Sjå for deg følgjande situasjon: Du sit på jobbintervju og skal svare, men plutseleg kjenner du at munnen vert tørr og du vert sveitt i handflatene. Intervjuaren ser ned i bordet og noterer på eit papir. Plutseleg ser ho på deg – og stiller deg eit vanskeleg spørsmål som er meint å vippe deg av pinnen.

Ikkje ver redd for desse spørsmåla. Her får du gode råd til kva du kan svare.

Spørsmål 1: Kan vi vite at du vil vere i jobben ei stund?

«Vi ser at du hadde mykje fråvær / Vi ser at du slutta på skulen/studiet / Vi ser at du slutta i førre jobben. Korleis veit vi at du ikkje berre vil slutte hos oss?»

Om du har slutta eller gjeve opp skule eller jobb tidlegare, er det sannsynleg at du vil verte spurt om dette i ein eller annan variant på intervju. Det er ikkje så lett å svare på, men her er eit framlegg til korleis du kan løyse det:

Løysing:

Det beste du kan gjere om nokon stiller eit tøft spørsmål om fortida di, er å vise at du ikkje har noko problem med fortida. Det er notida som tel, og du er motivert for å jobbe hos dei no. Det er det dei er ute etter å høyre.

Vis at du er motivert! Alle kan vere demotiverte på skulen eller ha mistrivest i ein jobb, men det vil ikkje seie at du vil gjere det i framtida. Tvert om så veit du korleis det er å vere lei av noko. Du er verkeleg klar for å byrje på noko nytt, og så lenge dei får sjå denne motivasjonen, er ikkje bakgrunnen din så farleg.

 

Spørsmål 2: Kva er dine svake sider?

«Kva er dei svakaste sidene dine? Kva er du dårlegast på? Kva er det du ikkje klarer?»

Dette spørsmålet er ikkje nødvendigvis laga for å finne ut akkurat KVA dei svake sidene dine er. Det vert heller stilt for å finne ut korleis du reagerer under press, korleis du reflekterer over deg sjølv, og korleis du er i stand til å takle eit så direkte spørsmål.

Det beste du kan gjere er å puste djupt, tenke over spørsmålet og svare ærleg. Det er ikkje bra å avfeie spørsmålet med: «Veit ikkje – eg har ingen svake sider». Det vert for passivt, for alle har svake sider. Det andre som ikkje vert sett på som eit godt svar – og dette overraskar nokon – er å fortelje noko positivt som negativt. Til dømes at du er «perfeksjonist og jobbar for hardt». Eller at den dårlege sida er at du «alltid tenkjer på jobben», at du er «for pliktoppfyllande».

Løysing:

Ver heller ærleg. Fortel om ei side som ikkje er di sterkaste, men fokuser på at du jobbar med ho og har idear til korleis du kan halde ho i sjakk:

Sei til dømes: «Det hender eg vert stressa om eg har for mykje å gjere. Men eg prøver å puste ut, og det byrjar verte betre.»

 

FAKTA

Tre tips til vanskelege spørsmål på intervjuet:

  1. Fokuser på notida, og vis at du er motivert til akkurat denne jobben.
  2. Ver ærleg om dei svake sidene dine, og vis korleis du jobbar med det. Ikkje pakk inn positive ting som noko negativt.
  3. Ver seg sjølv på intervjuet, still førebudd og tenk gjennom svara dine.

Spørsmål 3: Kvifor akkurat deg?

«Kvifor bør vi tilsetje deg?»»

Dette er eit skjult, vanskeleg spørsmål. Det er stilt nøytralt, men dei er ute etter å høyre ein bestemd ting. Kvifor skal du verte vald? Kva er det med deg som gjer at du bør få jobben, sjølv om dei har mange andre inne til intervju?

Løysing:

Ikkje berre svar at du er 19 år og er ute etter ein sommarjobb. Svar at du er ei 19 år gammal jente som elskar å jobbe med menneske, og som har gledd seg til å ha ein jobb som dette, og at du kan ta med desse og desse eigenskapane inn i jobben om dei vil ha deg.

Så lenge du er deg sjølv på intervjua, er førebudd og tenker godt før du svarer, så har du gjort ditt. Og om du bruker eit av tipsa over, eller endå betre, finn din eigen vri – så ligg du godt an.

Vil du ha fleire tips til jobbintervjuet? Sjekk ut denne artikkelen på unginfo.no.