Alle raudnar av og til, men mange synest det er flautt og blir derfor redd for at det skal skje. For nokon kan tanken på- og redselen for å raudne vere så ubehageleg at det blir eit hinder i kvardagen.

Er du i puberteten er det normalt å raudne lettare. Dessutan er det vanleg å kjenne seg litt ekstra utrygg på seg sjølv i denne perioden. Kanskje har du fått kommentarar om at du raudnar. Dette kan gjere redselen for å raudne enda sterkare.

Redselen for at det skal skje er verst

Det verste er ofte frykten for at du skal kome til å raudne. Du bruker mykkje tid og energi på å tenkje på at det kan skje. Ein slik tanke kan vere «å nei, no kjem eg til å raudne og det blir så flatt». Om du tenkjer over det, er det kanskje ikkje så ille når det fyrst skjer?

Kva tenkjer du om andre som raudnar?

Du har sikkert sett andre raudne nokre gonger. Kanskje har du ikkje tenkt så mykje på det, med den som sjølv raudnar kan synest det er kjempepinleg. Har du tenkt på at andre ikkje er så oppteken av om du skulle raudne litt?

FAKTA

Dette skjer når du raudnar:

  • Pulsen din aukar. Du kan då kjenne at hjartet slår litt raskare. Nokon høyrer lyden av hjarteslaga dunke i øyra.
  • Huda di blir raud fordi hjartet sender ut meir blod i kroppen. Nokon blir meir raud enn andre.
  • Du greier kanskje ikkje å sei nett det du ynskjer. Orda vil ikkje heilt kome, eller du kjenner at dei vil stokke seg.
  • Du kan kjenne at du har lyst til å søkke gjennom golvet, og bli borte frå situasjonen.
  • Du kan bli litt tørr i munnen.
  • Du kan bli litt sveitt i hendene.
  • Nokon sansar blir skjerpa, men det tyder òg at kroppen din demper andre sansar. Du kan få stort fokus på noko, og miste evnen til å ta inn andre ting.

Og om nokon har kommentert det, var dei kanskje berre glad for å sjå at også andre raudnar, slik dei sjølv gjer.

Kva kan du gjere?

  • Aksepter at raudninga kjem. Minn deg på at det å raudne er heilt normalt.
  • Sei til deg sjølv det du ville sagt til ein god venn som var redd for å raudne.
  • Prat med nokon om du tenkjer mykkje på dette. Dette kan vere ein god venn, ein forelder, ein lærar, eller ein helsesjukepleiar.
  • Det er veldig uvanleg å få medisinsk behandling mot det å raudne. Du kan få hjelp til å takle det ved å prate med ein psykolog om du kjenner deg veldig hemma av raudninga. Du kan også prate med fastleden din om dette.

NHI har laga eit kurs der du kan lære korleis du kan handtere raudning.

Det kan bli betre

Om ein blir nervøs og spent rundt andre, er dette ofte knytt til at ein får negative tankar. Det å øve på å tenkje på ein måte som er meir til hjelp, kan få deg til å roe deg ned og få raudninga til å bli eit mindre problem.

Ein alternativ måte å tenke på kan vere: «Eg raudnar sikkert litt, men det er jo heilt normalt, og ikkje noko som skal få hindre meg». Les meir om korleis du kan utfordre negative tankar i artikkelen Kaos i hodet og følelser som koker.

Raudning og sjenanse henger ofte tett saman. Det å vere sjenert er òg ganske vanleg. Det kan du lese meir om i artikkelen Sjenert eller sosial angst.