Ifølge Utenriksdepartementet lever dei fleste jentene som blir utsette for kjønnslemlesting, i nærare 30 land i Afrika. Desse ligg innanfor ein geografisk triangel som strekker seg frå Egypt i nordaust til Tanzania i sør og Senegal i vest. Inngrepa blir også gjort i samfunn andre stader i Afrika og blant folkegrupper utanfor Afrika. Særleg på den arabiske halvøya, blant enkelte grupper i Iran og Irak, og blant enkelte muslimske grupper i Indonesia og Malaysia. Dei ulike inngrepa blir ikkje gjort i same omfang overalt, og skikken varierer betydeleg mellom ulike folkegrupper, land og regionar. Kjønnslemlesting kan også finnast i ulike kombinasjonar.

Alle delar av kvinna sitt kjønnsorgan er nyttige

Dei ulike delane av kvinna sitt kjønnsorgan har namn. Alle delane av kjønnsorganet er til nytte. Delane har ein funksjon. Dersom ein fjernar eller skadar noko av dette, kan naturlege funksjonar forstyrrast.

FAKTA

Kjønnslemlesting av kvinner er forbode i Noreg! Skriv inn til ung.no/oss og få svar. Du er anonym og vil få svar så fort som mogleg (innan ei veke).

Kvinner sine ytre kjønnsorgan er samansette av

  • Klitoris - klitoris er eit nervesenter for seksuell stimulering og tilfredsstilling
  • Forhud - forhuda dekker og beskyttar klitoris
  • Skjedeopning - opning for samleie og fødslar. Derfor er vevet elastisk. Her kjem også menstruasjonsblod ut.
  • Urinrørsopning - opning for urin.
  • Indre kjønnslepper - kjønnsleppene vernar skjeden og urinrøret mot friksjon og infeksjonar.
  • Ytre kjønnslepper - dei vernar heile kjønnsorganet mot friksjon og infeksjonar.

Fleire typar kjønnslemlesting

Ifølge Verdens helseorganisasjon (WHO) omfattar kjønnslemlesting alle inngrep der ytre kjønnsdelar på jentebarnet eller kvinna blir fjerna heilt eller delvis, eller inngrep som medfører annan skade på kjønnsorgana, og som blir gjort av kulturelle eller andre ikkje-terapeutiske årsaker.

WHO skildrar fire typar kjønnslemlesting av jenter:

Type 1

Klitorishovudet er fullstendig eller delvis fjerna (klitoridektomi). Kan vere vanskeleg å oppdage.

Type 2

Fjerning av klitoris og heile eller delar av indre kjønnslepper.

Type 3

Innsnevring av skjedeinngangen. Delar av kjønnsleppene (ytre og indre) blir skorne bort og blir sydd/føydde saman slik at det dannar seg eit segl av hud som dekker skjedeinngangen.

Ofte fjernar ein også delar av klitorishovudet (infibulasjon).

Type 4

Alle andre skadelege inngrep i kvinna sitt kjønnsorgan av ikkje-medisinske årsaker, f.eks. prikking, stikke hol, skjering, skraping eller brenning.

To hovudtypar: Fjerne eller sy saman

1. Inngrep som fjernar delar av kjønnsorganet. Inngrepet fjernar vev frå klitoris og dei indre kjønnsleppene. Det varierer kor mykje som blir fjerna og korleis. Dette er omfatta av WHOs kategori I og II. Slike inngrep blir bl.a. kalla: Klitoridektomi, Excision Sunna Tahara og Tahoor.

2. Inngrep som syr saman betyr at ein fjernar eller skrapar vev frå dei ytre kjønnsleppene slik at ein kan sy desse saman. På denne måten blir det danna eit segl av hud som dekker store delar av kjønnsorganet, inklusive skjeden. Dette er omfatta av WHOs kategori III. Slike inngrep blir bl.a. kalla: Infibulasjon og sudanesisk omskjering.

Omfang

Ca. 80-85 % av all kjønnslemlesting i verda er av typen inngrep som fjernar, som vi kallar klitoridektomi. Ifølge WHO og Rainbow fjernar ein i nesten alle tilfelle mykje frå både klitoris og dei indre kjønnsleppene. Berre om lag 5 % av omskjeringa i verda omfattar berre klitoris.

15-20 % av kjønnslemlestinga i verda er inngrep som syr saman, det vi kallar infibulasjon. Det varierer kor mykje som blir fjerna av klitoris og dei indre kjønnsleppene før området blir sydd att.

Variasjonar

Nokre stader syr ein berre saman dei indre kjønnsleppene – dette blir kalla infibulasjon, ”sunna” eller klitoridektomi. I nokre tilfelle kan både indre og ytre kjønnslepper syast saman, eller gro saman. Det varierer kor tjukt hudlaget som utgjer infibulasjonen er. Nokre gonger har infibulerte kvinner heilt intakt og uskada klitoris og små kjønnslepper under hudseglet.

”Berre litt ...”

Nokre blir fortalt at det inngrepet mange kallar ”sunna”, ”tahoor” eller ”tahara” ikkje skadar i det heile. Slik er det ikkje i praksis, berre i teorien. Dersom nokon bestiller ei slik omskjering vil det i nesten alle tilfelle bety at heile klitoris og dei indre kjønnsleppene blir fjerna. Det er det som skjer i praksis.

Skadar som følge av inngrepa

Helsekonsekvensane som følge av kjønnslemlesting kan vere alvorlege og føre til plager på lang sikt. Å avskaffe kjønnslemlesting vil kunne betre livskvaliteten til jenter og kvinner i dei gruppene som praktiserer kjønnslemlesting. Dei vanlegaste akutte fysiske komplikasjonane er blødingar, infeksjonar, sjokk, problem med urinering og vanskar med å gå. Inngrepet kan også innebere fare for smitte av stivkrampe, hepatitt, HIV og andre sjukdommar. På lang sikt kan det oppstå komplikasjonar som cystar, plagsam arrdanning, smerter og stramt vev. Ved infibulasjon (type 3) kan det også oppstå problem med menstruasjon og urin, særleg før ein opnar skjeden på nytt ved giftarmål. Type 3 inneber at ein må opnast på nytt for at samleie og fødsel skal vere mogleg. (Utenriksdepartementet - Plan for Regjeringens internasjonale arbeid mot kjønnslemlesting av jenter)

Straffbart i Noreg

Kjønnslemlesting av kvinner har også vore straffbart i Noreg i lang tid. I 1995 vart det vedtatt ei eiga lov mot kjønnslemlesting av kvinner busette i Noreg. Etter at vi fekk lovforbodet i Noreg, har Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet gitt ut fleire handlingsplanar med tiltak mot kjønnslemlesting.

Forbud mot kjønnslemlestelse i norsk lov

 

Kjelde: OK-prosjektet og Selvhjelp for innvandrere og flyktninger