Mensen, første gong

Mange jenter lurer på når dei skal få mensen for første gong. For svært mange kjem mensen når ein er 12-13 år, men det er veldig store skilnader. Enkelte kan få mensen så tidleg som når dei er 9 år og andre kan få den så seint som når dei er 17 år.

Kanskje kan du få ein liten aning om når den kjem om du spør mamma eller søster når dei fikk den, for ofte kan det likne litt, men slett ikkje alltid.

Teikn på at mensen snart kan komme

Mensen kjem når puberteten har komme godt i gong. Det vil seie at ein har vakse mykje, har begynt å få bryst og fått hår på kjønnsorgana og under armane. Nokon har litt ilt i magen før den første mensen kjem. Det er også normalt at ein har begynt å få utflod, ofte får ein utflod eit par år før mensen.

Utflod er ei væske som blir laga av celler i skjeden, og er med på å reinse og gjere miljøet i skjeden optimalt. Det er veldig varierande kor mykje utflod kvar enkelt har. Ofte kan ein sjå utflod i trusa som kan vere alt frå kvit til litt eggkvit. Utfloda luktar ikkje så mykje, men kan lukte litt surt. Ein skal aldri vaske seg inne i skjeden då skjeden reinsar seg sjølv, og utfloda er ein del av denne reingjeringa. Dersom utfloda er litt brunaktig, kan det vere teikn på at mensen er på veg.

FAKTA

Mensen kjem ein gong mellom 9 og 17 år. Det er altså store forskjellar frå jente til jente.

Når skal ein kontakte lege?

Dersom ein ikkje har fått mensen når ein er 14 år og det heller ikkje er teikn til at puberteten har begynt, kan ein snakke med legen. Les meir om kva du kan gjere om puberteten ikkje kjem.

Det same gjeld dersom ein ikkje har fått mensen, men har fått teikn på pubertet og er 16 år. Då kan legen ta blodprøver og sjekke mengda av kjønnshormon. Før dette er det ingen grunn til at ein skal undersøke kvifor mensen ikkje har komme.

Fortelje det?

Mange jenter ventar spente på å få mensen og er stolte og glade når mensen kjem. Snakk gjerne med venninner eller søsken som er eldre og har erfaring, om det er noko du lurer på. Dei fleste synest det er heilt greitt og vil gjerne hjelpe med råd. Nokre gruar seg og synest det er flaut å fortelje at dei har fått sin første mens, fordi dette er noko nytt. Hugs at for foreldre er mensen ein vanleg ting, dei veit at det er noko som kjem når du har komme i puberteten. Du kan prøve å seie det som ein heilt vanleg ting, og så kan du be dei kjøpe bind eller tampongar, skrive det på handlelappen eller be om pengar til å kjøpe sjølv.

Dersom det er noko du lurer på, kan du snakke med helsesøster på skulen din eller med nokon på helsestasjon for ungdom.