UV-stråling frå sola kan skade huda di på forskjellige måtar

  • Det vanlegaste er førstegrads solforbrenning med raud og sår hud, men du kan også få andregrads og tredjegrads forbrenning med blemmer og sår.
  • Du kan få hornhinnebetennelse (snøblindskap).
  • Huda blir tidlegare uelastisk, rynkete og gamal av overdriven soling.
  • Intens soling og kraftig solforbrenning, spesielt når du er barn eller ungdom, kan føre til hudkreft seinare i livet.
  • Pigmentforandringar vil oppstå med åra. Men etter kort tids soling kan det oppstå ujamn hudfarge, utslett, soleksem, flassing.
  • UV-strålinga kan føre til augesjukdomen grå stær, som kan gje dårlegare syn eller gjere at du mister synet.
  • UV-stråling påverkar immunforsvaret og gjer at det lettare bryt ut virusinfeksjonar i huda, som til dømes munnsår (herpes).

  • FAKTA

    • UV-strålar kan skade huda di dersom du er for lenge i sterk sol, men gjev deg også D-vitamin som kroppen treng.
    • Bruk klede, caps, solbriller, solkrem, og skugge for å beskytte deg mot sterk sol. Ta pausar frå sola, særleg midt på dagen.
    • Forskjellige hudtypar reagerer forskjellig på sollys. Derfor er det fint å vite kva hudtype ein har.

...men litt sol er viktig

Det er også mange positive ting med sola. Sollys verkar avslappande, roande og gjer oss gladare.

UV-stråling kan også ha positiv effekt. UV-stråling gjer at det blir danna vitamin D i kroppen. Det er viktig å få litt sol på kroppen i sommarmånadene, men du treng berre små mengder av det. Ein veit ikkje heilt nøyaktig kor mykje som skal til av sollys for å dekkje D-vitaminbehovet, men ein reknar med at ca. 15 minutt om dagen er nok.

Resten av året er sola i Noreg for svak til å gje nok vitamin D, og då må ein passe på å få vitaminet gjennom det ein et og drikk. Gode kjelder til D-vitamin er laks, aure, sild og makrell, altså feit fisk. Ekstra lett mjølk er tilsett vitamin D.

Korleis soler ein seg på ein trygg måte?

Ta på solkrem (minst faktor 15) ein halv time før du går ut i sola, og smør deg om att med jamne mellomrom, minst kvar time. Då blir du ikkje solbrent, og du får ein betre og meir langvarig brunfarge.

Beskytt deg mot sterk sol med klede, caps, solbriller, og skugge. På sommaren er det lurt å ta pausar frå sola midt på dagen. Då er UV-strålinga sterkast og du blir lettast brent. Dreg du til stader lenger sør i verda, er sola sterkare, og du vil kunne nyte opphaldet betre og unngå solskadar dersom du følgjer solingsråda.

Menneske har ulik hudtype som påverkar kor godt du toler sola og kva slags vern mot sola du bør bruke.

Ver ekstra forsiktig dersom du...

  • blir lett solbrent
  • har eller tidlegare har hatt hudkreft, eller dersom nokon i familien din har eller har hatt hudkreft
  • har mange frekner
  • har mange eller unormale føflekker eller pigmentflekker (desse bør sjekkast jamleg, snakk med fastlegen din)
  • i barndomen har hatt hyppige og alvorlege solforbrenningar, fordi du då har større sjanse for å utvikle hudkreft seinare i livet
  • bruker medisinar som gjer huda ekstra følsam for UV-strålar
  • er gravid. Mange gravide kvinner opplever at huda blir meir sensitiv under graviditeten, og blir lettare solbrent. Ein kan òg lettare utvikle pigmentflekker