Alle dei vanlege reglane i straffelova kan brukast på lovbrytarar over 15 år. Men det finst nokre spesielle reglar for dei mellom 15 og 18 år.

Bør ikkje setjast i fengsel

I følge loven bør ikkje unge under 18 år pågripast eller fengslast dersom det ikkje er spesielle grunnar til det. Politiet og retten vil uansett vurdere andre former for reaksjonar (straff), slik som meldeplikt, eit opphald på ein barnevernsinstitusjon eller liknande.

Men politiet har lov til å ta inn ein ungdom til politistasjonen, lensmannskontoret eller til andre lokale som politiet nyttar, på visse vilkår. Der kan dei halde den som er pågripen i inntil 4 timar. Det er det politiloven som seier.

Melding til barneverntenesta ved alvorlege lovbrot

Når eit barn under 18 år blir etterforska av politiet og saka er alvorleg, skal politiet seie frå til barneverntenesta med éin gong. Det er dei plikta til å gjere ifølgje straffeprosessloven.

Barneverntenesta får då informasjon om politiet ønskjer å gjennomføre eit avhøyr eller ikkje. Barneverntenesta får også lov til å uttale seg før politiet bestemmer seg for å tiltale ungdomen eller ikkje for lovbrotet han eller ho har gjort.

Dersom barneverntenesta ønskjer å gjere nokon tiltak, vil det kome i tillegg til ei eventuell straff eller reaksjon ungdomen får.

FAKTA

Det er få unge som sonar i norske fengsel. Ofte vel ein andre løysingar enn fengselsstraff utan vilkår for dei yngste lovbrytarane.

Dersom dei kan bevise at du er skuldig

Når påtalemakta meiner at dei kan bevise at du er skuldig, kan dei velje mellom tre alternative løysingar:

  • arrow_drop_down_circle  Fritak
    Fritak, eller påtaleunnlatelse, blir ganske ofte gjeve overfor lovbrytarar i denne aldersgruppa. Påtaleunnlating kan gjevast med eller utan vilkår (krav), f.eks. krav om at du skal betale erstatning til den du har gjort noko mot (den fornærma). Berre ein sjeldan gong gjev ein påtaleunnlating utan nokon slike vilkår.

  • arrow_drop_down_circle  Konfliktråd
    Dersom saka passar til det, opnar straffeprosessloven for mekling hos Konfliktrådet. Då må både den som har vorte "fornærma" og den som er sikta, godkjenne at saka blir overført dit. Dersom ein av dei er under 18 år, må også verjene (foreldre) til denne personen godkjenne det.

    Å møtast ansikt til ansikt gjev lovbrytaren høve til å forstå korleis offeret har opplevd det vonde som har skjedd. Lovbrytaren får eit høve til å ta ansvar, beklage og gjenopprette skaden direkte og konkret overfor offeret. Offeret får også høve til å fortelje om kjenslene sine i samband med lovbrotet som han eller ho har vore utsett for, direkte til lovbrytaren. Det har vist seg at mekling ofte er særleg vellykka i valdssaker der unge er involverte.

    Påtalemakta kan etter same føresegn også vedta å overføre saka til ungdomsoppfølging i konfliktråd, dersom straffeskuld er rekna for å vere bevist. Ei slik overføring føreset at saka eignar seg for ei slik behandling, og at sikta og verjene hans samtykkjer.

  • arrow_drop_down_circle  Tiltale
    Blir det teke ut tiltale mot ein lovbrytar mellom 15 og 18 år, og han eller ho blir dømt i retten, kan alle typar straff brukast: unge over 15 år kan få bøter, fengsel på eller utan vilkår eller samfunnsteneste.

    Ein person som var under 18 år på gjerningstidspunktet, kan likevel ikkje dømmast til fengselsstraff over 15 år.

    Når lovbrytaren er under 18 år, kan retten også setje straffa til under det minstekravet som er fastsett for denne type lovbrot (straffeloven).

    Domstolen kan også gje ungdomsstraff eller ungdomsoppfølging til ein person mellom 15 og 18 år. Saka blir i desse tilfella overført til konfliktrådet for oppfølging.

    Les meir om ungdomsstraff og ungdomsoppfølging her på ung.no.

Samfunnsteneste

Dersom ein ikkje ønskjer å dømme lovbrytaren til ungdomsstraff eller ungdomsoppfølging, kan retten bestemme at straffa skal gjerast opp med samfunnstjeneste). Personar under 18 år kan dømmast til samfunnsteneste i alt frå 30 til 420 timar.

Samfunnsteneste har vist seg å passe bra for unge lovbrytarar som treng ein omgåande og merkbar reaksjon med tydelege konsekvensar.

Fridomsrøving av ungdom

Barn under den kriminelle lågalderen (15 år) kan ikkje fengslast eller varetektsfengslast. Unge over 15 år kan derimot både varetektsfengslast og dømmast til fengselsstraff, men då krev lova at det skal vere spesielle grunnar til det. Det er få unge under 18 år som blir dømt til fengsel i Noreg.

Korleis er fengselsstraff for ungdom?

I straffegjennomføringsloven står det at når eit barn under 18 år blir sett i fengsel, skal ein tilpasse opphaldet. Fagpersonar skal sørgje for å ta vare på behova til den som er dømt under straffetida. I tillegg skal dei hjelpe til i tida etter fengselsopphaldet.

Fengsla skal også leggje forholda til rette for at skadane ved å sone i fengsel blir minst mogleg. Barn som blir sette i fengsel, skal setjast i ei ungdomseining. Der skal det vere tilsette med miljøterapeutisk, barnefagleg eller annan sosialfagleg bakgrunn som skal gjere soninga best mogleg.

 

Prøvelauslating

For å få prøvelauslating frå fengselsstraff, må ofte unge lovbrytarar ha oppfølging frå Kriminalomsorgen. Dei skal sørgje for at tryggleiken til dei andre rundt er sikra, samtidig som dei skal passe på at den som er prøvelauslaten, ikkje hamnar i trøbbel igjen.

Det kan også vere andre krav, til dømes krav til bustad, behandling, opphaldsstad, opplæring og om ikkje å vere saman med bestemte personar.