Sjølv om den kriminelle lågalderen er 15 år, er det likevel ikkje slik at personar under 15 år som gjer lovbrot er heilt utan ansvar eller at ein er utan verkemiddel.

Kan ikkje arrestere born under 15 år.

Derimot kan dei etter politiloven § 8 takast med til politistasjonen, lensmannskontoret eller til andre lokale som politiet brukar, og haldast der i inntil 4 timar.

Dersom ungdommen er rusa, kan han takast inn etter politiloven § 9.

 

 

Forbod mot å opphalde seg ein bestemt stad

Politiet kan gjennom påtalemakta nekte ein person som er under 15 år å opphalde seg på ein bestemt stad etter straffeprosessloven § 222c. Opphaldsforbodet krev at det er grunn til å tru at faren for at barnet gjer ei straffbar handling aukar dersom barnet oppheld seg på staden. Forbodet skal vere tidsbestemt og vare maks 6 månader om gongen

Ute åleine etter kl. 22

I tillegg har politiet ein særskild heimel til inngrep overfor born i politiloven § 13. Born som driv rundt åleine på offentleg stad etter klokka 22.00, og som ein meiner er under 15 år, kan sendast eller køyrast heim.

Les meir om opphaldsforbod.

 

 

Bekymringssamtale

Nokre gonger ber politiet deg inn til ein samtale på politistasjonen saman med ein eller begge dine næraste vaksne. Dette blir kalla ein bekymringssamtale, og blir brukt av politiet når dei er bekymra for at du kan få problem og bryte lova.

I ein slik samtale vil politiet gjerne vite kva som ligg bak problema du er involvert i, og kome med forslag til deg og dei vaksne om kva som kan gjerast for at du skal få det betre. Målet er ikkje å straffe deg, men å hjelpe deg og dine føresette med å ta ansvar for at du legg om kursen og endrar veremåte.

Både du og dei vaksne er lovpålagde å møte opp når de får invitasjon til bekymringssamtale. Samtalen blir journalført hos politiet, men blir ikkje ført opp på rullebladet.

Mekling med konfliktrådet

Dersom du er meld til politiet for eit lovbrot, kan politiet i nokre saker bestemme at dette skal sendast til konfliktrådet for mekling – i staden for at politiet dømmer deg til straff. Det betyr ikkje at du "slepp billegare unna", men at du sjølv må ta ansvar for å gjere opp for deg direkte.

Dette skjer ved at du møter personen som har meldt deg til politiet ansikt til ansikt, saman med ein konfliktrådsmeklar. Meklaren kan hjelpe til med å finne ein måte å ordne opp på.

Mekling i konfliktrådet er frivillig. Det betyr at begge partar må være villige til å delta, og at du har vedgått å ha gjort det du er meld til politiet for. Dersom dette ikkje er på plass, går saka til vanleg behandling hos politiet.

 

 

Les om konfliktrådsmekling:

Hva skjer før et meklingsmøte?

Hva skjer under et meklingsmøte?

Hva skjer etter et meklingsmøte?