Føraropplæringa for moped består av fire trinn du må gjennom. Opplæringa legg stor vekt på at du skal ha riktig framdrift i opplæringa, slik at du er godt førebudd til det neste trinnet.

 

1. Trafikalt grunnkurs

Du må ta trafikalt grunnkurs før du kan sette deg på ein moped. Dette kurset består av 17 timar teori, som skal gjere deg i stand til å ferdast i trafikken.

Kurset er det same for alle køyretøyklassar. Når du først har tatt det i samband med mopedlappen, treng du ikkje ta det på nytt om du skal ta førarkort på personbil. Kurset inneheld bl.a. mørkedemo og førstehjelp. Les meir om trinn 1 på vegvesen.no

2. Grunnleggande opplæring

På dette trinnet skal du bli kjend med mopeden og mopedkøyring, og lære å meistre mopeden reint køyreteknisk. Kor mange timar du skal bruke, er forskjellig får elev til elev. Gjennom øvingskøyring, privat eller hos trafikkskule, skal du på dette trinnet lære deg å:

  • gjere deg og mopeden klar for køyring
  • starte og stanse mopeden
  • gire og krypkøyre (kjøre sakte og halde balansen)
  • styre, akselerere og bremse
  • utføre ein sikkerheitskontroll

Før du startar på den praktiske opplæringa, må du ha tre timar obligatorisk teoretisk opplæring hos ein trafikkskule. Det skal gi deg ei grunnleggande forståing for kva køyring med moped inneber.

Mot slutten av trinn 2 skal du gjennomføre ei trinnvurdering. Du og læraren din skal saman vurdere om du er klar for å begynne på trinn 3. Les meir om trinn 2 på vegvesen.no

3. Trafikal del

På dette trinnet skal du lære å køyre meir eller mindre sjølvstendig i variert trafikk. Kor mange timar du skal bruke på dette trinnet er avhengig av kor mykje tid du treng for å få kontroll. Du skal no meistre å køyre tydeleg, sikkert og effektivt i variert trafikkmiljø, og i god samhandling med dei andre som er i trafikken.

Mot slutten av opplæringa på dette trinnet skal du gjennomføre eit obligatorisk sikkerheitskurs på 4 timar. Her skal du lære korleis du skal køyre saman med andre trafikanter slik at vi unngår ulykker.

Du og læraren din skal også mot slutten av dette trinnet saman vurdere om du har gode nok ferdigheiter til å begynne på trinn 4. Denne trinnvurderinga er også obligatorisk. Les meir om trinn 3 på vegvesen.no

4. Avsluttande opplæring

Nå nærmar du deg slutten av opplæringa. Da er det lurt å søke om førarkort. Det må vere gjort før du kan ta teoriprøva. Her kan du søke om førarkort.

På dette trinnet skal du blir så god at du kan køyre på ein ansvarleg måte og i god samhandling med andre trafikantar. Kor mange timar du skal bruke avhenger av behovet du har, men det er viktig at du øvingskøyrer mykje for å nå målet for trinnet, anten privat eller hos ein trafikkskule.

Du må også gjennomføre eit 4 timars obligatorisk sikkerheitskurs på veg. Her skal du skal blant anna øve på å:

  • køyre i tettbygd strøk og på landeveg
  • velje køyreruter som er sikre og til minst mogeleg ulempe for andre
  • reflektere rundt dine eigne erfaringar og sikker transport med moped

Les meir om trinn 4 på vegvesen.no

Teoriprøva

Teoriprøva tar du på ein trafikkstasjon. Dersom du ikkje har gjort det allereie, må du søke om førarkort før du kan ta teoriprøva. Når søknaden om førarkort er registrert, kan du bestille time til å ta teoriprøven på ein trafikkstasjon.

Ved oppmøte må du vise gyldig legitimasjon og betale teoriprøva. I eksamenslokalet svarer du på oppgåvene på ein pc, og du vil få resultatet med ein gong du har levert.

Teoriprøve er avsluttande prøve i klasse AM 146, så all obligatorisk opplæring må vere gjennomført og registrert før teoriprøva. Du kan sjekke dette på Di side.

  • arrow_drop_down_circle  Gjennomføring av opplæringa
    • Elevane kan bruke eigen tohjulsmoped under opplæringa, men mopeden må tilfredsstille køyretøytekniske krav.

    • Maks tre elevar per lærar under opplæring på veg.

    • I privat øving kan det beree vere ein elev per ledsager.

    • Lærar og ledsager må bruke MC under opplæring på veg.

    • Både elev, ledsager og lærar må vere iført refleksvest under opplæringa.

    • Kommunikasjonsutstyr skal nyttast både ved opplæringsinstitusjon og ved privat øving.

  • arrow_drop_down_circle  Tips

    • Hugs å ha på hjelm som er godkjend for moped.

    • Om du blir tatt mens du køyrer moped ulovleg, til dømes før du er 16 år eller utan mopedlappen, kan du få frå 6 månader utsetjing på mopedlappe etter du er fylt 16 år.

    • Det er ikkje lovleg å trimme mopeden.

    • Du har ikkje lov til å ha passasjer på moped.

    • Du kan øve på trafikkskilt mens du ventar. Se Statens vegvesens hjemmesider.