Kva er greitt og ikkje?

Hår eller ikkje hår? Mange lurer på om dei skal fjerne hår på kroppen eller ikkje. Då dukkar det opp ein del spørsmål:

Er det mest vanleg å fjerne hår i underlivet? Skal både gutar og jenter barbere seg nedantil? Kva med håret på leggene, skal både gutar og jenter fjerne dei? Og ikkje minst, korleis fjernar ein i det heile hår?

Spørsmåla er mange, og det finst ingen svar som er riktig for alle.

 

Du bestemmer

Dei fleste ser seg rundt, lurer på kva dei andre gjer, og prøver seg litt fram. Mange finn fram til ei løysing med barbering eller hårfjerning dei sjølv trivst med.

Nokre finn fram til ei løysing dei tenkjer at andre forventar av dei. Nokre fjernar alt, nokre fjernar ingenting, og nokre vel ei mellomløysing.

Hår eller ikkje hår er i stor grad styrt av motar. Hugs at ein blir påverka av det ein ser på film, i sosiale medium og i reklamar.

Produsentar av hårfjerningsprodukt tener gode pengar på at folk kjøper produkta deira. Derfor vil det i reklamar ofte verke som at det å fjerne kroppshår er ein like sjølvsagt del av den daglege hygienen som å pusse tennene.

 

FAKTA

Det finst fleire ulike metodar for å fjerne hår.

  • Barbering er lettvint, billig og smertefritt, men håret veks raskt tilbake.
  • Laserbehandling kan fjerne håret for godt, men er dyrt og tidkrevjande.
  • Voksing er relativt lett, og det tek lang tid før håret kjem tilbake, men det kan vere smertefullt.
  • Epilator kan brukast heime, og er enkel i bruk, men kan vere litt dyr å kjøpe. Som ved voksing, gjer det ganske vondt å bruke.

Hår har ein funksjon

Visste du at hår kan gjere deg varmare om vinteren og mindre klam om sommaren? Håra gjer at det blir eit lite luftlag mellom huda og kleda der lufta får sirkulere.

I tillegg vil sveitte gjere håra våte, som i sin tur gjer overflata for fordamping av sveitten større. Då vil kroppen din fordampe meir duftstoff (feromon), som frå naturen si side skal ha ein effekt på å lokke til seg ein partnar.

Kroppshåra er også viktige for følsemda i huda.

 

  • arrow_drop_down_circle  Fjerne hår i ansiktet
    Skjeggvekst er vanleg hos gutar. Men jenter kan òg få hår i ansiktet. Dette er ofte genetisk bestemt. Mørkhårede jenter har oftare stive og mørke hår i ansiktet, gjerne på overleppa. Lyshåra jenter har oftare lyse dunhår på overleppa.

    Mange ønsker å fjerna stive og mørka hår i ansiktet, til dømes på overleppa, eller ved øyenbrynene. Då er napping med pinsett, voksing av eit avgrensa område eller laserfjerning det beste. Napping eller voksing kan ein gjera sjølv, eller få hjelp til på ein hudsalong.

    Det går òg an å fjerna hår ved hjelp av ein bomullstråd (threading). Denne teknikken krev ein del øving.

    Laserbehandling hos ein hudklinikk er den dyraste av metodane, men også det som varer lengst før håra kjem tilbake.

    Det er ofte vanskeleg å fjerna lyst hår ved laserbehandling. Derfor er det nokon som fjernar hår ved elektrolyse hos ein hudklinikk. Ein nål blir ført inn langs håret til hårroten, og så blir hårroten drepe med ein elektrisk støyt. Eitt og eitt hår må behandlast om gongen, så dette er ganske tidkrevjande.

    Ein kan òg barbera seg med høvel. Dette vil etterlata seg små mørke og strie hårstubber, og håra kjem dessutan raskt tilbake. Barbering er derfor best for dei som vil ha synlege skjeggstubbar. Les meir om barbering i ansiktet her.

    Jenter med mykje mørk hårvekst i ansiktet bør oppsøka lege, då det kan vera eit teikn på hormonforstyrring

Metodar for å fjerne hår

Det er fleire ulike metodar du kan bruke for å fjerne hår på kroppen.

Barbering

Ein vanleg metode er å barbere seg. Det er viktig med eit skarpt barberblad. Dersom ikkje, kan du få irritert hud og betennelse i hårsekken.

Sørg for at huda er heilt rein, og gjerne varm, før du startar. Hugs god hygiene, så ha ein eigen høvel til intimbarbering. Det er lurt å bruke skum/gel, og då gjerne ein type som er for følsam hud.

Det er viktig å barbere MED hårretninga for å lage minst irritasjon i hårsekkane. Skyl og reins huda etterpå. Skyl barberhøvelen godt med kokande vatn etter bruk.

Det er ganske vanleg at det kjem raude prikkar og kløe i dagane etter barbering. Det er fordi huda er irritert og at små harde hår som er kutta, gnissar.

Nokre gonger får ein små kviser etter barbering. Det kan kome fordi håret snurrar rundt seg sjølv og tek til å vekse innover i huda att. Det inngrodde håret kan gje ein betennelse i huda og i hårsekken som liknar på små kviser. Har ein mykje problem med inngrodd hår, kan ein forsøke ein hårfjerningskrem i staden.

Varigheit: 1-5 dagar.

Smerter: Lite eller ingen.

 

Voksing

Barbering etterlèt seg små svarte prikkar. Det er fordi ein kuttar håret ved hudoverflata. Dersom du vil fjerne heile hårrota, kan voksing vere eit bra alternativ.

Ved voksing tek det også lengre tid før håra gror ut att. Tida det tek varierer frå person til person, men det kan gå opptil seks veker før det kjem nytt hår.

Ulempa med voksing er at det gjer ganske vondt. Du kan heller ikkje vokse for kort, eller for langt hår. Det bør vere ca. 0,5 cm langt for at voksen skal få tak.

Du kan velje å gjere voksinga sjølv heime, eller på ein hudsalong. Den profesjonelle voksinga med varmvoks er nok meir effektiv. Derimot er voksstrimlane ein bruker heime, eit mykje rimelegare alternativ.

Etter voksing bør det ta to døgn før du bruker deodorant, parfyme eller solar dei områda du har fjerna hår frå. Bruk heller ikkje tettsitjande klede på områda det første døgnet.

Når håra veks ut att, kan det lett stikke og klø litt. Det kan vere til hjelp å smørje med ein fuktigheitskrem, gjerne med aloe vera i.

Varigheit: 4–6 veker

Smerte: Ganske høg. Blir som regel mindre vondt når du har gjort det eit par gonger.

 

Epilator

Lik som voksing vil også ein epilator fjerne hår ved rota. Han ser litt ut som ei barbermaskin, og dreg håra ut ved hjelp av eit roterande hovud med små pinsettar i.

Ein epilator kan vere litt dyr, og som ved voksing, gjer det ganske vondt.

Fordelen er at han er enkel å bruke. Ein får også kjøpt epilatorar med kjøleelement som dempar smerta ved bruk.

Dei same råda for kva du bør gjere etter voksing, gjeld også for epilering.

Varigheit: 4–6 veker.

Smerte: Ganske høg, men minskar noko når du blir van med metoden.

 

Hårfjerningskrem

Du kan bruke hårfjerningskrem, gele eller skum på legger, armar, under armane, bikinilinja eller andre delar av kroppen.

Kremen etsar vekk håra, og kan skade huda der den er meir ømfintleg enn elles på kroppen. Det er derfor ikkje tilrådd å bruke hårfjerningskrem i underlivet, særleg på pungen og i nærleiken av slimhinner.

Du smørjer produktet på området der håret skal fjernast. Håret etsar vekk, men det er berre på overflata det forsvinn. Hårrota blir verande. Det vil likevel vare lenger enn barberinga, og håret vil kjennast mjukare når det veks ut, sidan du unngår dei skarpe stubbane.

Varigheit: 3–7 dagar

Smerte: Kan svi litt, men då bør du ikkje bruke produkta.

 

Laserbehandling

Som i ansiktet kan du også fjerne kroppshår med laser. Det er effektivt, men dyrt. Derfor er dette mest aktuelt for små område.

Laserstrålen blir send ned i huda, treffer hårsekken og skader hårrota slik at hårveksten stoppar. I nokre tilfelle kan du også få nokre pigmentflekker som er teikn på forbrenning, men dette er berre overflatisk.

Varigheit: Nokre vil oppleve at håret er borte for godt. Andre igjen vil berre merke redusert hårvekst.

Smertefaktor: Vil opplevast varmare dess mørkare hud du har.