Dei aller fleste blir immune mot viruset etter å ha vorte smitta første gong.

Korleis blir eg frisk?

Som sagt finst det ingen medisinar som drep mononukleose-viruset. Det er likevel svært viktig at den som har vorte sjuk, følgjer legen sine råd.

  • Dei viktigaste tiltaka på kyssesjuka er ro og kvile, og unngå alkohol.

  • Så lenge leververdiane er høge, skal ein også unngå enkelte legemiddel, blant anna paracetamol. (som b.l.a finst i enkelte smertestillande tablettar)

Kan eg trene?

Ofte blir du rådd til å vente i fire veker frå sjukdomen er overstått, til du går tilbake til full fysisk aktivitet.

Ved kraftige fysiske påkjenningar er det ein teoretisk fare for at det kan oppstå skadar på milten. Ein blir derfor rådd til å halde seg i ro inntil legen ser av blodprøvane at du er heilt frisk.

Mange vil kjenne seg trøytte og nedbrotne i lang tid etter at sjølve sjukdomen er over. Mykje av grunnen til dette er at immunsystemet ditt er ”slitent”.

Det kan ta fleire månader før ein er på topp igjen etter at ein har hatt kyssesjuka.

 

Gode råd for deg som er vorten sjuk

  • Vondt i halsen kan ofte lindrast litt med noko varmt eller kaldt å drikke

  • Hugs at du skal drikke mykje når du har feber

  • Kvil deg når du er trøytt eller har feber

  • Når du skal byrje med fysisk aktivitet igjen så skal du starte forsiktig og auke langsamt

  • Du skal vente med kraftige fysiske påkjenningar til det har gått fire veker etter at sjukdomen er over. Det same gjeld for kontaktsport, pga. faren for støyt mot magen (lever og milt kan sprekke)

  • Alkoholinntaket bør avgrensast, helst unngåast ein kortare periode, også etter at du har vorte frisk.