For deg mellome 13 og 20 (25) år

Det finst helsestasjon for ungdom i dei fleste kommunane i landet. Er det ikkje noko tilbod i kommunen din, er det truleg mogleg å få hjelp i nabokommunen. Sjekk nettsida til kommunen for å finne ut kor og når helsestasjonen er open der du bur.

Dei fleste stader har helsestasjon for ungdom eit tilbod til ungdom mellom 13 og 20 år, mens nokre stader er tilbodet opp til 25 år. Både gutar og jenter kan gå til helsestasjonen, og nokre stader er det òg eigne gutetilbod.

 

Prate om «alt»

Helsestasjon for ungdom er for både gutar og jenter, og dei som jobbar der, er vane til å prate om det meste. Dei veit mykje om seksuell helse, prevensjon og kjønnssjukdommar, og dei veit korleis dei skal prate om ting som kan vere vanskelege og utfordrande i livet.

Dei fleste stader jobbar det lege og helsesøster, mens nokre stader vil du òg kunne møte jordmor, psykolog eller andre yrkesgrupper som kan hjelpe deg.

Taushetsplikt

Helsestasjonar for ungdom skal vere eit tilbod som er tilpassa og lett tilgjengeleg for deg som er ung, men òg samarbeid med skule og foreldre er aktuelt arbeid for helsestasjonane. No er det likevel slik at dei som jobbar der, har taushetsplikt for dei som nyttar tilbodet, så det vil vere opp til ungdommen om det skal vere samarbeid med andre.

 

Av redaksjonen, ung.no