Svar på helsespørsmål

Du kan finne svar på det du lurer på, i artiklar og i tidlegare svar på spørsmål om helse.

Sjekk ut ARTIKLAR:

 

 

Sjekk ut besvarte spørsmål:

Tidlegare svar på spørsmål om kropp og helse

Tidlegare svar på spørsmål om sex

Tidlegare svar på spørsmål om pubertet

Tidlegare svar på spørsmål om psykisk helse

Tidlegare svar på spørsmål om mat og kosthold

Tidlegare svar på spørsmål om trening

Tidlegare svar på spørsmål om seksuelle overgrep

Finn du ikkje svar på det du lurer på, kan du sjølv stille spørsmål og få svar frå ein fagperson på ung.no/oss. Duglege fagpersonar som helsesøstrer, psykologar, sexologar, legar, tannlegar, fysioterapeutar, jordmødrer og fagpersonar innan kosthald og trening gir deg svar på spørsmål om kropp, helse og sex.

FAKTA

ung.no erstattar ikkje lege, helsesøster eller krisehjelp. ung.no er ei rådgivande og rettleiande teneste. 

Snakk med fastlegen din om du kjenner deg sjuk og treng behandling. Du kan gå til fastlegen utan å spørje foreldra dine.

Vi kan ikkje erstatte fastlegen eller helsesøstera der du bur

Dei som svarer på helsespørsmål på ung.no, er helsepersonell, men å stille eit anonymt spørsmål er ikkje det same som å ha ein samtale eller konsultasjon med dei. Dei kan ikkje stille diagnose eller tilrå ei behandling.

Ung.no erstattar ikkje lege, helsesøster eller krisehjelp

Ung.no er ei rådgivande og rettleiande teneste.

Les meir om regelverk knytt til helsehjelp.

Snakk med fastlegen din om du kjenner deg sjuk og treng behandling. Du kan gå til fastlegen utan å spørje foreldra dine.

Kven kan du oppsøke for å få hjelp?

Når det er noko du er plaga med, eller noko du uroar deg for, kan du snakke med helsesøster på skulen din eller på helsestasjon for ungdom. Du treng ikkje løyve frå foreldra dine. Du kan prate med desse om kropp og helse, om seksualitet, vanskelege tankar og kjensler og om problem heime, mobbing, vennskap og trivsel.

Fastlegen og helsesøstrer skjønner at ting kan vere flaut eller ubehageleg å ta opp. Dei er vane med å snakke om det som kan vere litt vanskeleg, og dei har teieplikt. Helsesøster eller fastlegen kan òg hjelpe deg å finne den rette helsehjelpa for nett deg på heimstaden din.