Symptom ved pollenallergi

Ved pollenallergi renn ofte nasen, han klør, tetnar til og ein nys. Auga renn, klør, blir raude og hovnar opp. Mange blir i aukande grad munnpustarar, og dermed blir ikkje lufta som skal ned i lungene, varma opp, fukta og reinsa for mellom anna pollenkorn. Dette kan utløyse eller forverre astma. Mange opplever at dei blir trøytte, dei strevar med redusert konsentrasjonsevne og innlæringsevne. Dette gir redusert yteevne i samband med skule, utdanning, arbeid og familie- og fritidsaktivitetar.

 

Kva kan du gjere?

  • Ta kontakt med lege om du trur at du har allergi. Legen kan ta test av deg for å finne ut av kva du er allergisk mot, og kan skrive ut effektive medisinar til deg. Legen kan òg hjelpe deg å søke om forlengd eksamenstid om du treng det.
  • Det beste er sjølvsagt om du prøver å unngå kontakt med det du reagerer på. For pollen er det nesten umogleg, men råd som det å lufte berre om natta eller når det reknar, når det er minst pollen i lufta, å ikkje køyre med bilvindauga opne og å ikkje trene ute i pollensesongen kan vere til litt hjelp. Ikkje heng tøy til tørk ute, og byt putetrekk ofte. Dusj kvar kveld slik at du skyl bort pollen frå hår og hud.
  • Allergi kan behandlast med allergitablettar og augedropar som blir selde reseptfritt på apotek. Om du har behov for å bruke desse fast, bør du likevel oppsøke lege.
  • Skyl gjerne auge og nase fleire gonger dagleg med saltvannsløysing/-spray.
  • Les pollenvarsel. For pollenallergikarar er det viktig å halde seg oppdaterte på pollenspreiinga. Ho blir vist dagleg på vêrmeldinga i aviser og fjernsyn. Det er òg viktig å følge med på når dei ulike pollenartane bryt ut, slik at du kan starte behandlinga i god tid før det, for best mogleg effekt.
  • For mange som er alvorleg angripne av pollenallergi, kan det å starte med pollenvaksinering vere til stor hjelp. Dette kan ein diskutere med legen sin.

 

Ulike pollen ein kan reagere på

  • Tidleg på våren blomstrar or og hassel, så kjem tre i salix-slekta, t.d. pil, selje og vier. Reagerer du på nokre av desse, kan plager starte allereie i slutten av februar / starten av mars i Sør-Noreg. Mot slutten av april og i starten av mai følger bjørketrea. Dei er den vanlegaste årsaka til pollenplager hos personar som er allergiske mot lauvtre.
  • Frå slutten av mai til byrjinga av august gror graset for fullt, og mange reagerer kraftig på dette.
  • Burota blomstrar frå midten av juli, og ho held fram heilt inn i september. Burota veks ofte i vegkantar og i øyde område, og kan utløyse kraftige allergiske reaksjonar hos allergikarar.

 

Pollenallergi og eksamen

Ofte er pollensesongen på same tid som eksamen på vår og forsommar. Det kan være akkurat da du har plager som gjer deg mindre opplagt og kanskje også har kløande auge, tett pust og rennande nase. Du kan søkje om utvida tid på eksamen på både grunnskole, videregåande skole og høgskole/universitet. Husk at du må gjere dette i veldig god tid, så prat med legen din om dette er aktuelt og send ein søknad allereie på hausten. Litt meir tid kan kompensere for at du er ikkje er heilt opplagt, men er kanskje ikkje fullgod hjelp. Følg alle dei andre råda i tillegg, slik at plagene blir minst muleg.

 

Kryssallergi

Mange med pollenallergi kan oppleve kryssreaksjonar.

Når personar med pollenallergi opplever at dei får ubehag ved å ete rå frukt og grønsaker, kjem dette av ein kryssreaksjon mellom allergen i pollen og i rå frukt/grønsaker. Dette gjeld særleg bjørkepollenallergikarar. Årsaka er at dei allergiframkallande stoffa i pollen(protein) liknar på protein i maten. Mange bjørkepollenallergikarar vil oppleve at dei får ubehag i munn og svelg når dei et rå frukt og grønsaker, spesielt i pollensesongen. Nemninga «oralt allergisyndrom» blir nytta ved matvareoversensitivitet der lokale symptom frå munnhòla dominerer. Nokre opplever at det klør heilt ut i øyra. Symptoma kan auke og spreie seg til fleire organ, og i verste fall kan ein få anafylaktisk sjokk, men dette er svært sjeldan hos oss i Nord-Europa.

Er du ein av dei som blir plaga av bjørkepollenallergi eller annan pollenallergi, kan du få god informasjon og gode råd på nettsidene til Norges Astma- og allergiforbund. Der kan du òg lese pollenvarselet for distriktet ditt i dag.

Les meir om pollen og allergi.

Kjelde: Norges Astma- og allergiforbund.