Fastlegen din hjelper deg med det meste av fysiske og psykiske plager. Fastlegen kan sende deg vidare til spesialistar, til dømes psykolog. Det er frivillig å vere med i fastlegeordninga. Dersom du ikkje ønskjer å vere med i den, må du sjølv finne ein ålmennlege å gå til.

Korleis bestiller du time hos fastlegen din?

Du kan ringje til fastlegekontoret der legen din jobbar og bestille ein time. Dei vil spørje kva det gjeld, og det gjer dei for å vurdere kor fort det er nødvendig at du får time.

Dei som jobbar på legekontoret har teieplikt, og legen kan ikkje fortelje noko til foreldra dine dersom du ikkje ønskjer dette.

Dersom du ikkje veit kven som er din fastlege, kan du ringje Fastlegetelefonen på 810 59 500 eller gå inn på Helsenorge.

FAKTA

Same telefonnummer til legevakta i heile landet: 116 117

Det er ofte lettare å kome til lege når ein er med i fastlegeordninga.

Fastlegen har ein ofte over tid, og det kan vere ein fordel at ein lege kjenner sjukehistoria di for å kunne følgje deg godt opp.

Fastlegen har teieplikt, og når ein er over 16 år kan ikkje legen seie noko til foreldre utan samtykke frå ungdomen sjølv.

I ein naudsituasjon kan ein ringje telefon 113

Korleis byter du fastlege?

Du kan byte fastlege på helsenorge. Der kan du søkje etter fastlegar etter forskjellige kriterium. Når du er over 16 år, kan du sjølv byte fastlege. Du kan byte fastlege to gonger i kalenderåret.

Helsenorge kan du og sjå adresse og telefonnummer til fastlegen, melde deg inn eller ut av fastlegeordninga, sjå kor mange fastlegebyte du har att, og sjå kven du har hatt som fastlege tidlegare.

Du kan fritt velje mellom fastlegar som har ledige plassar på lista si. Nokre grupper har likevel rett til å kome inn på lista sjølv om lista er full. Dette gjeld barn under 16 år med foreldre/føresette på lista og innbyggjarar som flyttar tilbake til kommunen innanfor ein tidsperiode på tre år og som ønskjer same fastlege som tidlegare. Det er også mogleg å setje seg på venteliste hos fastlege.

Er du i tvil om du har rett til fastlege, rår vi deg til å ringje Fastlegetelefonen på 810 59 500 eller gå inn på Helsenorge.no.

 

Får min nye fastlege tilgang på journalen min?

Når du byter fastlege, må du sjølv syte for at journalen din blir overført til den nye legen.

Kva kostar time hos fastlegen?

Dei fleste må betale ein eigendel når dei har time hos fastlegen.

Nokre grupper slepp å betale eigendel for undersøking og behandling hos fastlegen.

Dette gjeld blant anna

  • barn under 16 år
  • barn og ungdom under 18 år som får psykoterapeutisk behandling
  • personar som har vedtak om yrkesskade frå Nav (inkluderer soldatar i førstegongsteneste)
  • gravide på svangerskapskontroll
  • personar som har ålmennfarlege smittsame sjukdomar eller personar ein mistenkjer har ein slik sjukdom, til dømes klamydia og gonoré

Teieplikt

Fastlegen din har teieplikt. Ungdom over 12 år kan gå til legen utan at foreldra treng å vite om det. Det kan gjere det lettare når det faktisk er gratis å gå til fastlegen fram til du er 16 år.